Innstilling frå justiskomiteen om lov om fritids- og småbåtar.
Dette dokument
- Innst. O. nr. 59 (1997-1998)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 51 (1997-98)
- Dato: 28.05.1998
- Utgiver: justiskomiteen
- Sidetall: 11
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 2. Bakgrunnen for lovforslaget
- 3. Gjeldande rett om bruk av rusmiddel til sjøs
- 4. Risiko ved promille på sjøen
- 5. Politiet sin kontroll med ferdselen på sjøen
- 6. Innføring av ei fast promillegrense for båtførarar
- 7. Merknader frå komiteen
- 8. Lovteknisk opprydding i lovreglar om fritids- og småbåtar
- 9. Merknader frå komiteen
- 10. Økonomiske og administrative konsekvensar
- 11. Etterkontroll
- 12. Forslag frå mindretal
- 13. Komiteen si tilråding
I proposisjonen føreslår Regjeringa m.a. ei fast promillegrense for førarar av visse småbåtar. Grensa vert føreslått sett til 0,5 promille, og skal gjelde for førarar av alle motorbåtar under 15 meter og seglbåtar mellom 4,5 og 15 meter. Det vert også føreslått innført ein generell dugleiksregel for førarar av småbåtar etter mønster av vegtrafikkloven § 21.
Det er etter kvart relativt mange lovreglar som spesielt rettar seg mot fritids- og småbåtar, og i proposisjonen vert det derfor føreslått ei lovteknisk opprydding i dette regelverket i ein ny lov om fritids- og småbåtar.
Spørsmålet om rus og bruk av fritidsbåtar har vore handsama i ulike samanhangar, m.a. i NOU 1978:32 Fritidsbåtflåten, i St.meld. nr. 83 (1980-1981) om fritidsbåtar og i St.meld. nr. 17 (1987-1988) om alkohol og folkehelse.
Straffelovrådet føreslår m.a. i NOU 1993:21 , Fast promillegrense på sjøen, at det vert innført ei promillegrense på 0,8 for førarar av alle båtar som kan oppnå ein fart på 10 knop eller meir, eller som er tyngre enn 1.000 kilo.
Utgreiinga har vore på høyring til ei rekkje instansar.
Den sentrale regelen om bruk av rusmiddel ved ferdsel til sjøs er i dag straffeloven § 422 andre ledd, som lyder slik:
« Fører av skip, maskinist, styrmann, stuert, telegrafist, skipselektriker eller los som forsettlig eller uaktsomt beruser seg under tjenesten eller når denne forestår, straffes med bøter eller med fengsel inntil 1 år. » |
Det finnest ein rik domstolspraksis om tolkinga av skipsomgrepet i straffeloven § 422 andre ledd. I løpet av dei siste 40 åra har ein sett ein tendens i retning av å rekne stadig mindre fartøy som « skip ». Det avgjerande er om fartøyet medfører ein slik risiko at det er naturleg å nytte straffeloven § 422 andre ledd. Føring av heilt små båtar vert likevel ikkje ramma av regelen. Domstolane har i praksis etablert ei « vegleiande promillegrense » på sjøen på 1,5.
Straffelovrådet gjer m.a. greie for ein oversikt over ulykker innanfor fritidsbåtflåten for tida 1975 til 1982. Den viser at talet på ulykker auka jamt gjennom heile perioden, og at alkohol var oppført som årsak til gjennomsnittleg ca 30 % av det totale talet på ulykker kvart år. Straffelovrådet oppsummerer sin analyse slik:
« Alkoholpåvirkning er en av de dominerende årsaker til drukninger. Undersøkelsen gir imidlertid få holdepunkter for å trekke slutninger om hvor mange ulykker som skyldes føring av båt i beruset tilstand. En fast promillegrense overfor båtførere vil derfor ikke nødvendigvis medføre noen vesentlig reduksjon i antall omkomne. Man må imidlertid legge til grunn at dersom føreren er edru, vil antall ulykker iallfall reduseres noe, og muligheten for å redde seg selv og eventuelle berusede passasjerer som faller overbord, vil øke. » |
Frå politikamra har Justisdepartementet henta inn opplysningar om dødsulykker i samband med bruk av fritids- og småbåtar på 1990-talet. Det går m.a. fram at mellom ein tredel og halvparten av dei omkomne var påverka av alkohol, og at dei fleste dødsulykkene skjer i samband med bruk av motorbåt. Av ei anna undersøking, basert på tal frå 1973, 1983 og 1993, går det fram at talet på drukna frå liten båt har gått ned gjennom heile perioden. Prosentdelen av dei drukna som var særs rusa eller moderat påverka, har likevel gått opp.
Det er ikkje grunnlag for å fastslå sikkert at ei fast promillegrense for båtførarar vil føre til vesentlege reduksjonar i talet på omkomne, men også Justisdepartementet legg til grunn at dersom føraren er edru, vil talet på ulykker iallfall reduserast noko, og sjansen for å redde seg sjølv og eventuelle rusa passasjerar som fell over bord, vil auke.
Bør det innførast ei fast promillegrense?
Straffelovrådet slår fast at det er eit klårt behov for promillereglar på sjøen for å sikre at førarar av båtar med eit stort skadepotensial er skikka til å meistre situasjonar som er tilnærma like komplekse og farlege som i vegtrafikken. Rådet føreslår at det vert innført ei fast promillegrense til sjøs.
Eit overveldande fleirtal av høyringsinstansane sluttar seg til dette. Fleire meiner ei promillegrense vil auke tryggleiken til sjøs, og ha ein haldningsskapande effekt. Nokre høyringsinstansar legg særleg vekt på at ei fast promillegrense vil vere enklare å handheve enn dagens reglar.
Berre fire høyringsinstansar går klårt imot forslaget. Det vert uttalt at omfanget av problemet er « meget beskjedent », og at gjeldande rett verkar tilfredsstillande.
Departementet er einig med Straffelovrådet og fleirtalet av høyringsinstansane i at dagens ordning ikkje er tilfredsstillande. Ordninga er i mange situasjonar vanskeleg å handheve, og skapar dessutan ein usikker rettstilstand. Det er generelt vanskeleg å akseptere at føraren av t.d. ein hurtiggåande fritidsbåt i prinsippet skal kunne ha ein så høg promille som rundt 1,5.
Justisdepartementet meiner at innføring av ei lågare fast promillegrense til sjøs vil bidra til å auke tryggleiken til sjøs. Ei fast promillegrense vil og ha rettstekniske føremoner, og ein positiv haldningsskapande effekt. På denne bakgrunn føreslår Justisdepartementet at det vert innført ei fast promillegrense til sjøs, jf. lovutkastet § 33.
Kva for fartøy skal reguleringa omfatte?
Når det gjeld passasjerfrakt, meiner Straffelovrådet at reglane gitt i eller i medhald av pliktfråhaldsloven verkar tilfredsstillande. Rådet tilrår derfor ikkje noko endring for passasjerbåtar, men foreslår at det vert innført ei fast promillegrense for førarar m.m. av alle fartøy som ved motorkraft kan oppnå ein toppfart på 10 knop eller meir og/eller er tyngre enn eitt tonn.
Høyringsinstansane har ulike syn på denne avgrensinga.
Departementet uttaler m.a. at det innafor det meste av den offentlegrettslege sjøretten er vanleg å ha ulike reglar for små og store fartøy, og meiner at ein bør ha ulike promillereglar for store og små fartøy. I denne omgang vert det berre lagt fram forslag om promillereglar for små fartøy. Det vil bli arbeidd vidare med spørsmålet om å foreslå nye promillereglar for store fartøy.
Justisdepartementet føreslår at grensa i første rekkje vert knytt til båtlengde, og trekt ved ei største lengde på 15 meter (som tilsvarar litt under 50 fot). Det finnest ein del nærings- og passasjerfartøy under denne grensa. For slike fartøy må reglar om pliktfråhald vurderast særskilt.
For båtar som har motor som framdriftsmiddel, er det inga nedre grense. Når det gjeld seglbåtar skal promillereglane berre gjelde for seglbåtar over 4,5 meter (som tilsvarar noko under 15 fot). Grensene blir dermed dei same som for plikten til å registrere båtar i fritids- og småbåtregisteret.
Kven bør reglane gjelde for?
Straffelovrådet føreslår at kravet til å vere edru først og fremst skal gjelde for den som « fører eller forsøker å føre » skip eller båt. Rådet føreslår dessutan ein ikkje-uttømande opprekning over andre personar med ei slik tilknyting til framdrifta av skipet at dei bør vere omfatta av edruskapskravet. Men denne opprekninga har liten interesse for små fartøy.
Forslaget er blitt kritisert fordi det ofte kan vere uklårt kven som er « førar » av ein båt.
Justisdepartementet er einig i at det ikkje alltid vil vere heilt klårt kven som er « båtførar », særleg i fritidsbåtar. Kven som skal sjåast som båtførar bør framleis avgjerast etter ei konkret vurdering av tilhøva omkring båtturen. Den som har kommandoen om bord, vil ofte få hjelp av andre. Dersom innsatsen har eit slikt omfang at den får vesentleg verknad for tryggleiken om bord, bør vedkomande reknast som båtførar, enten aleine eller saman med den som har kommandoen.
Vegtrafikkloven § 17 andre ledd har ein særleg regel om medverknad som rammar den som eig eller rår over ei motorvogn og som lar ein annan bruke den under alkoholpåverknad. Nokre høyringsinstansar etterlyser ein slik regel også til sjøs. Justisdepartementet følgjer opp dette i forslaget til § 35.
Verkeområde for promillereglane
Straffelovrådet gjekk inn for at promillereglane skulle ha « det virkeområde som følger av straffeloven § 12 ». Av straffeloven § 12 følgjer det m.a. at norsk straffelovgjeving skal nyttast på handlingar som er gjorde « i riket », på norsk fartøy « hvor det enn befinner seg », og på handlingar gjorde « i utlandet av norsk statsborger eller noen i Norge hjemmehørende person » dersom handlinga er straffbar « også etter det lands lov i hvilket den er foretatt ».
Departementet uttaler at promillereglane bør gjelde så vel i ferskvatn som i sjøen, og for ferdsel i farvatnet ved Svalbard. Justisdepartementet meiner at reglane ikkje bør gjelde utanfor Norges territorialgrense, dvs. i ope farvatn eller innafor andre lands territorialgrense.
Promillegrensa
Straffelovrådet føreslår ei promillegrense på 0,8. I vegtrafikkloven er grensa 0,5 promille.
Ei rekkje høyringsinstansar meiner at ei grense på 0,8 promille er for høg. Fleire peikar m.a. på at det ut frå pedagogiske omsyn er uheldig å ha ulike grenser til vanns og til lands. Eit fleirtal av dei høyringsinstansane som uttaler seg om spørsmålet, går likevel inn for at promillegrensa til sjøs vert sett høgare enn i vegtrafikken. Nokre grunngjev dette med at denne grensa er i samsvar med tilrådinga frå FNs sjøfartsorganisasjon IMO. Ein peiker også på at det ikkje er påvist noko behov for ei skjerping.
Justisdepartementet går inn for at grensa vert sett til 0,5 promille.
Etterfølgjande alkoholbruk
Straffelovrådet føreslår at ein etter mønster av vegtrafikkloven § 22 andre ledd også gjer etterfølgjande alkoholbruk straffbart, for å avhjelpe dei bevismessige problema som kan oppstå der den sikta påstår at han har drukke etter føringa av båten.
Justisdepartementet er einig med Straffelovrådet i at det er behov for ein regel om etterfølgjande alkoholbruk, også for fritidsbåtar, jf. lovutkastet § 33 tredje ledd.
Nødrett
Straffeloven § 47 inneheld dei alminnelege reglane om når ei handling er straffri som følgje av nødrett. I praksis er regelen blitt tolka strengt. Etter Justisdepartementet si oppfatning ville det verke urimeleg dersom ein skal leggje ein like streng praksis til grunn ved promilleføring av småbåtar som ved promillekjøring av motorvogn. Det vert m.a. også vist til dei vide hjelpepliktreglane på sjøen i straffeloven § 314 og § 387. Justisdepartementet føreslår på denne bakgrunn at føring av småbåt i påverka tilstand skal kunne vere straffri dersom den skjer for å redde person eller gods frå « alvorlig » fare, sjå forslaget til § 34.
Generell dugleiksregel
Vegtrafikkloven § 21 første ledd lyder:
« Ingen må føre eller forsøke å føre kjøretøy når han er i en slik tilstand at han ikke kan anses skikket til å kjøre på trygg måte, hva enten dette har sin årsak i at han er påvirket av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel, eller i at han er syk, svekket, sliten eller trett, eller skyldes andre omstendigheter. » |
Justisdepartementet meiner at det vil vere på sin plass å innføre ein tilsvarande regel for føring av småbåtar, jf. forslaget til § 32.
Handheving
Straffelovrådet tilrår at ein skal søkje å gjennomføre fast promillegrense på sjøen gjennom intensivert kontroll i staden for gjennom særskilt strenge straffar.
Eit par høyringsinstansar er kritiske til ein intensivert kontroll på sjøen, fordi dette vil bli for ressurskrevjande. Andre er opptekne av at ei fast promillegrense må følgjast opp med intensivert kontroll.
Justisdepartementet er einig i at innføringa av ei fast promillegrense må følgjast opp av tiltak som sikrar at politiet kan handheve den, men legg til grunn at det ikkje blir nødvendig med ei vesentleg utbyggjing av politiet si båtteneste.
Straffelovrådet uttaler at det ikkje skulle vere problematisk å tildele Kystvakta politimakt for å sikre at ei eventuell fast promillegrense vert halden. Nokre høyringsinstansar tek uttrykkeleg avstand frå dette. Justisdepartementet går inn for at Kystvakta ikkje bør nyttast til å handheve den faste promillegrensa.
Straffereaksjonane
Straffelovrådet føreslår at brot på regelen om promillegrense til sjøs skal kunne straffast med bøter eller fengsel inntil eitt år. Dette er same strafferamme som for brot på straffeloven § 422 andre ledd (rusa føring m.m. av skip) og vegtrafikkloven § 22, jf. § 31 første ledd (promillereglane). Vegtrafikkloven § 31 har i andre ledd vegleiande reglar om nyansert utmåling av straff for brot på promillereglane. Straffelovrådet rår ikkje til å innføre slike reglar for brot på promillegrensa på sjøen. Straffelovrådet går vidare inn for at det framleis skal vere mogleg å idømme promilleførarar tap av retten til å føre nærare fastsette båtar.
Rusmiddeldirektoratet meiner at ein bør få ei nærare regulering av strafferamma for brot på promillegrensa, og går inn for at det også bør kunne idømmast rettstap og gjennomføring av promilleprogram.
Justisdepartementet er einig med Straffelovrådet i at ein bør nytte same strafferamme som i vegtrafikkloven. Departementet foreslår ikkje detaljerte utmålingsreglar etter mønster av vegtrafikkloven § 31 andre ledd. Justisdepartementet meiner vidare som Straffelovrådet at bøtestraffa normalt bør liggje på eit relativt høgt nivå. Bøtestraff bør vere den alminnelege reaksjonen for brot på reglane om promillegrense. Fengselsstraff bør i utgangspunktet berre idømmast ved meir graverande brot.
Justisdepartementet er einig i at det bør vere mogleg å idømme tap av retten til å føre nærare fastsette båtar som straff for promilleføring. I grove tilfelle meiner departementet at det vil vere aktuelt å inndra båten.
Når ein har vunne meir erfaring med bruk av promilleprogram, bør det vurderast å utvide denne ordninga til også å gjelde brot på promillereglane i fritids- og småbåtloven.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Morten Olsen og Jan Petter Rasmussen, frå Framstegspartiet, Jan Simonsen og Jørn L Stang, frå Kristeleg Folkeparti, Finn Kristian Marthinsen og Åse Wisløff Nilssen, frå Høgre, leiaren Kristin Krohn Devold og Magnhild Olrud, og frå Senterpartiet, Tor Nymo, er opptatt av at ved bruk av fritids- og småbåt bør ein ha eit regelverk som gjev folk tryggleik til å nyte både båt- og friluftslivet til sjøs.
Komiteen er også opptatt av at regelverket er lett tilgjengeleg og oversiktleg. Lova bør vere eintydig og slik gje dei signal som er viktig for å styrke tryggleiken til sjøs. Med eit stadig veksande tal på fritidsbåtar er det viktig å sikre tryggleiken for alle som brukar sjøen til oppleving og rekreasjon.
Komiteen er difor samd i at det er viktig å samordne alle lovreglar i ei ny lov om fritids- og småbåtar.
Komiteen syner til at spørsmålet om rus og bruk av fritids- og småbåtar har vore handsama i ulike samanhengar i Stortinget, og Justisdepartementet ga Straffelovrådet i oppdrag å greie ut spørsmålet om å innføre ei promillegrense for ferdsel på sjøen. Straffelovrådet la fram sitt forslag i NOU 1993:21 , som føreslår ei fast promillegrense på sjøen på 0,8. Komiteen har merka seg at regjeringa Bondevik har tilrådd at grensa for promille vert sett til 0,5.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, har òg merka seg at eit overveldande fleirtal av høyringsinstansane sluttar seg til at det vert innført ei fast promillegrense, og eit klårt fleirtal vil ha ei promillegrense på 0,8. Dette er også i samsvar med tilråding frå FNs sjøfartsorganisasjon IMO.
Fleirtalet sluttar seg til at det vert innført ei promillegrense, og at promillegrensa vert gjort gjeldande for alle :
- | Båtar opp til 15 meter som har framdrift med motor. |
- | Seglbåtar frå 4,5 meter til 15 meter og |
- | Vannscooter. |
Fleirtalet sluttar seg til at grensa opp mot fartøy som ikkje skal omfattast av dei nye promillereglane i denne omgang vert trekt ved ei største lengde på 15 meter (som tilsvarar litt under 50 fot), då desse som regel er pliktige til å registrere seg i skipsregisteret NOR, jf. sjølova av 24. juni 1994 nr. 39 § 11 andre ledd. I dei tilfella at båtar over 50 fot ikkje vert registerte fordi dei ikkje vert nytta i næring eller fører under 12 personar, skal promillegrensa etter fleirtalet si meining også gjelde desse. Fleirtalet ber derfor departementet så snart som mogleg kome attende til Stortinget med eit lovframlegg der også båtar som nemnd vert underlagde promillereglane.
Fleirtalet syner til at båtar over 15 meter som er registrerte i skipsregisteret er underlagde kravet om pliktfråhald. Likefullt er fleirtalet einig med Justisdepartementet om at det er grunn til å ha ein gjennomgang og ei vurdering av om det bør føreslåast endra promillereglar for større fartøy. Fleirtalet vil her få peike på at det bør vere ein likheit i fastsetjing av promillegrense i forhold til ansvaret med føring av store og små fartøy. Det kan også vere viktig å få vurdert kravet til fråhald i høve til tryggleiken til sjøs ved t.d. passasjertrafikk og eksplosiv og miljøfarleg last. Fleirtalet ventar at dette arbeidet vert prioritert.
Fleirtalet er samd i at promillegrensa skal gjelde for føraren av fritids- og småbåten. Fleirtalet har merka seg at den som gjer ein innsats om bord som er av eit slikt omfang at den får vesentleg verknad for tryggleiken, òg kan reknast som « førar » av båten.
Fleirtalet er samd i at når det gjeld strafferamma for førarar av fritids- og småbåt i rusa tilstand bør ein nytte same ramme som i vegtrafikklova § 31. Straffa bør utmålast konkret i lys av omstenda omkring promilleføringa, og fleirtalet vil peike på at bøtestraff bør vere den alminnelege reaksjonen for brot på reglane om promillegrense. Fengselsstraff bør i utgangspunktet berre idømmast ved meir graverande brot. Det bør leggjast vekt på moment som båtens størrelse og fart, værtilhøve og det øvrige trafikkbildet og omfanget av alkoholpåverknad.
Fleirtalet vil peike på at etterfølgjande alkoholnyting følgjer vanleg mønster av vegtrafikklova § 22 andre ledd i samband med bevisførsel når ein har mistanke om at noko straffbart kan ha skjedd, jf § 33 tredje ledd i lovutkastet.
Fleirtalet vil elles peike på at det bør med jamne mellomrom gjennomførast haldningsskapande aksjonar for å påverke dei som nyttar sjøen både som næringsveg og til fritidsaktivitet.
Fleirtalet finn regelen om nødrett i den nye loven § 34 tilstrekkeleg for å kunne ta vare på muligheitene til å redde personar eller gods frå drukning og skade, og/eller forlis. Fleirtalet vil her understreke at nødrettparagrafen vil gje høve til å ta vare på enkeltmenneske og dei materielle verdiar som kan vere i fare med å gå tapt.
Fleirtalet er samd med Justisdepartementet om at politiet bør følgje opp med kontroll i aktuelle tidsrom og spesielle område. Fleirtalet ventar at denne kontrollen kan gjennomførast med same framgangsmåte som på land og med den vesentlege utbygginga av politiets båtteneste som har skjedd i dei seinare åra, og som også bør fortsette for å kunne få betre geografisk dekning.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet vil med bakgrunn i høyringsuttalene tilrå at grensa for promille ved føring av fritids- og småbåt til sjøs vert sett til 0,8.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil ikke støtte innføringen av en absolutt promillegrense til sjøs.
Disse medlemmer mener at det bør være straffbart å opptre uaktsomt gjennom beruselse når man fører småbåt. Dette er allerede dekket i straffeloven § 422 andre ledd. Disse medlemmer vil understreke at man ikke kan sammenligne forholdene ved trafikk på landeveien og på sjøen. Disse medlemmer viser til at flere av landets politimestre mener at dagens hjemmel er tilstrekkelig for å ta de som kjører uvettig i beruset tilstand (Aftenposten 18. mai 1998). Dette synet støttes også av de store båtbrukerorganisasjonene som Kongelig Norsk Motorbåtforbund og Kongelig Norsk Seilforening, og dette er organisasjoner som er svært opptatt av sikkerhet på sjøen.
Disse medlemmer viser til at fritidsbåter i stor grad brukes til rekreasjon, hvor det å kunne nyte noe alkohol til god mat bør være en mulighet for de som ønsker det. En generell skikkethetsregel sammen med de eksisterende hjemler er tilstrekkelig til å fange opp de tilfellene man har av uvettig båtføring i kombinasjon med alkohol.
Disse medlemmer vil understreke at ulykkesstatistikken ikke gir grunnlag for å si at en promillegrense vil føre til en nedgang. I proposisjonen side 11 står det:
« Heller ikke de nye statistiske opplysningene gir klare holdepunkter for å trekke slutninger om hvor mange ulykker som skyldes føring av båt i beruset tilstand. Det er ikke grunnlag for å fastslå med sikkerhet at en fast promillegrense for båtførere vil føre til vesentlige reduksjoner i antall omkomne. » |
Disse medlemmer peker også på at politiet uttaler at de ikke har kapasitet til å drive kontroll og håndhevelse av en slik promillegrense. Dette blir da en symbolbestemmelse som bare bidrar til å undergrave folks holdning og respekt for lovverket. Disse medlemmer mener ressursene i politiet må settes inn på viktigere områder enn å kontrollere båtfolkets alkoholvaner.
Disse medlemmer vil etter dette stemme imot § 33 første og andre ledd, og fremmer et alternativt forslag til § 36 første og andre ledd.
Disse medlemmer viser videre til at det under bruk av småbåter ofte oppstår situasjoner hvor det er behov for at en båt hjelper en annen. I slike situasjoner er det viktig at ikke en promillegrense blir til hinder for at nødstilte kan få nødvendig hjelp, for eksempel ved havsnød eller motorstopp. Videre er det viktig å beholde dagens tradisjon med utstrakt hjelpsomhet båtfolket imellom når noen har problemer med innseiling/utseiling, fortøyning m.v. Dette gir viktig trygghet på sjøen og forhindrer mindre ulykker og skader på fartøy, uten at situasjonen nødvendigvis kan karakteriseres som havsnød eller alvorlig nød.
Disse medlemmer forutsetter at gjeldende praksis for hjelpsomhet på sjøen kan videreføres og tolkes inn under nødrettsbegrepet. Det må være den enkelte båtførers vurdering av situasjonen som er avgjørende, og det må ikke utvikles en praksis hvor folk med lav promille unnlater å gi ønsket hjelp.
Etter disse medlemmers oppfatning er det derfor viktig å sikre en lempelig unntakshjemmel fra alkoholbestemmelsene. Disse medlemmer viser til proposisjonens forslag om nødrett § 34 hvor det står at unntaket gjelder:
« ... når omstendighetene berettiget båtføreren til å anse faren som særdeles betydelig i forhold til den faren som båtføringen ville medføre. » |
Disse medlemmer mener begrepet særdeles betydelig er for strengt til å sikre at det blir gitt hjelp i de situasjoner som er nødvendig. Disse medlemmer foreslår derfor at ordet særdeles fjernes i § 34, og at uttrykket alvorlig fare endres til fare.
Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet støtter Regjeringens forslag om innføring av en promillegrense for båtførere, og at denne settes til 0,5. En promillegrense på 0,5 gir en klar melding om at båtføring og alkohol/rus ikke hører sammen. Disse medlemmer fremmer forslag til § 33 annet ledd i samsvar med dette.
