Stortinget - Møte onsdag den 13. april 2011 kl. 10

Dato: 13.04.2011

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 2

Peter Skovholt Gitmark (H) [11:20:22]: Jeg har følgende spørsmål til statsråden:

«Fra desember av kan togreisen mellom Stavanger og Kristiansand ta opp mot 24 minutter lengre tid. Dobbeltsporet Sandnes–Stavanger skulle lette situasjonen for særlig jobbpendlere langs Jærbanen. Den økte trafikken har medført at NSB foreslår å øke reisetiden mellom Norges fjerde og femte største byer.

Kan statsråden forsvare økt reisetid?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:20:50]: NSB har sett at mange av toga som går på strekninga Kristiansand–Stavanger, ikkje klarer å nå målet om ei punktlegheit på 90 pst., spesielt ikkje i morgon- og ettermiddagsrushet. Det hender difor at dei reisande ikkje når skule, arbeid eller korresponderande bussar på Bryne, på Klepp eller i Sandnes. Slik kan det ikkje vera. Ruteplanen skal ein kunna lita på.

NSB opplyser at desse manglane på punktlegheit hovudsakleg kjem av høg utnytting på den enkeltspora togbanen mellom Egersund og Sandnes. Dette gjer at ruteplanen ikkje er robust nok. Sjølv små hendingar og avvik får store konsekvensar for både person- og godstrafikk.

NSB og Jernbaneverket sette difor i gang eit prosjekt for å identifisera årsakene til forseinkingane. Det blir etter dette tilrådd å endra nokre stader der toga møtest, men òg å auka køyretida for nokre avgangar. NSB har informert meg om at dei no, etter eit møte med Vest-Agder fylkeskommune, har sett opp eit forslag til rutetider der nokre regiontog mellom Kristiansand og Stavanger får om lag 15 minutt auka køyretid på strekninga Egersund–Stavanger.

Nokre lokaltog får ein mindre auke, på 1–3 minutt. På det nye dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes blir det berre mindre justeringar i rutetidene. Desse endringane vil i følgje NSB gjera togruta mellom Stavanger og Kristiansand meir stabil.

NSB planlegg å senda eit høyringsbrev til fylkeskommunane i Rogaland og Vest-Agder, der dei kan koma med fråsegner til NSB sine nye ruteplanforslag. Parallelt vil Samferdselsdepartementet, som enno ikkje har hatt anledning til å vurdere NSB sitt forslag, gjera det no.

Eg vil følgja opp at togtilbodet framover blir så godt som råd er, gjeve dei infrastrukturmessige forholda på strekninga. Eg legg vekt på at togverksemdene involverer dei lokale styresmaktene.

Peter Skovholt Gitmark (H) [11:22:53]: Jeg takker for svaret.

Det er, slik jeg ser det, fire hovedpremisser som må til for at toget skal være konkurransedyktig med andre transportformer. Det er punktlighet, det er frekvens, det er reisetid, og det er pris. Den saken som vi nå diskuterer, omhandler både punktligheten og reisetiden. Når reisetiden øker, blir regiontoget mindre attraktivt. Samtidig, når punktligheten øker, vil det øke attraktiviteten. Men når man ser på tallene etter siste møte med Vest-Agder fylkeskommune, får lokaltogene en marginal økning, mens regiontogene får en økning på roughly ett kvarter. Det betyr, med de tidene som legges til grunn, at både buss og bil, i tillegg til fly, vil være mer attraktive på reisetid enn tog. Er det en utvikling samferdselsministeren støtter?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:23:49]: Det er ikkje ei utvikling som samferdselsministeren støttar isolert sett. Men det som er viktig å understreka, og som representanten Skovholt Gitmark er svært godt kjend med, er at infrastrukturen på Sørlandsbanen langt frå er den beste. Det er skjenegangen som er den fyrste føresetnaden for at ein har ein stabil togtrafikk, og der er det enno mykje som må gjerast, sjølv om det er utført forbetringar. Nye kryssingsspor, ballastreinsing osv. betyr mykje der. Då står vi overfor valet: Skal vi gjera som ingenting og la folk koma for seint og laga sine eigne rutetabellar ut frå forseinkingar, eller skal vi ta tak i dette og gjera det beste ut av situasjonen? NSB vel no det siste. Det synest eg er rett.

Peter Skovholt Gitmark (H) [11:24:53]: Det er prisverdig at jernbanen er bygd ut som dobbeltspor. Det er langt fra prisverdig å se Sørlandsbanen lide under både manglende vedlikehold og manglende investeringer. Samferdselsministeren har helt rett når hun sier at Sørlandsbanen er altfor dårlig. Strekningen Egersund–Sandnes er altfor dårlig. Hva akter samferdselsministeren å gjøre for å øke investeringstakten på jernbanen mellom Oslo og Stavanger, slik at vi får en reisetid som går ned og ikke opp?

I tillegg: Jeg synes det er veldig bra at samferdselsministeren er så tydelig når det gjelder hva hun liker og ikke liker. Jeg er hjertens enig – jeg liker kortere reisetid, jeg ønsker et tog som er attraktivt – men ønsker samferdselsministeren også å benytte sin mulighet til å prioritere nettopp Sørlandsbanen og strekningen i eget hjemfylke mellom Egersund og Sandnes?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:25:50]: Eg er einig med Skovholt Gitmark i prioriteringane hans. Svaret er òg ja på spørsmålet om eg likar å utnytta den moglegheita som no er til å styrkja jernbanen. Men lat meg understreka: Jernbanen slit med tiår med forsømmingar. Her er det mykje å ta igjen. No har Jernbaneverket midlar som gjer at dei kan prioritera vedlikehald og fornying. Vi har eit storstilt arbeid som pågår i Oslo-området, som er sjølve navet i heile jernbanestrukturen vår. Det vil vera ferdig i 2012.

Det er tre viktige element: Det er vedlikehald og fornying. Der er Oslo-området spesielt. Det er planlegging av nye spor, iverksetjing av nye banar – vi skal opna tre nye store prosjekt i år.

På Sørlandsbanen skjer det òg fornying, og vi kjem ytterlegare tilbake til han i samband med den pågåande rulleringa av Nasjonal transportplan.