Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte tirsdag den 14. april 2015 kl. 10

Dato:
President: Olemic Thommessen

Sak nr. 6 [13:22:26]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren:
«Fakta viser at underernæring hos eldre menneske på sjukehus og sjukeheim er eit stort problem. Helsedirektoratet lanserte i 2009 «Nasjonale faglige retningslinjer for forebygging og behandling av underernæring». Desse skulle bidra til at underernærte og personar i ernæringsmessig risiko vert identifiserte og får ei målretta ernæringsbehandling. Målgruppa var helsepersonell både i spesialist- og primærhelsetenesta. I Aftenposten kunne vi den 11. mars 2015 lese om ein pasient som i samband med eit sjukehusopphald i 2013 tok av 21 kilo. Pasienten døydde kort tid etterpå. Fylkeslegen uttaler at pasienten døydde som følgje av systemsvikt over lang tid, og at sjukehuset har brote forsvarlegheitskravet.
Kva gjer regjeringa for å hindra utvikling av underernæring hos eldre, og kva vert gjort for å hindra at liknande systemsvikt skjer ved andre helseinstitusjonar i Noreg?»

Talarar