Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte torsdag den 21. mai 2015 kl. 10

Dato:
President: Marit Nybakk

Sak nr. 7 [14:10:47]

Interpellasjon fra representanten Bård Vegar Solhjell til kommunal- og moderniseringsministeren:
«Sogn og Fjordane er eit fylke med mange sterke kvalitetar. Låg arbeidsløyse, god folkehelse, flott natur og skular med gode resultat. Fylket skapar store verdiar, m.a. frå energiproduksjon, industri, reiseliv og sjømat. Det er samstundes eit distriktsfylke, utan storbyar og med spreidd busetnad, som har utvikla seg gjennom aktiv distriktspolitikk og ved å dyrke sine særtrekk. Regjeringa har lansert ei rekkje reformer eller «strukturendringar» i offentleg sektor, som i realiteten kan bety omfattande sentralisering bort frå fylket. Dette kan verte situasjonen innan politiet, i høgskulesektoren, i organiseringa av skattekontor, jordskifterett, Fiskeridirektoratet og i organiseringa av alarmsentralar. Samstundes vert fylket råka av endra overføringar til fylkeskommunen. I sum kan dette svekkje fylket og tappe det for kompetanse.
Vil regjeringa utvikle og styrke Sogn og Fjordane fylke, og i så fall korleis?»