Det er etter kvart blitt nokså mange lovreglar som spesielt rettar seg mot fritids- og småbåtar, eller som iallfall er viktige for slike båtar.
Reglar om registrering og merking av småbåtar er gjevne i lov om registrering og merking av småfartøy og i lov om registrering av fritids- og småbåtar. Fartsreglar for fritids- og småbåtar finnest m.a. i sjøloven og havneloven. Lov om trygg bruk av fritidsfartøy gjev heimel for å påby flyteutstyr om bord på fritidsfartøy. I medhald av sertifiseringsloven er det m.a. fastsett føresegn om minstealder for førar av visse maskindrevne fartøy. Føresegner om konstruksjon og utrusting av fritidsbåtar er m.a. gjeve med heimel i sjødyktighetsloven og produktkontrolloven. Reglar om fritidsbåtavgift finnest i lov om avgifter vedrørande motorkjøretøy og båtar. Det finnest også ei rekkje andre reglar i m.a. straffeloven som har verknad for fritids- og småbåtar.
I ein ny lov om fritids- og småbåtar er det etter Justisdepartementet si oppfatning nærliggjande å inkorporere iallfall dei reglane som i dag finnest i lov om registrering av fritids- og småbåtar og lov om trygg bruk av fritidsfartøy. Vidare kan det vere grunn til å ta med nokre reglar i sjødyktighetsloven som har stor praktisk verknad for fritids- og småbåtar. Det bør også takast med ein regel som gjev heimel for å gje føresegner om krav til minstealder og kvalifikasjonar til førarar av småbåtar, forutan dei foreslåtte promillereglane.
Det dreier seg i denne omgang først og fremst om ei samling av ei lang rekkje ulike reglar, der det ikkje er meininga å gjere vesentlege materielle endringar. Ein tek derfor ikkje nå sikte på ei gjennomført innhaldsmessig samordning av reglane. Justisdepartementet foreslår likevel ei viss språkleg og lovteknisk samordning.
Komiteen er samd i at det er for mange lover i dag som regulerer bruk av fritids- og småbåtar. Det er difor viktig for oversikta at det i ei ny lov om fritids- og småbåtar vert inkorporert dei lovreglane som har betydning for denne gruppa båtar. Komiteen har ingen merknad til at det vert teke med ein heimel som kan gje føresegner om krav til minstealder og kvalifikasjonar til førarane av småbåtar. Men komiteen forutset at Stortinget på ein høveleg måte blir orientert om omfanget av generell opplæring og får ta stilling til spørsmål om krav til alder og båtførarbevis til større fritidsbåtar, jf § 31.
Komiteen ser det som viktig at det blir innført ei obligatorisk ansvarsforsikring for fritids- og småbåtar og at det vil vere naturleg å ta det med i ein ny lov.
Komiteen vil elles peike på at når det gjeld fartsregulering, bør dette ansvaret tilleggjast kommunale myndigheiter, då nærleik til geografi og andre lokale tilhøve vil vere viktig ved fastsetjing av fartsgrenser.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet syner til Innst.O.nr.40 (1993-1994) som låg til grunn for vedtaket om å opprette eit nytt småbåtregister. Reglane i den nye småbåtloven er ei rein vidareføring av dei reglane som då vart vedteke, og fleirtalet syner til sine merknader i den nemnde instilllinga.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil gå mot kap. 2 om småbåtregister. Disse medlemmer viser til Innst.O.nr.40 (1993-1994) hvor Fremskrittspartiet og Høyre stemte imot innføringen av et sentralt småbåtregister. Disse medlemmer viser til at fritidsbåter er et av få områder der skatte- og avgiftsnivået ikke er særlig høyt i Norge, og har som mål at det heller ikke skal innføres nye skatter og avgifter på dette området. Disse medlemmer ser med bekymring på at dette registeret lett kan anvendes for skape grunnlag for innkrevning av båtavgifter. Da dette registeret skal være selvfinansierende vil trolig avgiften på registrering i alle fall bli langt høyere enn de antydede 200-250 kroner.
Disse medlemmer viser til den forskrift som er vedtatt om detaljeringsgraden i registreringene som skal foretas, for eksempel skal det registreres båtens produksjonsår, skrogfarge, anskaffelsesmåte, båtens lengde, navn, motor, fasthavn, drivstofftype, motorens produksjonsår, skrognummer m.m. Videre skal det leveres melding til registeret dersom det gjøres endringer, f.eks. at båten males om eller bytter motor. Alle båter som har motor skal registreres, det vil si at joller/hjelpebåter med egen motor skal registreres, eller dersom du setter en motor på en gummibåt skal den registreres.
Disse medlemmer mener at dette registeret er et typisk eksempel på unødvendig oppbygging av byråkrati og sløsing med ressurser. For mange gamle båter vil det være vanskelig å skaffe alle opplysningene og registreringssystemet legger en stor arbeidsbyrde på den enkelte båteier. Disse medlemmer vil derfor foreslå å gjeninnføre det gamle systemet med registreringer hos det enkelte politikammer, men da gjerne med et EDB-basert system.
Disse medlemmer ønsker gjeninnført systemet med et politiregister for å sikre politiets- og tollmyndighetens arbeid i forbindelse med etterforskning av straffbare forhold. Disse medlemmer vil etter dette stemme imot kap. 2 i lovforslaget og imot opphevelse av lov av 3. desember 1948 nr. 3 om registrering og merking av småfartøyer, jf § 40 nr. 1.
Disse medlemmer forutsetter at departementet foretar en gjennomgang og forenkling /revidering av forskriftene til denne loven, for å gjøre lovverket minst mulig byråkratisk for båtfolket.
Disse medlemmer viser for øvrig til Stortingets behandling av påbud om obligatorisk flyteutstyr i småbåt, jf Innst.O.nr.38 (1994-1995), der disse medlemmer gikk imot bestemmelsene med den begrunnelse at dette handler om personlig ansvar og bør ikke detaljreguleres i lovs form. Disse medlemmer vil etter dette stemme imot § 23 i lovutkastet.
Det er særleg handhevinga av den foreslåtte promillegrensa som vil kunne medføre økonomiske og administrative konsekvensar. Om det er nødvendig å auke løyvinga til politiet si sjøteneste, er likevel avhengig av kor mykje ein vil satse på at promillegrensa vert etterlevd. Innføring av ei fast promillegrense gjer derfor ikkje i seg sjølv at det er nødvendig å styrke båttenesta, men det vil bli nødvendig å kjøpe inn tilstrekkeleg mange alkometre. Innkjøp av desse vil kome på ca 200.000 kroner.
