6. Komiteens tilråding

       Komiteen viser elles til proposisjonen og til det som står foran og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringar i veglov av 21. juni 1963 nr. 23.

I.

       I veglov av 21. juni 1963 nr. 23 blir det gjort følgjande endringar:

§ 27 første ledd skal lyde:

       Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsette at det skal krevjast bompengar på offentleg veg, fastsette storleiken på avgiftene, og sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. Bompengane kan nyttast til alle tiltak som denne lova gir heimel for. Dessutan kan dei nyttast til investeringar i faste anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk på jernbane, herunder sporveg og tunnelbane.

§ 33 skal lyde:

       Reklameskilt eller liknande innretning må ikkje utan løyve plasserast ved offentleg veg eller plasserast slik at dei er retta mot vegtrafikken eller er synleg for dei vegfarande. Reklameskilt eller liknande innretning som syner namnet åt ei verksemd eller kva verksemd det er, eller som på annan måte reklamerer for verksemda, kan likevel plasserast på bygningane åt verksemda utan løyve. Finn vegstyremakta at eit slikt reklameskilt eller liknande innretning er trafikkfarleg, kan ho gi påbod om å fjerne dette etter regelen i fjerde ledd.

       Løyve kan gjevast inntil vidare eller for ei avgrensa tid dersom vegstyremakta finn at reklameskiltet eller innretninga ikkje vil vere trafikkfarleg. Som trafikkfarleg reklame reknar ein innretning som kan takast for trafikksignal, vegskilt eller vegmerking, eller hindre den frie sikta langs vegen, eller som kan trekkje dei vegfarande si merksemd vekk frå vegen eller trafikken.

       Med sikte på å unngå fare for dei vegfarande, kan departementet sette forbod mot visse slag reklameskilt og liknande innretningar og mot å sette slike skilt og innretningar på visse stader eller ved visse vegstrekningar.

       Blir reklameskilt eller liknande innretning plassert i strid med det som er fastsett i eller med heimel i denne lova, eller blir reklameskiltet eller innretninga endra slik at desse blir i strid med lova, kan vegstyremakta straks syte for at dei blir tekne bort, flytta eller endra. Den ansvarlege lyt då bere kostnaden, dersom han ikkje sjølv syter for å ta bort, flytte eller endre reklameskiltet eller innretninga innan ein fastsett frist. Dersom vegstyremakta finn det naudsynt av omsyn til trafikktryggleiken, kan førehandsvarsel etter forvaltningslova unnlatast. Varsel som gjeld mange einskilde partar kan kunngjerast i eit blad som blir vanleg lese på staden.

       Avgjerd etter første, andre og fjerde ledd blir teken av vegsjefen for riksvegar og fylkesvegar, og av kommunen for kommunale vegar.

II.

       Denne lova trer i kraft frå den tida Kongen bestemmer. Kongen kan bestemme at dei einskilde reglane i lova skal tre i kraft til ulik tid.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 23. november 1993.

Magnus Stangeland, Terje Sandkjær, Solveig Torsvik,
leiar. ordførar. sekretær.