Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte torsdag den 26. mai 2016 kl. 10

Dato:
President: Olemic Thommessen

Sak nr. 6 [19:03:50]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren:
«Med samhandlingsreforma fekk kommunane betalingsplikt for utskrivingsklare somatiske pasientar frå spesialisthelsetenesta. Føremålet var å tydeleggjere ansvaret heimkommunen allereie hadde for utskrivingsklare pasientar som blei verande i spesialisthelsetenesta medan dei venta på eit kommunalt tilbod. Ifølgje Riksrevisjonen har kommunane i liten grad auka kapasiteten og styrka kompetansen etter innføringa av samhandlingsreforma. Innanfor rus- og psykiatriområdet er talet på døgnplassar redusert med nesten 10 prosent frå 2010-2014, medan tilbodet i kommunane ikkje er styrka tilsvarande. Regjeringa vil like fullt innføre betalingsplikt også for rus- og psykiatriområdet, tidlegast i 2017.
Kva er statsrådens plan for å sikre at rus- og psykiatripasientar får eit forsvarleg kommunalt tilbod, og kva verkemiddel skal tas i bruk for å sikra naudsynt kapasitet og kompetanse i det kommunale tilbodet?»

Talarar