For det året ei fast promillegrense til sjøs vert innført, vil det bli vurdert å tilføre dei aktuelle politikamra ein viss sum som skal øyremerkast promillekontrollar til sjøs. Ved å gjennomføre ekstra mange kontrollar det første året, vil politiet vise publikum at grensa faktisk vert handheva.
Til tross for at konklusjonane må bli nokså usikre, legg departementet opp til at det bør skje ein enkel etterkontroll av promillereglane nokre år etter at reglane er sette i kraft, ved ei undersøking av ulykkesstatistikken og resultata av politiet sine promillekontrollar.
Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:
Forslag 1
I lov om fritids- og småbåter skal følgende bestemmelser lyde:
§ 34.
Bestemmelsene i § 31 og § 32 gjelder ikke for den som fører eller forsøker å føre en småbåt for å redde noens person eller gods fra fare, når omstendighetene berettiget båtføreren til å anse denne faren som betydelig i forhold til den faren som båtføringen ville medføre.
§ 36 første og andre ledd
Politiet kan ta utåndingsprøve av en båtfører når:
1. | det er grunn til å tro at båtføreren har overtrådt bestemmelsene i straffeloven § 422 annet ledd, |
2. | båtføreren med eller uten egen skyld er innblandet i en ulykke, eller |
3. | båtføreren er blitt stanset som ledd i kontroll av båttrafikken. |
Politiet kan fremstille båtføreren til undersøkelse for å søke å fastslå påvirkningen dersom resultatet av utåndingsprøven eller andre forhold gir grunn til å tro at båtføreren har overtrådt bestemmelsene i straffeloven § 422 annet ledd. Slik fremstilling skal i alminnelighet finne sted når føreren nekter å medvirke til utåndingsprøve.
Forslag frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet:
Forslag 2
I lov om fritids- og småbåter skal § 33 annet ledd, første punktum nr. 1 og nr. 2 lyde:
1. | har en alkoholkonsentrasjon i blodet som er større enn 0,5 promille eller en alkoholmengde i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller |
2. | har en større alkoholkonsentrasjon i utåndingsluft enn 0,25 milligram pr. liter luft. |
Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande
KAPITTEL 1. INNLEDENDE BESTEMMELSER
§ 1. Definisjoner
I loven her menes med:
1. | småbåt, enhver flytende innretning som er beregnet på og i stand til å bevege seg på vann, og som har en største lengde på inntil 15 meter; |
2. | fritidsbåt, enhver flytende innretning som er beregnet på og i stand til å bevege seg på vann, og som brukes utenfor næringsvirksomhet. |
KAPITTEL 2. REGISTRERING AV SMÅBÅTER
§ 2. Kapitlets virkeområde
Kapitlet her gjelder for småbåter. Kongen kan i forskrift bestemme at kapitlet også skal gjelde for båter som har en største lengde på 15 meter eller mer.
Kapitlet gjelder for båter som har fast havn her i landet eller som brukes i norsk kystfarvann, innsjø eller vassdrag.
Kapitlet gjelder ikke for båter som er registreringspliktige etter andre lover.
Kongen bestemmer om, og i hvilken utstrekning, kapitlet skal gis anvendelse på Svalbard og Jan Mayen.
§ 3. Det sentrale småbåtregisteret
Det skal føres et sentralt register over småbåter (småbåtregisteret). Småbåtregisteret er felles for hele landet, og skal føres av en registreringsmyndighet som Kongen utpeker.
Kongen gir nærmere forskrift om registerets organisasjon og om føring av registeret.
§ 4. Bruk av registeret
Småbåtregisteret kan bare nyttes til:
1. | trafikksikkerhetsformål til sjøs, |
2. | forskning og samfunnsplanlegging, |
3. | ivaretakelse av miljøvernhensyn, |
4. | beredskapsformål, |
5. | innkreving av skatt, avgifter, toll og gebyrer i tilknytning til båter og båtmotorer, |
6. | forsikringsformål, |
7. | politietterforskning, |
8. | forbruksundersøkelser, og |
9. | informasjon. |
Registeret skal ikke benyttes eller utleveres til kommersielle formål.
§ 5. Registreringspliktige småbåter
Småbåter som har fast havn her i riket eller som brukes i norsk kystfarvann, innsjø eller vassdrag av person med fast oppholdssted her i riket, og som har
1. | motor som fremdriftsmiddel, eller |
2. | seil som fremdriftsmiddel og en største lengde på 4,5 meter eller mer, skal registreres i småbåtregisteret. |
Kongen kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om:
1. | når en båt skal anses å ha fast havn her i riket, |
2. | når en person skal anses å ha fast oppholdssted i riket, og |
3. | at registreringsplikten etter første ledd likevel ikke skal gjelde for visse typer båter. |
§ 6. Når registreringsplikten oppstår
Registreringsplikten oppstår ved sjøsettingen. For båt som ikke har hatt motor, oppstår registreringsplikten først ved påsetting av motor. For båt som innføres til landet på egen kjøl, oppstår registreringsplikten ved innførselen.
Båten skal være registrert etter reglene i loven her selv om den ikke er i bruk, hvis ikke den pliktes registrert etter andre lover.
Kongen kan gi forskrift om at registreringsplikten skal oppstå på et annet tidspunkt enn nevnt i første ledd.
§ 7. Båteierens ansvar
Eieren av båten plikter å sørge for at den blir registrert i henhold til loven her.
Ved overdragelse av båten skal både selgeren og kjøperen sende melding om overdragelsen til småbåtregisteret. Kongen kan i forskrift bestemme at det samme skal gjelde ved andre former for eierskifte.
§ 8. Båtkort og kjennemerke
Registreringsmyndigheten skal utstede båtkort og tildele kjennemerke for båter som er registrert i småbåtregisteret. Båtkortet skal til enhver tid medbringes i båten under bruk. Kjennemerket skal anbringes iøynefallende og tydelig på hver side av båtens forskip.
Kongen kan gi nærmere forskrift om merkingen og om båtkortets gyldighet og utforming. I forskriften kan det gjøres unntak fra kravet om at kjennemerket skal anbringes på hver side av båtens forskip.
§ 9. Gebyr m.m.
