Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Samtale med nobelprisvinnaren i vandrehallen

– For fyrste gong opnar me i dag dørene, og lèt heile Stortinget og publikum ta del i møtet med fredsprisvinnaren, seier stortingspresident Olemic Thommessen.

Ahmet Üzümcü, Olemic Thommessen, Anniken Huitfeldt og Christian Borch i samtale i vandrehallen. Foto: Stortinget/Terje Heiestad.

11. desember deltok generaldirektør for nobelprisvinnar OPCW, Ahmet Üzümcü, i ei TV-send samtale med stortingspresidenten og leiaren i utanriks- og forsvarskomiteen i vandrehallen.

Sjå videoopptak frå gjestinga.

Sjå bilete frå gjestinga på Flickr.

Ordstyrar Christian Borch frå NRK opna samtala med å nemna at dette er fyrste gongen fredsprisvinnaren er i ei open samtale i vandrehallen som er direktesend på TV, men at det ikkje er fyrste gong ein fredsprisvinnar kjem til Stortinget.

Det er i samsvar med tradisjonen at fredsprisvinnaren kvart år har eit møte med stortingspresidenten og utanriks- og forsvarskomiteen på kontoret til stortingspresidenten, og stortingspresident Olemic Thommessen sa han var glad for å kunna dela dette møtet med alle i år.


Interparlamentarisk arbeid

På spørsmål frå Olemic Thommessen om kva som kan vera rolla til parlamenta i det arbeidet OPCW driv for avskaffing og øydelegging av kjemiske våpen, drog generaldirektør Ahmet Üzümcü fram det interparlamentariske arbeidet. Parlament er viktige i alle land, dei representerer folkerøysta og held regjeringar ansvarlege, dei har òg ei rolle på den internasjonale scena.


Parlamentarikarane er medlemer av mange internasjonale organisasjonar som Den interparlamentariske union (IPU) og andre, og reiser mykje til andre land. Det gjev høve til å utveksla meiningar og påverka andre land og parlament.

– Det er seks land som ikkje har ratifisert kjemivåpenkonvensjonen. Det er ei oppgåve å fortelja desse landa at dei må verta med i arbeidet med å avskaffa kjemiske våpen så fort som råd er, sa Üzümcü.

Leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Anniken Huitfeldt (A), fylgde opp med å seia at nokre av desse seks landa er land som står oss nære, som Myanmar, Israel og Sør-Sudan til dømes. Det burde gå an å leggja press på desse. Dei tre landa Myanmar, Sør-Sudan og Angola meinte Üzümcü at alt er nære ved å verta med, dei tre andre har visse eigne omsyn å ta.


Modell for avskaffing av atomvåpen?

– Me har gode resultat i arbeidet mot landminer, klasevåpen og kjemiske våpen; no bør me halda fram arbeidet med atomvåpen, sa Anniken Huitfeldt. Thommessen heldt fram at OPCW kunne vera eit føredøme på at det er mogeleg å få ting til. Trine Skei Grande (V) som fekk ordet frå publikum, peika òg på at problema med kjemiske våpen, at dei råkar uproporsjonalt, vilkårleg og med store humanitære fylgjer, sameleis galdt for atomvåpen. Ho spurde om røynsla frå arbeidet mot kjemiske våpen kunne brukast mot atomvåpen.

Konvensjonen hadde utspring i slutten på den kalde krigen og på bakgrunn av nokre åtak med kjemiske våpen på 1980-talet; det hjelpte fram arbeidet med å koma fram til konvensjonen. Den politiske viljen fanst og ein vart samde i 1992. Det har likevel teke kring atten år å koma til resultata. Ekspertar meiner at det arbeidet som er gjort med kjemiske våpen kan tena som modell for å få til atomnedrusting innanfor ei multilateral ramme i framtida. Om det kjem til å henda snarleg, torde ikkje Üzümcü å seia, det er heilt avhengig av posisjonane og synsmåtane til atommaktene. Han nemnde likevel at det hadde kome positive signal både frå USA og Russland i seinare tid.

Ahmet Üzümcü underskriv protokollen i stortingssalen. Til venstre stortingspresident Olemic Thommessen, til høgre leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Anniken Huitfeldt.

Ahmet Üzümcü underskriv protokollen i stortingssalen. Til venstre stortingspresident Olemic Thommessen, til høgre leiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Anniken Huitfeldt. Foto: Stortinget/Terje Heiestad.

Sist oppdatert: 11.12.2013 14:53
: