Til Stortinget
Både lærarar, helsepersonell, politi og andre
som arbeider mellom ungdom står ofte overfor vanskelege
avvegingar i forholdet mellom personvern, taushetsplikt og varslingsplikt.
Forslagsstillarane tek i forslaget opp behovet for ei klargjering
på rusfeltet.
Samtykke til å bli løyst frå taushetsplikta
kan i konkrete tilfelle medføre at tiltak for å berge
einskildpersonar som ikkje er i stand til å vurdere eigen
situasjon, kan setjast inn ved overhengande fare. Bekymringssamtalar
på eit tidleg tidspunkt kan avverje potensielle ruskarrierar.
Foreldre som gjerne vil bli trekt inn, anten det gjeld ein ungdom
som er i ferd med å mista fotfestet eller det handlar om
ein som er på veg ut frå eit behandlingstilbud,
opplever at taushetsplikta hindrar utveksling av informasjon.
Ei rekkje konkrete døme gjer at forslagsstillarane meiner
det er behov for ein gjennomgang av aktuelt lovverk. Det gjeld t.d.
helsepersonell-lova, barnelova, opplæringslova, politilova
og lovene om helse- og sosialtenester. Skilnaden i handtering av
einskildsaker der personen det gjeld er under eller over 18 år må klargjerast.
Det er også viktig å få fram ei vurdering
av følgjene av ei eventuell oppmjuking av aktuelt lovverk.
På denne bakgrunn vert fremja følgjande
forslag:
Stortinget ber Regjeringa føreta ein gjennomgang av
aktuelt lovverk for å sikre ein betre praksis enn i dag
på rusfeltet når det gjeld forholdet mellom personvern,
taushetsplikt og varslingsplikt.
21. juni 2002