Stortinget - Møte torsdag den 1. februar 2024

Dato: 01.02.2024
President: Masud Gharahkhani

Søk

Innhald

Voteringer

Votering

Presidenten []: Stortinget går til votering i sakene nr. 1–4 og 7 på dagens kart.

Votering i sak nr. 1, debattert 1. februar 2024

Innstilling fra valgkomiteen om valg av nytt medlem til Stortingets delegasjon til Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europas (OSSEs) parlamentariske forsamling (Innst. 183 S (2023–2024))

Debatt i sak nr. 1

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Som nytt medlem av OSSEs parlamentariske forsamling velges: Mona Fagerås.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 2, debattert 1. februar 2024

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marie Sneve Martinussen, Bjørnar Moxnes og Naomi Wessel om ivaretakelse av veteraner (Innst. 148 S (2023–2024), jf. Dokument 8:26 S (2023–2024))

Debatt i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Ingrid Fiskaa sett fram eit forslag på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen i løpet av sesjonen 2023–2024 legge fram for Stortinget en tiltaksplan for ivaretakelse og oppfølging av veteraner.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:26 S (2023–2024) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marie Sneve Martinussen, Bjørnar Moxnes og Naomi Wessel om ivaretakelse av veteraner – vedtas ikke

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre vart tilrådinga vedteken med 80 mot 19 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.02.46)

Votering i sak nr. 3, debattert 1. februar 2024

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lan Marie Nguyen Berg, Ingrid Fiskaa og Stine Westrum om et flerårig program for støtte til humanitær hjelp og gjenoppbygging av Palestina (Innst. 168 S (2023–2024), jf. Dokument 8:47 S (2023–2024))

Debatt i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det sett fram fem forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre

  • forslaga nr. 2–4, frå Lan Marie Nguyen Berg på vegner av Miljøpartiet Dei Grøne

  • forslag nr. 5, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Forslaga nr. 3 og 4 er trekte under debatten.

Det vert votert over forslag nr. 2, frå Miljøpartiet Dei Grøne. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget senest fredag 16. februar 2024, med forslag til en betydelig økning av kjernestøtten til UNRWA for å motvirke en ytterligere forverring av den humanitære situasjonen på Gaza.»

Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Miljøpartiet Dei Grøne vart med 82 mot 18 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.03.48)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 5, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringa om å auke løyvinga til UNRWA og arbeide ilag med andre land for å tette det finansieringsgapet som oppstod etter at 12 land fraus bistanden til organisasjonen.»

Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 81 mot 18 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.04.07)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:47 S (2023–2024) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lan Marie Nguyen Berg, Ingrid Fiskaa og Stine Westrum om et flerårig program for støtte til humanitær hjelp og gjenoppbygging av Palestina – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslag nr. 1, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med eit forslag til eit fleirårig program for støtte til humanitær hjelp og gjenoppbygging av Gaza.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre vart tilrådinga vedteken med 82 mot 18 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.04.43)

Votering i sak nr. 4, debattert 1. februar 2024

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Marian Hussein, Andreas Sjalg Unneland og Kirsti Bergstø om norsk støtte til etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel (Innst. 147 S (2023–2024), jf. Dokument 8:29 S (2023–2024))

Debatt i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten er det sett fram fire forslag. Det er

  • forslaga nr. 1–3, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre

  • forslag nr. 4, frå Ingrid Fiskaa på vegner av Sosialistisk Venstreparti og Raudt

Det vert votert over forslag nr. 4, frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen henvise situasjonen i Palestina til Den internasjonale straffedomstolen.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti og Raudt vart med 86 mot 14 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.05.22)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:29 S (2023–2024) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Ingrid Fiskaa, Marian Hussein, Andreas Sjalg Unneland og Kirsti Bergstø om norsk støtte til etterforsking av krigsbrotsverk på Gaza, Vestbreidda og i Israel – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslaga nr. 1–3, frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringa ta ei leiande rolle i det internasjonale arbeidet for å identifisere, etterforske og straffeforfølgje eventuelle krigsbrotsverk i Gaza, Vestbreidda og Israel, og stille med ressursar til Den internasjonale straffedomstolen og frivillige organisasjonar som bidrar til dokumentasjon av krigsbrotsverk.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringa legge press på Israel for at Den internasjonale straffedomstolen ICC skal få tilgang til Gaza, Vestbreidda og Israel for å etterforske eventuelle krigsbrotsverk.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringa sørge for at nordmenn evakuerte frå krigen i Gaza systematisk vert intervjua slik at Kripos får kartlagt eventuelle vitne og/eller offer for krigsbrotsverk.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Sosialistisk Venstreparti, Raudt og Venstre vart tilrådinga vedteken med 82 mot 18 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.06.00)