Kongen kan gi forskrift om betaling:
1. | av gebyr for førstegangsregistrering av småbåter, |
2. | av gebyr for omregistrering av småbåter, |
3. | for oppslag, utskriving og andre tjenester knyttet til registeret. |
Den registreringspliktige etter § 7 første ledd skal betale gebyr for førstegangsregistrering. Dersom båten eies av flere personer i fellesskap, hefter disse solidarisk.
Krav på betaling av gebyr m.m. etter bestemmelsen her er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 10. Opplysninger i registeret
I småbåtregisteret kan det føres opplysninger om eieren (herunder fødselsnummer), båt og motor. Kongen kan i forskrift bestemme at også andre opplysninger, som f.eks. opplysninger om båtens verdi og opplysninger av forsikringsmessig art, skal kunne føres i registeret.
§ 11. Innsamling av opplysninger
Registreringsmyndigheten kan kreve opplysninger som nevnt i § 10 fra:
1. | politiet, |
2. | skatte- og avgiftsmyndighetene, |
3. | Fiskeridirektoratet, |
4. | skipsregisteret (NOR), |
5. | det sentrale personregisteret, |
6. | båteiere, |
7. | båtorganisasjoner, og |
8. | importører, tilvirkere og forhandlere av båter og båtmotorer. |
Forsikringsselskaper plikter etter krav fra registreringsmyndigheten å gi opplysninger om forsikrede båter, eierforhold (forsikringstaker) og annet av betydning for registrering i småbåtregisteret, herunder generell overføring av opplysninger uten angivelse av navngitt båt, eier m.m.
Registreringsmyndigheten kan bestemme at opplysningene skal overføres elektronisk der dette er mulig.
§ 12. Utlevering av opplysninger
Enkeltvis utlevering av personopplysninger kan skje i henhold til offentlighetsloven.
Kongen kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om omfanget av og innholdet i opplysninger som utgis.
§ 13. Samkjøring
Etter samtykke fra Datatilsynet kan overføring av opplysninger mellom småbåtregisteret og registre som føres av myndighetene nevnt i § 11 første ledd nr 1 til 3 eller registrene nevnt i § 11 første ledd nr. 4 og 5, skje ved kobling (samkjøring). Samkjøring kan ellers bare skje når dette følger av annen lov eller av vedtak etter lov av 9. juni 1978 nr 48 om personregistre m.m.
§ 14. Innsynsrett
Innsynsrett etter personregisterloven § 7 gjelder for småbåtregisteret.
§ 15. Retting, ajourføring m.m.
Kongen kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om:
1. | retting av opplysninger i registeret, |
2. | ajourføring av registeret, |
3. | sletting eller ikke-bruk av opplysninger etter en viss tid, og |
4. | overføring av opplysninger i registeret til arkivverket. |
§ 16. Registreringsmyndighetens ansvar
Registreringsmyndigheten nevnt i § 3 skal sørge for at bestemmelser gitt i eller i medhold av §§ 10 til 15 i loven her og personregisterloven blir fulgt.
§ 17. Kontroll m.m.
Kongen kan gi nærmere forskrift om kontroll av at bestemmelser gitt i eller i medhold av loven her blir overholdt. I forskriften kan det bl.a. bestemmes hvilken myndighet som skal utøve slik kontroll.
Dersom bestemmelser gitt i eller i medhold av loven her ikke er overholdt, kan kontrollmyndigheten uten nærmere varsel
1. | fjerne båtens kjennetegn, |
2. | nekte bruk av båten, og |
3. | ta båten i forvaring for eierens regning og risiko. |
Kongen kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om bruk av virkemidler som nevnt i annet ledd.
§ 18. Tvangsmulkt og tvangssalg
Kontrollmyndigheten kan gi eieren en frist til å bringe registreringsforholdet i orden, og beslutte at det skal betales en tvangsmulkt for hver dag som går inntil forholdet er brakt i orden. Kongen gir forskrift om tvangsmulktens størrelse m.m. Vedtak om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for utlegg.
Dersom pålegg om å bringe registreringsforholdet i orden ikke blir gjennomført innen den frist som er fastsatt, kan båten selges gjennom namsmyndighetene etter reglene om tvangssalg så langt de passer. Salg kan begjæres 14 dager etter at skriftlig varsel er sendt eieren. Tvangsfullbyrdelsesloven § 8-16 første ledd gjelder ikke.
§ 19. Straff
Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av kapitlet her, straffes med bøter. Medvirkning straffes på samme måte.
KAPITTEL 3. KRAV TIL FRITIDSBÅTER OG UTRUSTNINGEN AV DEM
§ 20. Kapitlets virkeområde
Kapitlet her gjelder fritidsbåter.
§ 21. Krav til konstruksjon, tilvirkning, innførsel og omsetning av fritidsbåter
For å forebygge at bruk av fritidsbåter skal forårsake helseskade eller miljøforstyrrelser, kan Kongen i medhold av lov av 11. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrolloven) gi forskrifter om konstruksjon, tilvirkning, innførsel og omsetning av fritidsbåter.
§ 22. Beskyttelse av sikkerheten og helsen til personer om bord
På enhver fritidsbåt skal det finnes slikt utstyr og slike innretninger, samt være truffet slike forholdsregler, som er nødvendig for å beskytte sikkerheten og helsen til personer om bord. Det skal særlig sørges for at fare for brann og eksplosjon forebygges, og at tekniske innretninger og utstyr om bord på fartøyet er konstruert, oppstilt og forsynt med verneinnretninger slik at personer om bord er vernet mot skade på liv og helse.
Kongen kan gi nærmere forskrifter om de krav som stilles i første ledd.
§ 23. Rednings- og flyteutstyr
Alle fritidsbåter skal under seilas være utstyrt med egnet rednings- og flyteutstyr til alle om bord.
§ 24. Utstyr og hjelpemidler til navigasjon
Kongen kan gi forskrifter om:
1. | at fritidsbåter skal være utstyrt med navigasjonshjelpemidler og utstyr til bruk i navigeringen, |
2. | de kravene som skal stilles til slikt utstyr, og |
3. | de kravene som skal stilles til utstyrets plassering og betjening. |
§ 25. Godkjenning av utstyr m.m. Forbud mot overdragelse av utstyr m.m. som ikke er godkjent
Kongen kan i forskrift bestemme at utstyr som nevnt i §§ 22 til 24 må være godkjent for å kunne brukes om bord. I forskriften kan Kongen gi nærmere regler om godkjenning av slikt utstyr.
