Frå 1. januar 2004 er det innført
ei generell kompensasjonsordning for meirverdiavgift i kommunesektoren.
Den generelle kompensasjonsordninga er heimla i lov. 12 desember
nr. 108 om kompensasjon av merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv.
Som det følgjer av omtala i St.meld. II (2006-2007)
Revidert nasjonalbudsjett 2007 vil Regjeringa ikkje føreslå større
endringar i kompensasjonsordninga. For å sørgje
for at ordninga fungerer mest mogleg smidig, vil ein fram
mot statsbudsjettet for 2008 likevel vurdere behovet for justere
føresegna om forelding av kompensasjonskrav og justering
av kompensert meirverdiavgift.
Etter departementet si vurdering er det òg ønskeleg å lette
arbeidspresset for mellom anna revisorane ved innleveringa av kompensasjonsoppgåve
for tredje periode (mai og juni). Dette krev berre ei mindre endring
av kompensasjonslova. Departementet føreslår derfor
at kompensasjonslova § 7 første ledd
vert gitt eit nytt andre punktum der det går fram at fristen for
innlevering av kompensasjonsoppgåve for tredje periode
er 20. august. Når fristen for innlevering av kompensasjonsoppgåva
for tredje periode vert forlenga, vert også fristen for
utbetaling av kompensasjon etter kompensasjonslova § 9
forlenga.
Departementet føreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. juli
2007.
Komiteen slutter seg til Regjeringens
forslag til endring i kompensasjonsloven § 7 første
ledd.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til at EFTAs overvåkingsorgan ESA har kommet til at kompensasjonsordningen av
merverdiavgift for kommuner, fylkeskommuner mv. er i strid med statsstøtteregelverket,
og at norske myndigheter i løpet av sommeren må informere
ESA om hvilke tiltak som iverksettes for å rette seg etter vedtaket.
I den forbindelse vil disse medlemmer vise til representantforslaget
fremmet i Dokument nr. 8:84 (2006-2007) om å utrede konsekvensene
av å la kommunenes virksomheter omfattes av det ordinære
merverdiavgiftsregelverket. Forslaget i Dokument nr. 8:84 (2006-2007)
er for øvrig en oppfølgning av tilsvarende forslag
fremmet i Innst. S. nr. 200 (2005-2006) Kommuneproposisjonen for
2007.