Stortinget - Møte torsdag den 24. mars 2022

Dato: 24.03.2022
President: Nils T. Bjørke

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten: Representantane Sverre Myrli og Carl I. Hagen, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Det ligg føre tre permisjonssøknader: frå representanten Helge André Njåstad om omsorgspermisjon frå og med 28. til og med 31. mars, frå Senterpartiets stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Geir Inge Lien frå og med 24. mars og inntil vidare, og frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Tove Elise Madland frå og med 24. mars og inntil vidare.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknadene vert behandla straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:

For Hordaland: Sigbjørn Framnes

For Møre og Romsdal: Ingrid Waagen

For Rogaland: Marte Eide Klovning

Presidenten: Ingrid Waagen og Marte Eide Klovning er til stades og vil ta sete.

Representanten Tobias Drevland Lund vil setja fram eit representantforslag.

Tobias Drevland Lund (R) []: På vegne av stortingsrepresentantene Marie Sneve Martinussen, Seher Aydar og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om å inkorporere FN-konvensjonen om rettigheter til personer med nedsatt funksjonsevne i norsk lovgivning.

Presidenten: Representanten Ingvild Wetrhus Thorsvik vil setja fram to representantforslag.

Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) []: På vegne av representantene Guri Melby, Abid Raja og meg selv vil jeg sette fram et representantforslag om å sikre oppreisning til mennesker som har vært utsatt for ulovlig tvangsmiddelbruk.

På vegne av representantene Guri Melby, André N. Skjelstad, Abid Raja og meg selv vil jeg sette fram et forslag om strakstiltak for å redusere passkøene i Norge.

Presidenten: Representanten Alfred Jens Bjørlo vil setja fram eit representantforslag.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: På vegner av representantane Grunde Almeland, André N. Skjelstad og meg sjølv vil eg setje fram eit representantforslag om å sikre like konkurransevilkår mellom uavhengige merkevarer og kjedene sine eigne merkevarer i daglegvaremarknaden.

Presidenten: Forslaga vil verta handsama etter reglementet.

Presidenten vil gjera merksam på at sak nr. 3 på møtekartet ikkje har vore offentleg i dei 48 timane reglementet krev, jf. forretningsordenen § 46. Presidenten vil likevel gjera framlegg om at saka vert teken opp til handsaming.

Ingen innvendingar er komne mot det, og presidenten ser det som vedteke.

Sakene nr. 1 og 2 vert handsama under eitt.