Det kan i forskriften nedlegges forbud mot eller stilles vilkår for overdragelse av slikt utstyr, dersom godkjenning mangler eller utstyret ikke lenger kan brukes om bord. Like med overdragelse regnes at utstyret utbys til salgs eller leies ut eller lånes ut til bruk om bord i fritidsbåt eller annet sted.
Første og annet ledd gjelder tilsvarende for slike innretninger som nevnt i § 22.
§ 26. Besiktigelse m.m.
Kongen utpeker en offentlig myndighet som skal påse at bestemmelser gitt i eller i medhold av kapitlet her blir overholdt.
Vedkommende myndighet kan gå om bord i en fritidsbåt for å besiktige den. Om nødvendig kan også båter i fart stanses og bordes for besiktigelse.
Båtens eier eller fører skal medvirke til gjennomføringen av besiktigelsen.
Kongen kan gi nærmere regler om besiktigelsen.
§ 27. Båteiers og båtførers ansvar
Båteier og båtfører er ansvarlig for å overholde bestemmelser gitt i eller i medhold av denne loven, for så vidt ikke annet følger av den enkelte bestemmelse eller sammenhengen.
§ 28. Straff
Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av kapitlet her, straffes med bøter.
KAPITTEL 4. KRAV TIL EIERE OG FØRERE AV SMÅBÅTER
§ 29. Kapitlets saklige virkeområde
Kapitlet her gjelder eiere og førere av småbåter.
§ 30. Kapitlets stedlige virkeområde
Kapitlet her gjelder bare føring eller forsøk på føring av småbåt innenfor rikets grenser.
Forskrifter gitt i medhold av § 31 gjelder på Svalbard og Jan Mayen bare når det er uttrykkelig bestemt i forskriftene.
§ 31. Kvalifikasjonskrav m.m.
Kongen kan i forskrift bestemme at den som skal føre en småbåt, må oppfylle nærmere krav til minstealder, helsetilstand, opplæring og andre kvalifikasjoner. I forskriften kan det fastsettes bestemmelser om kontroll med at førere av småbåter oppstiller slike krav.
§ 32. Generell skikkethet
Ingen som på grunn av sin tilstand må anses uskikket til det, må føre eller forsøke å føre en småbåt. Dette gjelder uansett om tilstanden skyldes påvirkning av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel, sykdom, tretthet eller andre omstendigheter.
§ 33. Alkoholpåvirkning av småbåtfører
Under påvirkning av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel må ingen føre eller forsøke å føre en småbåt som har:
1. | motor som fremdriftsmiddel, eller |
2. | seil som fremdriftsmiddel og en største lengde på 4,5 meter eller mer. |
Føreren av en småbåt som nevnt i første ledd regnes alltid som påvirket når han eller hun:
1. | har en alkoholkonsentrasjon i blodet som er større enn 0,8 promille eller en alkoholmengde i kroppen som kan føre til så stor alkoholkonsentrasjon i blodet, eller |
2. | har en større alkoholkonsentrasjon i utåndingsluft enn 0,4 milligram per liter luft. |
Villfarelse med hensyn til alkoholkonsentrasjonens størrelse fritar ikke for straff.
En båtfører som forstår eller må forstå at det kan bli politietterforskning på grunn av føringen, må ikke nyte alkohol eller ta annet berusende eller bedøvende middel i de første seks timene etter at føringen er avsluttet. Dette forbudet gjelder likevel ikke etter at blodprøve eller utåndingsprøve er tatt, eller politiet har avgjort at slik prøve ikke skal tas.
§ 34. Nødrett
Bestemmelsene i §§ 31 til 33 gjelder ikke for den som fører eller forsøker å føre en småbåt for å redde noens person eller gods fra alvorlig fare, når omstendighetene berettiget båtføreren til å anse denne faren som særdeles betydelig i forhold til den faren som båtføringen ville medføre.
§ 35. Bruk av småbåt
Eieren av en småbåt plikter å forvisse seg om at den som han eller hun lar bruke båten, fyller vilkårene for å føre den. Det samme gjelder for den som har rådigheten over båten på eierens vegne.
§ 36. Utåndingsprøve og andre undersøkelser
Politiet kan ta utåndingsprøve av en båtfører når:
1. | det er grunn til å tro at båtføreren har overtrådt bestemmelsene i § 33, |
2. | båtføreren med eller uten egen skyld er innblandet i en ulykke, eller |
3. | båtføreren er blitt stanset som ledd i kontroll av båttrafikken. |
Politiet kan fremstille båtføreren til undersøkelse for å søke å fastslå påvirkningen dersom resultatet av utåndingsprøven eller andre forhold gir grunn til å tro at båtføreren har overtrådt bestemmelsene i § 33. Slik fremstilling skal i alminnelighet finne sted når føreren nekter å medvirke til utåndingsprøve.
Blodprøve kan tas av lege, offentlig godkjent sykepleier eller bioingeniør. Klinisk legeundersøkelse foretas når det er mistanke om påvirkning av andre midler enn alkohol eller når andre særlige grunner taler for det.
Kongen gir nærmere bestemmelser om utåndingsprøve og undersøkelser som nevnt i paragrafen her.
§ 37. Straff
Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer bestemmelser gitt i eller i medhold av kapitlet her, straffes med bøter eller fengsel inntil ett år. Overtredelse er forseelse. Straff etter straffeloven § 422 annet ledd anvendes ikke samtidig med straff etter bestemmelsen her.
KAPITTEL 5. AVSLUTTENDE BESTEMMELSER
§ 38. Utfyllende forskrifter
Kongen kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om utfylling og gjennomføring av loven her.
§ 39. Ikrafttredelse. Overgangsbestemmelser
Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. De enkelte bestemmelsene kan settes i kraft til ulik tid.
Kongen kan gi nærmere overgangsbestemmelser.
§ 40. Endringer i andre lover
Fra den tid loven trer i kraft gjøres følgende endringer i andre lover:
1. | Lov av 3. desember 1948 nr. 3 om registrering og merking av småfartøyer oppheves. |
2. | Lov av 19. august 1994 nr. 57 om registrering av fritids- og småbåter oppheves. |
3. | Lov av 27. april 1995 nr. 16 om trygg bruk av fritidsfartøy oppheves. |
4. | I lov av 13. juni 1997 nr. 42 om Kystvakten (kystvaktloven) skal § 12 første ledd bokstav i lyde: |
i. | lov ...... om fritids- og småbåter kapittel 3. |
Oslo, i justiskomiteen, den 28. mai 1998. |
Kristin Krohn Devold, | Astrid Marie Nistad, | Jan Simonsen, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |