Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Aserbadsjan utestengt frå PACE

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) har vedteke å utestenge Aserbajdsjans delegasjon frå å delta i forsamlingas arbeid i heile 2024.

Delegasjonsleiar Ingjerd Schie Schou (H) presenterte ei ytring på vegne av prosedyrekomiteen. Foto: Europarådet.

Alvorleg forverring av menneskerettssituasjon over lang tid og den humanitære katastrofa i Nagorno-Karabakh var ein del av forklaringa for at Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) vedtok dette.

Delegasjonen frå Aserbajdsjan er utestengt for heile 2024. Av dei 90 delegatane som deltok i avstemminga stemte 76 for at Aserbajdsjan ikkje skulle kunne delta,  10 stemte imot og 4 avstod frå å stemme. Det er bare delegasjonen til parlamentarikarforsamlinga som er utestengt. Aserbajdsjan, som land, er framleis medlem av Europarådet og deltar i arbeidet i ministerkomiteen (der representantar frå regjeringane i medlemslanda deltek).

Delegasjonsleiar Ingjerd Schie Schou (H) presenterte ei ytring på vegne av prosedyrekomiteen. Hennar rolle var å kontrollere at forslaget om, og grunngjevinga for å ikkje la Aserbajdsjan delta var i samsvar med prosedyreregla i PACE.  

­– Dette var ei svært krevjande sak og ikkje noko forsamlinga tok lett på, seier Schou (H).

– Delegasjonen frå Aserbajdsjan er utestengt for heile 2024, men dei er ønskja tilbake i 2025 så sant dei viser klare teikn på forbetring når det gjeld å etterleve dei forpliktingane landet har som medlem av Europarådet. Vi håpar delegasjonen vil returnere med synleg større vilje til å etterleve Europarådets grunnleggjande verdiar og prinsipp, avsluttar Schou (H).

Lise Christoffersen (A), som er PACEs rapportør på Aserbajdsjan deltok ikkje i debatten men er særleg uroa over det sterkt voksande talet på politiske fangar og den klart negative menneskerettsutviklinga i landet.  

Manglande samarbeid med Europarådet og det at landet nekta PACE å sende valobservatørar til presidentvalet i februar var også ein del av begrunninga for utestenginga.

Fordømmer Hamas terrorangrep

I debatten om krigen i Midtausten fordømte forsamlinga igjen Hamas terrorangrep på Israel og anerkjende landets rett til sjølvforsvar. I den vedtatte resolusjonen blei det imidlertid også uttrykt stor uro for det høge talet på uskuldige offer i Gaza, og det blei understreka at humanitær nødhjelp må sleppe fram, i samsvar med internasjonal humanitær rett. Forsamlinga var tydeleg på at fredsforhandlingane må kome i gang igjen, og at ei to-statsløysing er den einaste vegen til varig fred.  

Demokratisk framtid for Belarus.

Jone Blikra (A) deltok i debatten om den demokratiske framtida i Belarus etter det illegitime presidentvalet i 2020, og korleis Europarådet best kan bidra til å styrke dei belarusiske demokratiske kreftene. Både resolusjonen og debatten skildra på sterkt vis den dramatiske utviklinga i Belarus med over 1400 politiske fangar og ein så godt som ikkje eksisterande demokratisk opposisjon internt i landet.

– Utviklinga har gått i heilt feil retning. Talet på politiske fangar er rekordhøgt og alle som er i opposisjon til regimet er enten arrestert eller i eksil. Det er heilt avgjerande at vi fortsett vår sterke støtte til dei belarusiske demokratiske kreftene, seier Blikra (A)

Blikra i debatten om den demokratiske framtida i Belarus. Foto: Stortinget.

Ukrainas barn

I løpet av sesjonen blei det også gjennomført ein debatt om den kritiske situasjonen for barn i Ukraina, med eit særleg fokus på dei meir enn 19 000 barna som har blitt bortført eller tvangsdeportert til russiskkontrollerte område, Russland eller Belarus.  Ukrainas førstedame Olena Zelenska, deltok digitalt med ein appell til forsamlinga. Ho oppmoda blant anna Europarådets medlemsland til å legge press på Russland, for å få Russland til etterleve Genevekonvensjonen,  og til å oversende lister med namn på barna som har blitt bortført, og kvar dei er.

Ny MR-kommissær

Under sesjonen blei det også vald tre nye dommarar til den Europeiske menneskerettsdomstolen (frå Bulgaria, Litauen og Luxembourg), og irske Michael O’Flaherty blei vald til å etterfølgje Dunja Mijatovic frå Bosnia-Hercegovina som Europarådets nye menneskerettskommissær.

Sist oppdatert: 29.01.2024 15:45
: