Til Stortinget
Arkivmeldinga, Meld. St. 7 (2012–2013), jf. Innst. 243 S (2012–2013),
gav eit samordna blikk på arkivsektoren og synleggjorde politiske
mål for eit samla arbeid med samfunnsarkiva. Det overordna politiske
målet for arkivpolitikken er ifølgje meldinga å sikre arkiv som
har stor kulturell verdi eller forskingsverdi, eller som inneheld
rettsleg dokumentasjon eller viktig forvaltningsdokumentasjon, slik
at arkiva blir tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida.
I arkivmeldinga står det at det er eit viktig mål for den nasjonale
arkivpolitikken å etablere gode og tenlege formidlings- og brukartenester,
slik at samfunnet får informasjon om og tilgang til eit breitt spektrum
av arkivmateriale uavhengig av kvar det er skapt. Dette tilseier
eit tett samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa i offentleg sektor
og ei felles merksemd med sikte på å sikre arkiv frå privat sektor.
Arkivverket er statens fagetat på arkivområdet. Ved handsaming
av arkivmeldinga gav Stortinget si tilslutning til framtidig organisering
av Arkivverket. Arkivverket må organiserast slik at behovet for
nasjonal samhandling og samordning blir sikra. Samstundes er det
behov for statleg innsats på det regionale planet. Statsarkiva bør
derfor ha kapasitet og nødvendig handlingsrom til å yte tilstrekkeleg
innsats regionalt. Når tilhøva ligg til rette for det, bør statsarkiva
inngå i eit organisert samarbeid med andre arkiv- og kulturverninstitusjonar.
Arkivverket har i dag ein landsomfattande organisasjon med eit
sentralorgan, Riksarkivet, og åtte regionale institusjonar, statsarkiv.
I tillegg kjem to meir spesialiserte einingar med landsomfattande
oppgåver: Samisk arkiv og det komande Norsk helsearkiv. Både Riksarkivet
og etaten er styrte av Riksarkivaren. Dei åtte regionale institusjonane,
statsarkiva, er: Statsarkivet i Oslo (Oslo, Akershus og Østfold), Statsarkivet
i Hamar (Hedmark og Oppland), Statsarkivet i Kongsberg (Vestfold,
Telemark og Buskerud), Statsarkivet i Kristiansand (Aust-Agder og Vest-Agder),
Statsarkivet i Stavanger (Rogaland), Statsarkivet i Bergen (Hordaland
og Sogn og Fjordane), Statsarkivet i Trondheim (Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag,
Nord-Trøndelag og Nordland) og Statsarkivet i Tromsø (Troms og Finnmark).
Statsarkiva i Stavanger og Tromsø er samlokaliserte med interkommunale
arkivinstitusjonar, og i Kristiansand og Trondheim er dette samarbeidet
formalisert ytterlegare. Statsarkivet i Oslo er samlokalisert med
Riksarkivet.
Ifølgje arkivlova § 4 er det Riksarkivet, statsarkiva, Samisk
arkiv og Norsk helsearkiv som i dag utgjer det statlege Arkivverket,
som står under leiing av Riksarkivaren. Ifølgje arkivmeldinga skal
dei åtte statsarkiva vere Arkivverkets regionale nettverk, og dei
skal både ta hand om regionale oppgåver tilpassa behova i regionen
og inngå i eit nasjonalt samspel for å ta hand om nasjonens arkivfunksjonar
på ein profesjonell og tenleg måte. Dei to oppgåvetypane heng saman.
Gjennom handsaminga av arkivmeldinga slo Stortinget fast at nettverket
av statsarkiv i regionane bør haldast oppe og at vilkåra bør leggjast
til rette for at statsarkiva kan spele ei sentral rolle i etablering
og drift av nye integrerte løysingar. Stortinget gav si tilslutning
til at statsarkiva, i tillegg til dei regionale oppgåvene, også
kan ta på seg ein del oppgåver for etaten under eitt, uavhengig
av geografisk tilknyting. Stortinget meinte at ei slik utplassering
av etatsoppgåver kan vere med på å styrkje det regionale elementet
i etaten og utnytte fagkompetansen og kreativiteten på ein optimal
måte.
Forslagsstillarane er gjort kjende med at Riksarkivaren no planlegg
omorganisering av Arkivverket til ein felles organisatorisk eining
styrt frå Oslo. Omorganiseringa vil innebere at dei åtte regionale
statsarkiva vil verte lagt ned som eigne institusjonar. Det skal
ikkje lenger vere ein regional leiing på kvar enkelt stad, og omgrepet
«Statsarkiv» forsvinn. Den føreslåtte omlegginga er omfattande og
vil svekke det regionale arkivarbeidet. Omlegginga skal etter planen
tre i kraft allereie ved årsskiftet. Tidlegare riksarkivarar åtvarar
på det sterkaste mot omorganiseringa og konsekvensane av å avvikle
statsarkiva som eigne institusjonar.
Den lokale kunnskapen statsarkiva har, er svært viktig for brukarane
til dømes i eigedomsspørsmål, rettigheitssaker og ved rettleiing
om kjeldebruk. Forslagsstillarane fryktar at den regionale og lokale kompetansen
forsvinn dersom dei regionale institusjonane vert avvikla og ingen
skal ha ansvar for å leie arbeidet regionalt. Dei som brukar tenestene
lokalt, vil då få eit dårlegare tilbod. Forslagsstillarane kan ikkje
sjå at ei regionalt basert organisering er til hinder for å ta vare
på digitalt arkivmateriale, heller motsett.
Den føreslåtte omorganiseringa frå Riksarkivaren er etter forslagsstillarane
sitt syn klart i strid med Stortinget sin intensjon ved handsaminga
av arkivmeldinga om å styrkje det regionale nivået. Avvikling av
statsarkiva som sjølvstendige einingar kan ikkje gjerast i ein intern
omorganiseringsprosess. Arkivverket er definert i arkivlova § 4.
Der står det at det er Riksarkivet, statsarkiva, Samisk arkiv og Norsk
helsearkiv som utgjer det statlege Arkivverket, som står under leiing
av Riksarkivaren.
På denne bakgrunn vert det fremja følgjande
forslag:
1. Stortinget ber regjeringa oppretthalde
og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar.
2. Stortinget ber regjeringa fremje sak for Stortinget dersom
det vert føreslått endringar i det statlege Arkivverket si organisering.
18. november 2015