Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Ordboka

Lurer du på kva eit oppmodingsvedtak er eller kva ein meiner med opplysningsplikt? Her finn du forklaring på omgrep som ofte vert brukte i politikken.

Vel bokstav

L

  • Lagtinget (historisk omgrep)

    ordninga med lagting og odelsting vart avvikla 1. oktober 2009. Før dette vart ein fjerdedel av stortingsrepresentantane valde til Lagtinget. I Lagtinget vart alle lovsaker handsama for andre gong. Minst tre dagar etter at eit lovframlegg var handsama i Odelstinget, vart det handsama i Lagtinget.

  • lobbyisme

    politisk aktivitet for å påverka representantane ved direkte samtalar. Det er ofte organisasjonar og større verksemder som nyttar slik lobbyverksemd. Ein lobbyist er ein som driv lobbyisme.

  • lovhandsaming

    etter 1. oktober 2009 må lovframlegg handsamast to gonger av Stortinget i plenum for at lova skal verta vedteken. Det skal gå minst tre dagar mellom dei to handsamingane. Lovframlegg fell vekk dersom dei vert forkasta ved fyrste gongs handsaming. Tredje gongs handsaming er naudsynt dersom lovframlegg ikkje vert aksepterte ved andre gongs handsaming. Ved ei eventuell tredje gongs lovhandsaming kjem vedtaket fram av referat frå møtet.

  • lovmerknad

    Stortingets eventuelle merknad ved andre gongs handsaming av lovsaka i Stortinget.

  • lovvedtak

    vedtaket etter fyrste gongs handsaming av lovsaka i Stortinget.

  • løyvingsreglementet

    reglar om korleis statsbudsjettet skal skrivast og handsamast.

: