Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte tirsdag den 2. februar 2010 kl. 10

Dato:
President: Dag Terje Andersen

Sak nr. 3 [11:37:46]

Interpellasjon fra representanten Bjørn Lødemel til olje- og energiministeren:
«Ein god infrastruktur for overføring av elektrisitet er avgjerande for utviklinga av fornybar energiproduksjon, forsyningstryggleik og ein fornuftig bruk av energiressursane. Eit nytt 3. generasjons hovudnett for overføring av kraft i sjøkabel langs kysten, eit såkalla «supernett», vil kunne vere viktig i så måte. Eit slikt nett vil også vere viktig i forhold til utanlandssambandet til Storbritannia og til kontinentet og eventuell elektrifisering av installasjonar på sokkelen. Eit slikt nett kan også redusere behova for store kraftlinjer på land. Utbygging av eit slikt nett kan krevje ein annan teknologi enn det vi har for kraftoverføring på land.
Vil Regjeringa ta initiativ til slik utgreiing av eit «supernett» for framføring av elektrisk kraft i sjøkabel langs kysten og til Europa?»

Talarar