Representantforslag om ei sanksjonspakke mot Israels folkerettsstridige krig mot Gaza

Dette dokument

  • Representantforslag 40 S (2023–2024)
  • Frå: Ingrid Fiskaa, Kirsti Bergstø, Marian Hussein og Torgeir Knag Fylkesnes
  • Sidetal: 2
Søk

Innhald

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Israel har bomba Gaza i seks veker. Halvparten av bustadblokkene er skadde, over ein million menneske er drivne på flukt, og over 11 000 menneske er drepne. Det er drept fleire barn i Gaza no enn i alle krigar og konfliktar i heile verda i heile fjor. Sjukehus og skular er trefte, helsepersonell drepne og ambulansar angripne. Som om ikkje dette var ille nok, er folket i Gaza offer for ein fullstendig blokade og vert nekta tilgang på grunnleggande gode som vatn, mat, medisinar og straum. Israels angrep på Gaza er med andre ord svært omfattande og intensivt, og gjentekne gonger viser Israel liten vilje til å skjerme sivile, slik dei er forplikta til etter krigens folkerett.

Den 27. oktober 2023 kravde Noreg i lag med fleirtalet av verdas land i FN umiddelbar humanitær våpenkvile. Israel viste ingen vilje til å rette seg etter FNs krav. Tvert imot auka intensiteten med bakkeinvasjon og påfølgjande isolering av sivilbefolkninga i Gaza by etter vedtaket. Noreg og ei rekkje andre land har brukt alle diplomatiske kanalar til å overtale Israel dei siste vekene, men dagane og vekene går utan teikn til våpenkvile eller reell humanitær tilgang, og stadig fleire sivile vert drepne. Blant dei er ei norsk kvinne på 48 år som var i Gaza for å besøke den sjuke faren sin. Rundt 200 nordmenn er framleis innesperra under bomberegnet, og hjelpeorganisasjonar seier at det ikkje finst trygge stader igjen i Gaza.

Helsesystemet har kollapsa etter at legar har arbeidd døgnet rundt i vekevis, medisinlagra vert tømde og mangel på straum gjer at kuvøser med spedbarn, respiratorar og andre livreddande maskiner ikkje lenger går. Barn drikk seg sjuke på forureina vatn, og stadig fleire svelt. Det hastar med ei våpenkvile, og verda kan ikkje lenger tolmodig vente på at Israel skal tillate humanitær hjelp til den lidande befolkninga i Gaza. Det er på tide å setje makt bak krava.

Noreg innførte historisk strenge sanksjonar som svar på Russlands brutale angrep på Ukraina i 2022. Eit breitt fleirtal på Stortinget stilte seg bak sanksjonane som var meinte å redusere Russlands evne til å fortsetje krigen. Sanksjonane vart sette i verk nettopp fordi diplomatisk press ikkje gav effekt.

Noreg har ikkje tradisjon for å setje i verk sanksjonar på eiga hand. Men i den situasjonen me no står i, der Noreg er eit av få vestlege land som faktisk krev våpenkvile, bør Noreg både ta initiativ til internasjonale sanksjonar og gå framfor med eit godt døme. Det er ingenting i vegen for at Noreg kan føreslå internasjonale sanksjonar overfor andre land, og regjeringa kan når som helst be om ein heimel frå Stortinget for å innføre unilaterale sanksjonar dersom det manglar ein lovheimel for det i dag.

Forslag

På dette grunnlaget vert det fremja følgjande forslag:

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa stille krav til norske statlege våpenprodusentar og dotterselskap med fabrikkar i USA om å ikkje selje komponentar direkte eller indirekte til Israel.

  • 2. Stortinget ber regjeringa ta initiativ til ein internasjonal våpenembargo mot Israel.

  • 3. Stortinget ber regjeringa fryse pengar og eigedelar som tilhøyrer personar som er ansvarlege for, aktivt støttar eller gjennomfører handlingar/politikk som trugar tryggleiken til folk på Gaza, hindrar humanitære organisasjonar sitt arbeid på Gaza og/eller undergrev Palestinas territoriale integritet.

  • 4. Stortinget ber regjeringa innføre forbod mot import/eksport og levering av varer/tenester som bidreg til det israelske regimet sine inntekter.

  • 5. Stortinget ber regjeringa fryse frihandelsavtalen med Israel til krigen i Gaza er avslutta og blokaden av Gaza er oppheva.

16. november 2023

Ingrid Fiskaa

Kirsti Bergstø

Marian Hussein

Torgeir Knag Fylkesnes