Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Ny kunstbrosjyre frå Stortinget

Den nye brosjyren «Stortinget – bygningen og kunsten» tek føre seg kunsten og arkitekturen på Stortinget.

Brosjyren «Stortinget – bygningen og kunsten».

Brosjyren er skriven av Eivind Torkjelsson og er komen på bokmål, nynorsk og engelsk.

Arkitekturdelen i brosjyren femner om historia om stortingsbygningen frå Stortinget ikkje hadde noko eige hus til arkitektkonkurransen som leidde til at stortingsbygningen var på plass i 1866, eksteriøret til stortingsbygningen med tilbygget mot Akersgata frå 1958, og interiøret i dei ulike romma i stortingsbygningen.

Kunstdelen handlar om historiemåleria, landskapsmåleri, portrettsamlinga, utsmykking og byster i stortingsbygningen og statuane utanfor.

Last ned brosjyren:

Stortinget – bygningen og kunsten, bokmål (pdf, 9 MB)

Stortinget – bygningen og kunsten, nynorsk (pdf, 9 MB)

The Storting – art and architecture, english (pdf, 9 MB)

Side 30 og 31 i brosjyren presenterer portretta av Georg Sverdrup (av Christian Horneman, 1813), Johan Sverdrup (av Christian Krohg, 1882), Christian Michelsen (av Henrik Lund, 1908) og Anna Rogstad (av Eyolf Soot, 1914).

Sist oppdatert: 12.06.2014 13:16
: