Stortinget - Møte onsdag den 28. april 2010 kl. 10

Dato: 28.04.2010

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 9

Torbjørn Røe Isaksen (H) [12:24:04]: ««Det vil være en kraftig fallitterklæring om den rødgrønne regjeringen legger ned Bratsbergbanen. Det skal ikke skje. Her skal det gå tog etter 13. juni», sa lederen i Senterungdommen, statsrådens eget ungdomsparti, til Telen 20. april i år. Tidligere samferdselsminister Liv Signe Navarsete har tidligere lovet videre støtte.

Mener statsråden det er god distrikts- og samferdselspolitikk å kutte hele statens bidrag til Bratsbergbanen, og vil hun bevilge midler, eller godta nedleggelse?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:24:45]: Telemark fylkeskommune overtok driftsansvaret for lokaltoget på Bratsbergbanen frå og med 2004 etter eige ynske. Den 24. september 2002 vart det inngått ein avtale om dette mellom dåverande samferdselsminister Torild Skogsholm og fylkesordførar Andreas Kjær. Avtalen vart inngått etter initiativ frå fylkeskommunen, som ynskte å ta over ansvaret for å leggja til rette for konkurranseutsetjing av lokaltoget som ledd i eit arbeid med å utvikla og betra togtilbodet på banestrekninga.

I avtalen frå 2002 er det ikkje teke inn nokon klausul om at det skulle løyvast eit permanent øyremerkt tilskot frå Samferdselsdepartementet til Telemark fylkeskommune til drift av lokaltoget. Det øyremerkte tilskotet vart innført som ei tidsavgrensa ordning etter at Kommunal- og regionaldepartementet føretok ei gradvis nedtrapping av kompensasjonsbeløpet og la det inn i den generelle rammeoverføringa til fylkeskommunen, basert på dei faste fordelingskriteria i inntektssystemet for fylkeskommunane. Dette vart gjort etter ein dialog på førehand med Telemark fylkeskommune, og fylkeskommunen vart gjord kjend med dette gjennom brev frå Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet.

Samferdselsdepartementet har halde fast ved denne avtalen. Min forgjengar lova ikkje eit permanent tilskot over Samferdselsdepartementet sitt budsjett, men å forlengja tilskotet med eitt år, frå 1. halvår 2009 til 1. halvår 2010. Grunngjevinga var at fylkeskommunen på denne måten skulle få noko lengre tid på seg til å leggja til rette for eit styrkt trafikkgrunnlag for lokaltoget. Samferdselsdepartementet har følgt opp denne lovnaden med ei ekstraløyving på totalt 12 mill. kr i 2009 og 2010. I samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2010 vedtok Stortinget å løyva 6 mill. kr som sluttkompensasjon over Samferdselsdepartementet sitt budsjett. Eg viser til at i samanheng med budsjettbehandlinga i Stortinget vart det fremja forslag frå opposisjonen om å overføra tilskottsansvaret tilbake til staten frå og med 2011. Det vart det ikkje fleirtal for.

Eg har ikkje noko ynske om at lokaltoget skal leggjast ned, men eg synest nok at vi skal halda fast ved den avtalen som er inngått, og som var inngått etter eige ynske frå fylkeskommunen. Etter at dette tilskottet fell bort, har departementet lagt til grunn at bidrag til drifta på vanleg måte må dekkjast innafor ramma av statlege overføringar gjennom inntektssystemet på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett utan øyremerking. Det er eit viktig prinsipp for å markera at fylkeskommunen har det reelle ansvaret for den lokale kollektivtrafikken som inngår i fylkeskommunen sitt ansvarsområde.

Eg har registrert at det er et visst engasjement rundt Bratsbergbanen. Etter førespurnad frå Telemark fylkeskommune har eg invitert fylkeskommunen til eit møte hos meg for å drøfta saka fyrstkommande fredag, 30. april i år.

Torbjørn Røe Isaksen (H) [12:28:09]: For å si noe positivt først: Det er bra at statsråden har takket ja til invitasjonen og vil møte fylket.

Så litt om historieskriving: Det er bra at Telemark fylkeskommune, hvor bl.a. Senterpartiet også den gang var med og styrte, tok initiativ og ansvar for å få opp igjen en jernbanestrekning som da var nedlagt. Så sa staten at de skulle være med.

Jeg har lyst til å minne statsråden om at hun er statsråd og ikke jurist. Dette er ikke først og fremst et juridisk spørsmål. Det er et politisk spørsmål. Men jeg synes velgerne i Telemark fortjener et klart svar, og lokale velgere, også rød-grønne velgere, i Notodden og omegn og Grenland, fortjener et klart svar.

Betyr det statsråden nå sier, at hun kategorisk utelukker en videreføring av det statlige driftstilskuddet til Bratsbergbanen? Ja eller nei.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:29:04]: Representanten Røe Isaksen har rett – dette er fyrst og fremst eit politisk spørsmål. Det er eit spørsmål om å stå ved ein avtale som er inngått tidlegare. Det er i tillegg eit spørsmål om korleis vi heile tida skal bruka dei midlane som er til disposisjon til drift av jernbane gjennom kjøpsavtalen overfor NSB. Her er det nok tal som viser at det er mange strekningar i dette landet som kunne gått føre Bratsbergbanen.

Eg vil ikkje seia ja eller nei på dette tidspunktet. Difor har eg invitert fylkesordføraren på eit møte på fredag. Det er forresten den fyrste responsen som har kome frå fylkesordføraren i Telemark frå vi sende brev til fylkeskommunen om Bratsbergbanen i januar.

Torbjørn Røe Isaksen (H) [12:30:10]: Jeg antar at statsråden ikke er ukjent med engasjementet som har vært også fra fylkeskommunens side for Bratsbergbanen, gjennom et enstemmig vedtak i fylkestinget, hvor man ber om at banen videreføres, og engasjementet fra samferdselsministerens egne partifeller lokalt, som også har bedt om det samme, og engasjementet i forkant av valgkampen, hvor det riktignok kom penger til et halvt år ekstra, men hvor det, i hvert fall etter denne representantens mening, var å lese mellom linjene at dette var noe som man også kunne forvente i fremtiden.

Jeg har lyst til å gå tilbake til mitt opprinnelige spørsmål, nemlig til Senterungdommen, som da er samferdselsministerens eget ungdomsparti, og lederen som sier at det vil være en kraftig fallitterklæring for den rød-grønne regjeringen om Bratsbergbanen legges ned. Det skal ikke skje, sier han, her skal det gå tog etter 13. juni. Er samferdselsministeren enig med lederen i Senterungdommen, som da er leder for samferdselsministerens eget ungdomsparti?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [12:31:11]: No har Røe Isaksen same erfaring som Johannes Ringdal som leiar for eit ungdomsparti, og veit dermed at det kan nok tenkjast at ikkje alt som ein ungdomsleiar uttaler, er det same som alle andre i det same partiet står for.

Lat meg understreka at Senterpartiet i Telemark har ført ein heroisk kamp for Bratsbergbanen. Heilt frå eg kom inn i regjering, har eg med jamne mellomrom høyrt frå dei og òg frå dei raud-grøne elles. Eg har høyrt mindre frå fylkesordføraren frå Høgre, som har ansvaret pr. dato for drifta av denne banen. Eg ser fram til møtet på fredag og det som måtte koma der, òg frå fylkesordføraren si side om kva dei sjølve har tenkt å stilla opp med for eventuelt framleis å vareta Bratsbergbanen.