Til Stortinget
I Noreg har vi verna verdifull natur mellom anna i form av nasjonalparkar,
naturreservat og landskapsvernområde. Vi har eit stort
nasjonalparksystem og forvaltar mesteparten av det som er att av
villmark i Europa. Meir av den norske naturarven skal vernast, og
målsetjinga er å doble talet på nasjonalparkar
innan år 2010. Noreg skal vidare, ved Jostedalsbreen nasjonalparksenter
og Stryn kommune, vere vertskap for den årlege fagkongressen
om europeiske nasjonalparkar (EUROPARC 2003), og i samband med dette
vil ein få fokus på forvaltinga av nasjonalparkar.
Noreg er langt framme når det gjeld vern av fjellområde
og representative landskap i innlandet. Vi er derimot ikkje gode
når det gjeld system, forvalting, når det gjeld
immateriell utnytting, samordning, profilering og merkevarebygging,
samarbeid med lokalsamfunna rundt nasjonalparkane eller når
det gjeld utnytting av økonomiske potensiale utanfor vernegrensene.
Ei undersøking av 128 europeiske nasjonalparkar i høg
vernekategori (IUCN kat. 2) i 1997 viste at gjennomsnittleg forvaltingsstab
var på 62 personar. Ein god del av desse hadde mindre årleg
tal vitjingar enn til dømes Jostedalsbreen og Jotunheimen
nasjonalpark. Til samanlikning har berre eit par norske nasjonalparkar
så mange som tre årsverk i forvaltinga. Med så små ressursar
vert det vanskeleg å oppnå målsetjingane
med nasjonalparksentra: At dei skal formidle vår nasjonalparkpolitikk,
ta vare på vår fantastiske natur for komande generasjonar,
og formidle kunnskap om naturarven, plante- og dyreartane som lever
i verneområda, økologien og om historia og kulturen
i områda.
Røynsler frå andre land, særleg USA,
viser korleis nasjonalparkar kan bli økonomiske drivkrefter og
profilere store delstatar som "merkevare" for nasjonalt naturvern.
Forvaltingssystemet i dei amerikanske parkane er vorte ein modell
for heile resten av verda. Mange land i Europa har òg kome
langt i å byggje opp tilsvarande desentraliserte administrative ordningar.
Kjem ein til Austerrike får du snart ein faldar i handa
med helsinga: "Velkomen til nasjonalparklandet Austerrike".
På riksvegane finn du skilt som fortel at du er komen til
ein "Nasjonalparkgemeinde". Kommunane profilerer seg altså som
nasjonalparkkommune. I Noreg har vi ikkje kome langt i slik tenking.
Norske nasjonalparkar dekkjer eit større areal enn Slovenia,
og vil med tida ha eit samla nasjonalparkareal som er
like stort som heile Danmark. Likevel er det ikkje nokon samordna
etat som styrer nasjonalparksystemet: Ei avdeling i Direktoratet
for naturforvaltning har eit delansvar og i 18 fylke er nasjonalparkforvalting
ein del av dei tilsette på miljøvernavdelinga
sitt ansvar. Dei frivillige organisasjonane, då særleg
Den Norske Turistforening, har gjort eit stort arbeid med å leggje
til rette for friluftsliv i dei norske nasjonalparkane, gjennom
merking av turløyper i fjellet og sitt store nett av hytter.
Vidare har nasjonalparksentra eit sentralt ansvar for informasjon,
men det er altså ikkje eit system, og langt mindre er det samordna.
Etter forslagsstillarane si vurdering bør vi difor no
satse sterkt på å byggje opp ei slagkraftig, lokal drift
av nasjonalparkane gjennom nasjonalparksentra. Nasjonalparksentra
får i dag eit mindre, årleg tilskot til drift,
og det er liten aktivitet frå sentralt hald til sentra.
Resterande midlar må sentra tene inn kommersielt gjennom
billettsal og sal av suvenirar. Det vert vanskeleg å planlegge
utvikling og formidling av naturinformasjon under slike vilkår.
Både økonomisk og fagleg treng nasjonalparksentra
eit løft, mellom anna ved at fleire oppgåver vert
flytta ut til sentra, slik at desse kan ha fagpersonar i arbeid.
I mange verneområde, og spesielt i landskapsvernområde
og naturreservat, er det trong for vedlikehald og skjødsel for å oppretthalde
verneverdiane i området. Dette kan vere å oppretthalde
gamle slåttetradisjonar, seterdrift, halde tråkk
og gamle turstiar i stand, eller anna skjødsel. Etter forslagsstillarane
si vurdering, må òg desse verneområda
få eit løft slik at verneverdiane vert sikra og
områda kan fylle oppgåva si som kunnskapsformidlar
og ivaretakar av naturarven.
Med denne grunngjevinga fremjer ein følgjande
forslag:
Stortinget ber Regjeringa på ein eigna måte,
og seinast i samband med statsbudsjettet for 2004, fremje forslag
om å styrkje og byggje ut drifta og forvaltinga av nasjonalparkane
og andre verneområde.
6. februar 2003