Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Seminar om grensene for ytringsfridomen

Torsdag 5. november inviterte Stortinget til seminar i lagtingssalen om grensene for ytringsfridomen.

Stortingspresident Olemic Thommessen. Foto: Stortinget.

Seminaret vart opna av stortingspresident Olemic Thommessen som drog linene attende til dei gamle grekarane som såg ytringsfridomen som den grunnleggjande føresetnaden for deira folkeforsamlingar. Dei kunne jamvel bruka ordet for ytringsfridom synonymt med ordet for demokrati. Me har våre dryge 200 år med Grunnlova, og det viktigaste me fekk med Grunnlova var prinsippet om ytringsfridom som ein føresetnad for demokrati.

Ytringsfridomen er likevel ikkje uavgrensa. Ytringar kan vera eit trugsmål mot andre verdiar og fridomar, og krenkjande og hatefulle ytringar kan leia til hatkriminalitet.

Grenser for ytringsfridomen

Post.doc ved Universitetet i Oslo Anine Kierulf slo fast at mange av grensene for ytringar ikkje har med avgrensingar i lovene å gjera. Me legg ofte band på oss sjølve, og det hadde vorte ufyseleg om alle alltid gjekk rundt og sa alt dei meinte. Slike grenser er dei mest sentrale for det me faktisk ytrar oss om. Skal staten setja grenser må det vera heimla i lov, det må vera naudsynt for å nå ein annan demokratisk verdi og straffetiltaket må vera proporsjonalt med brotsverket.

Dei rettslege grensene gjeld slikt som hatefulle ytringar, trugslar, ærekrenking og krenking av privatlivet. Grensegangen mot hatefulle ytringar er av dei vanskelegaste grensedragningane. I randssona er det mange ytringar me ikkje heilt veit kva me skal gjera med.

Å visa til at ei etnisk gruppe til dømes er overrepresentert i valdtektsstatistikkane, er ein påstand som kan vernast av ytringsfridomen for at sanninga og informasjon skal få koma fram i offentlege ordskifte. Å dra ein konklusjon av dette og seia at denne etniske gruppa er farleg og ikkje kan få vera i landet, er derimot eigna til å stigmatisera og skapa hat mot denne gruppa. Når folk kjenner seg hata, kan det lett stogga dei frå å delta med eigne ytringar, og ytringsfridomen vert såleis undergraven.

Post.doc ved Universitetet i Oslo Anine Kierulf. Foto: Stortinget.

Kierulf peika på at hovudvekta av hatkriminaliteten som politiet og rettsstellet tek tak i ikkje er dei hatefulle ytringane, men handlingar motiverte av hat. Saker som gjeld hatefulle ytringar vert gjerne lagde bort av di dei støyter bort i grensa for ytringsfridomen. Kierulf mana Stortinget som lovgjevar til å gjeva politi og påtalemakt klårare retningsliner for kvar grensa mellom ytringsfridom og hatefulle ytringar skal dragast.

Røynsler frå Manglerud politistasjon

Monica Lillebakken og Oda Karterud la fram arbeidet dei gjer i hatkrimgruppa ved Manglerud politistasjon. Dei vedgjekk at politiet ikkje har vore gode nok til å møta hatkriminalitet, men meinte at når dei har sett eigne folk på desse sakene har det gjeve saksfeltet den prioriteten det skal ha. Til Kierulf svara dei at saker som gjeld ytringar og trugsmål er oppe i 30 prosent hjå dei; saker som gjeld handlingar og vald er altså ikkje like dominerande lenger.

Riksadvokaten har sagt at politiet skal prioritera hatkriminalitet, og hatkrimgruppa er oppretta for å gjera det. Det er grunn til å tru at det er store mørketal på dette feltet. Talet på saker har auka monaleg etter at det er sett inn ekstra innsats, men generelt er det låge tal.

Det er ei vanskeleg vurdering kva for ytringar som er ramma av lova og Høgsterett har sett treskelen særs høgt. Etter frikjenninga i den såkalla Boot Boys-saka har lovgjevar sagt at treskelen for kva for ytringar som kan dømast skal vera lågare.

I det praktiske arbeidet har nokre nyare domar vore førande. Rein sjikane har lite sams med det ytringsfridomen er meint å verna om og har ikkje noko å tilføra det offentlege ordskiftet, og det vart lagt fram eit utval døme på sjikanøse ytringar som er domfelte.

Kva meiner nordmenn?

Forskar Kari Steen-Johnsen frå Universitetet i Oslo la fram funn frå studiar av kva nordmenn meiner om ytringsfridom. Ho sa folk veg ytringsfridomen opp mot andre verdiar og konsekvensane av ytringane. Hån vert mindre verdsett enn kritikk, krenking vert verdsett høgre enn nedsetjande ytringar, og folk meiner det er viktigare å verna tryggleiken til religiøse grupper enn kjenslene deira. Det er større toleranse for rasisme i form av ytringar enn i form av vald.

Mange problematiske ytringar kjem fram i nettfora, men folk meiner det framleis bør tilbydast nettdebatt i nettavisene. Det er meir delte meiningar om nettdebattar skal tillata innhald som ikkje slepp til på prent elles, og kring halvparten av respondentane meiner det bør vera større førehandskontroll på nettdebattar.

Ein politisk stand-up romanse

Operasongar Eir Inderhaug. Foto: Stortinget.

Krenkjande ytringar på nett var emnet for det kulturelle innslaget på seminaret òg. Komponist Cecilie Ore vart beden om å skriva ein romanse i høve grunnlovsjubileet, og valde å snu det på hovudet til ein antiromanse. «Who do you think you are. A political stand-up romance for solo female voice» handlar om trakasseringa av kvinner på nettet. Ore sa me gjerne vil tru me lever i eit likestilt samfunn, men det me finn på nettet tyder på at det er veldig mykje kvinneforakt. Operasongar Eir Inderhaug framførde verket som er på engelsk og som med lina «shall I tell you what I found in my mail box today» legg ut døme på svært grove trugslar og sjikane henta frå nettet.

Debatt

Seminaret vart avslutta med ein paneldebatt og innlegg frå salen. Stortingsrepresentant Per Sandberg (FrP) sa at han ikkje såg behov for å gjera noko meir politisk. Me har ei god regulering i dag og med den store veksten i bruk av sosiale medium verkar det umogeleg å få gjort så mykje med alle dei ytringane som kjem ut. Han hevda at det som er eit problem er at ytringar vert knebla med ytringsterror. Sjølv er han meld til politiet for rasistiske ytringar i ein politisk kamp. Han meiner ytringar ikkje bør meldast til politiet, men koma ope fram og møtast med munnlege motlegg og ein bør såleis prøva med litt oppdraging.

Anders B. Werp (H) drog fram at det er mykje klok tankegang i folkeeventyra. Når trolla møter sola, så sprekk dei. Det er ikkje ytringsfridomen som skaper spenningar, ytringsfridomen løyser dei. Det finst motkrefter mot dei hatefulle ytringane på nett, til dømes TV-program som hentar fram desse «nettrolla» og konfronterer dei.

Ervin Kohn innvende frå salen at i røynda sprekk ikkje trolla når dei kjem i sola, dei vert brune, og at hatefulle ytringar avlar fleire hatefulle ytringar. Kirsti Bergstø (SV) meinte at det å gje rom for sterke hatefulle ytringar kan vera med og gjera den rasismen som finst kring kjøkenborda meir stoverein.

Ordstyrar for den avsluttande debatten var generalsekretæren i NOAS Ann-Magrit Austenå.

Anders B. Werp (H), Kirsti Bergstø (SV) og Per Sandberg (FrP) sat i panelet.Anders B. Werp (H), Kirsti Bergstø (SV) og Per Sandberg (FrP) sat i panelet.

Sist oppdatert: 06.11.2015 13:15
: