Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Dokumentserien

Dokumentserien er ei samling med ulike publikasjonar med opphav i Stortinget eller organ knytte til Stortinget. Dokumenta vert handsama på same måte som saker frå regjeringa, med unnatak av skriftlege spørsmål.

Oversikt over faste dokument i dokumentserien

Dokumentserien

Dokumentserien inneheld mellom anna:

  • Rapportar frå Riksrevisjonen
  • Årsmeldingar fra Stortingets kontrollorgan og Stortingets delegasjonar til internasjonale parlamentarikarforsamlingar
  • Grunnlovsframlegg
  • Skriftlege spørsmål med skriftlege svar
  • Representantframlegg
  • Rapportar frå kommisjonar og utval oppretta av Stortinget

Rapportar frå Riksrevisjonen

Riksrevisjonen er det viktigaste kontrollorganet til Stortinget. Riksrevisjonen legg kvart år fram ei rad dokument for Stortinget.

  • Dokument nr. 1 er ein årleg rapport frå Riksrevisjonen om statens selskap, statens rekneskapar og forvaltninga av midlar er i samsvar med vedtaka og føresetnadene frå Stortinget.
  • Dokument nr. 2 er årsrapporten frå Riksrevisjonen.
  • Dokument nr. 3 er ein serie med einskildrapportar der Riksrevisjonen etterprøver gjennomføringa av offentlege tiltak og verknadene av tiltaka.

Meir om dokumenta frå Riksrevisjonen på www.riksrevisjonen.no

Årsmeldingar

På vårparten kvart år mottek Stortinget årsmeldingar frå desse kontrollorgana: Riksrevisjonen, Ombodsmannen for Forsvaret, Sivilombodet og Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet). Også Stortingets delegasjonar til internasjonale parlamentarikarforsamlingar sender over årsmeldingane sine til Stortinget. Årsmeldingane vert handsama i ein fagkomité som kjem med ei innstilling om årsmeldinga til Stortinget.

Grunnlovsframlegg

Stortingsrepresentantane kan føreslå endringar i Grunnlova. Grunnlovsframlegga er del av dokumentserien (Dokument nr. 12). Grunnlovsframlegga vert fremja i ein valbolk og vert handsama i den neste. Reglar for endring av Grunnlova er omtala i Grunnlova § 112.

Skriftlege spørsmål

Skriftlege spørsmål frå representantane til statsrådane med svar vert publiserte som Dokument nr. 15. Handsaminga av skriftlege spørsmål er omtala i Stortingets forretningsorden § 70.

Representantframlegg

Framlegg frå representantane til Stortinget er òg med i dokumentserien (Dokument nr. 8).

Rapportar frå kommisjonar og utval

Stortinget kan på eige initiativ oppretta utval eller kommisjonar. Kommisjonane vert oppretta i tilfelle der Stortinget ynskjer ein særskilt gransking. Døme på slike granskingskommisjonar frå dei seinaste åra er:

  • Lund-kommisjonen (1994–1996) om dei hemmelege tenestene og påstandar om ulovleg avlytting.
  • Smith-kommisjonen (1997–1998) om årsaker til bankkrisa.
  • Smith-kommisjonen (2000–2001) om ny hovudflyplass for Austlandet og Gardermobana.
  • Mehamn-kommisjonen (2003–2005) om luftfartsulukka med Twin Otter LN-BNK nær Gamvik 11. mars 1982.

Oversikt over faste dokument i dokumentserien

  • Dokument 1: Rapport frå Riksrevisjonen om selskapa til staten, rekneskapane til staten og fovaltningen av midlar er i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader
  • Dokument 2: Årsrapport frå Riksrevisjonen
  • Dokument 3: Serie med enkeltrapportar der Riksrevisjonen etterprøver gjennomføringa av offentlege tiltak og verknader av tiltaka
  • Dokument 4: Årsmelding frå Sivilombodet
  • Dokument 5: Rapportering frå Stortingets ombodsnemnd for Forsvaret
  • Dokument 6: Årsmelding frå Noregs institusjon for menneskerettar
  • Dokument 7: Årsmelding frå Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet)
  • Dokument 8: Representantforslag
  • Dokument 9: Rapport til Stortinget frå Noregs Banks representantskap for 2022
  • Dokument 10: Saker som er behandla av Stortinget i ein sesjon
  • Dokument 11: Saker som Stortinget ikkje har behandla i ein sesjon
  • Dokument 12: Grunnlovsforslag
  • Dokument 13: Årsrapportar frå Stortingets faste delegasjonar til internasjonale parlamentariske forsamlingar
  • Dokument 14: Årsrapport frå Stortingets utval for rettferdsvederlag
  • Dokument 15: Skriftlege spørsmål til skriftleg svar med svar
  • Dokument 17: Rapport til Stortinget frå Stortingets delegasjon til Nordisk råd

Dokument 16 blir ikkje lenger nytta.

Dokument 18 og utover: Her vil talet på og typa dokument variera frå sesjon til sesjon.

Sist oppdatert: 18.10.2023 14:58

Finn dokument

: