2. Komitemerknader

       Komiteen er kjend med at Noreg har den nest største alginatproduksjonen i verda, og er oppteken av at det vil kunne liggja til rette for lønsam utnytting av fornybare algeressursar også i framtida.

       Komiteen har merka seg at det i 1990 vart nedsett ei arbeidsgruppe for å fremje forslag om god ressursforvaltning av tang og tare. Bakgrunnen for dette arbeidet er aukande interesse for utnytting av tare og dei motsetnadstilhøva dette har medført i høve til m.a. fiske og naturverninteresser.

       Komiteen er samd med arbeidsgruppa, som i si innstilling frå mai 1993, føreslår ein forvaltingsmodell som tek sikte på å sikra næringa sitt behov for tilgang på algeråstoff samstundes som omsynet til miljø og fiske vert ivareteke.

       Komiteen har merka seg at Fiskeridirektoratet, i medhald av lov av 3. juni 1983 nr. 40 om saltvassfiske m.v. § 4 bokstav l, er gitt rådvelde til å fastsetja forskrifter om taretråling og fiske der dette skjer i same området. Næringa har i forståing med Fiskeridirektoratet avgrensa si verksemd til fastsette område.

       Komiteen seier seg samd i at forvaltningsansvaret for tang og tare blir lagt til Fiskeridepartementet med Fiskeridirektoratet som utøvande organ. Likeeins er komiteen samd i at spørsmål om kva område som skal opnast for hausting skal bli avgjort av Fiskeridirektoratet etter først å ha innhenta uttale frå dei instansane som har særleg store kunnskaper på dette området. Komiteen vil understreke at det er viktig å få ein forvaltingsmodell som fører til heilskapleg forvalting, med vitskapleg grunnlag, av tareressursane.

       Komiteen ser positivt på at det vert nedsett ei faggruppe, med representantar frå styresmaktene, dei ulike næringane og interessegruppene, som skal vurdera områda som kan vera aktuelle for tråling. Denne faggruppa skal leggja fram ein langsiktig forvaltingsplan for tareressursane. Komiteen er samd i at ein tek sikte på å få etablert ei ordning som også ivaretek interessene til fiskeria, vernar uberørt natur og vernar mot erosjonsfarar m.m. Denne forvaltingsplanen vil danna grunnlag for styresmaktene sine avgjerder om kor taretråling kan tillatast.

       Komiteen meiner at tang og tare både må sjåast på, og handsamast som, ein integrert del av dei maritime, levande og fornybare ressursane. Tang og tare er ein del av det maritime økosystemet som treng heilskapleg forvalting. Komiteen meiner derfor det er viktig å forvalte tang- og tareressursane på ein økologisk og miljømessig akseptabel måte.

       Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, har merka seg at det i dag ikkje er nødvendig med ei konsesjonsordning for å avgrensa deltakinga i taretråling på godkjende haustefelt.

       Fleirtalet seier seg samd i at det er mest tenleg at forvaltinga av tang og tare vert heimla i kontinentalsokkellova.

       Komitémedlemene frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merka seg at mange av høyringsinstansane har gått inn for at forvaltinga av tang og tare bør heimlast i saltvassfiskelova.

       Desse medlemene meiner det er naturleg at alle deler av det same økosystemet skal handsamast etter same lova, og vil med bakgrunn i det foreslå at tang og tare vert heimla i saman med dei øvrige fornybare ressursane i saltvassfiskelova, og innanfor rama av ei berekraftig utvikling. Desse medlemene fryktar for at fri hausting innanfor avgrensa område kan skada økosystemet. Ei regulert hausting med ei eventuell konsesjonsordning bør derfor vurderast.

       Desse medlemene er samd i at det ikkje skal vera høve til å drive tarehausting utan løyve frå staten. Heimelen i saltvassfiskelova må derfor utformast i tråd med det.