Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 2010 kl. 10

Dato: 13.01.2010

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 6

Freddy de Ruiter (A) [11:53:05]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Det har blitt rapportert om arbeidsforhold for arbeidstakere i selskap som har levert tjenester til OPS-prosjektet E18 Grimstad–Kristiansand, som vi ikke kan være bekjent av i Norge.

Vil statsråden foreta seg noe i denne konkrete saken, og kan statsråden orientere om hvordan Statens vegvesen generelt arbeider for å forhindre slike arbeidsforhold?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:53:33]: Statens vegvesen har i kontrakten for E18 Grimstad–Kristiansand, som vart inngått i juni 2006, forplikta OPS-selskapet til å bruka norske lønns- og arbeidstilhøve for alle entreprenørar og leverandørar som medverkar i anleggsarbeidet. OPS-selskapet har dokumentert korleis totalentreprenøren følgjer opp dette. Dokumentasjonen viser at totalentreprenøren tilsynelatande har hatt gode rutinar på dette området. Vegvesenet har gjennom si oppfølging av OPS-selskapet ikkje funne prov på at dette ikkje har vore teke hand om på tilfredsstillande vis. Statens vegvesen har korkje i rolla som kontraktspart i OPS-kontraktar eller i rolla som byggherre innsynsrett i arbeidsavtale, lønnsslipp eller timelister til den einskilde arbeidstakar. Innsynsrett er det tillitsvald hjå hovudleverandøren som har, i tillegg til Arbeidstilsynet.

For det konkrete firmaet utførte Statens vegvesen i juni 2009 ein kontroll av føretaket saman med Arbeidstilsynet for å kontrollera at føresegnene om køyre- og kviletid og arbeidstid vart haldne. Det vart då oppdaga mangelfull timeregistrering og dokumentasjon av at føresegnene om køyre- og kviletid vart haldne. Statens vegvesen melde dette til politiet.

I samband med Regjeringa si innskjerping av reglane om allmenngjering av tariffavtalar og krav til minstelønn dei seinaste åra har Statens vegvesen fleire gonger endra krava som skal gjelda i kontraktar der Statens vegvesen er byggherre. Staten vegvesen har følgjande føresegn om dette i kontrakten:

«Tilsette hjå entreprenør og eventuelle underentreprenørar og underleverandørar som direkte medverkar til å oppfylla kontrakten, skal ha løns- og arbeidstilhøve som ikkje er dårlegare enn det som følgjer av gjeldande landsomfattande tariffavtale, eller det som elles er normalt for vedkomande stad og yrke.»

Statens vegvesen si plikt til å føra tilsyn med lønns- og arbeidstilhøve følgjer av Forskrift om informasjons- og påseplikt og innsynsrett frå 2008. I samband med denne føresegna har tillitsvald hjå hovudentreprenør innsynsrett i lønns- og arbeidstilhøva for alle arbeidstakarar på kontrakten. Statens vegvesen utøver si plikt til å kontrollera ved å krevja at hovudentreprenør godtgjer at alle arbeidstakarane på anleggsplassen har lønns- og arbeidstilhøve i tråd med norske føresegner. Dette blir følgt opp i byggjemøte.

Lat meg leggja til at det er viktig at alle aktørar gjer sin del av arbeidet for å sikra norske lønns- og arbeidstilhøve. Det er òg bra at avvik blir kjende, slik at ein kontinuerleg har fokus på å sikra ryddige tilhøve. Eg kan elles opplysa at ny og revidert byggherreføresegn, med krav til førebyggjande tiltak innan spesifiserte område, vart iverksett no frå 1. januar 2010.

Freddy de Ruiter (A) [11:56:38]: Agderposten fra 12. og 13. november dokumenterer egentlig arbeidsforholdene på en veldig god måte. Jeg har selv truffet de tyske arbeidstakerne det her er snakk om. Tiden tillater ikke å komme inn på alle punktene, men det er en ganske lang og skremmende liste over brudd på det vi er vant til når det gjelder gode arbeidsforhold.

Jeg savner et engasjement fra offentlige myndigheter i denne saken. Hvis engasjementet fra offentlige myndigheter hadde vært like stort på det å ha gode arbeidsforhold på anlegget som det var på å få veien raskt ferdig, er jeg sikker på at forholdene hadde vært atskillig bedre. Jeg tror dessverre at dette bare er toppen av isfjellet. Jeg har for en tid tilbake truffet ungarske arbeidstakere på det samme anlegget, men de hadde dessverre ikke den samme dokumentasjonen på brudd.

Spørsmålet mitt til statsråden er: Vil statsråden følge denne saken?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:57:39]: Svaret er ja, det vil eg. Eg kjem til å følgja nøye med på situasjonen. Eg må understreka det ansvaret som Statens vegvesen som statleg myndigheit i dette tilfellet har for å følgja opp, men òg at dei har avgrensa innsyn.

Eg er ikkje glad for at det finst slike tilhøve, men eg er glad for at dei blir avdekte, for vi må kontinuerleg ha fokus på at det skal vera ryddige forhold, og at føresegnene skal følgjast.

Freddy de Ruiter (A) [11:58:33]: Jeg takker statsråden for svaret, og jeg er veldig glad for at statsråden vil følge denne saken videre. Jeg tror det er helt avgjørende, ikke bare når det gjelder denne saken, men det er av samfunnsmessig betydning at vi har et godt og seriøst arbeidsliv. Det er en av bærebjelkene i vårt velferdssamfunn. Sånne forhold er selvfølgelig ille for den enkelte, men jeg er nok redd for at hvis det blir for mange slike tilfeller, kan det true hele vår velferdsmodell.

Mitt siste spørsmål til statsråden er rett og slett hva slags refleksjoner hun har i så måte.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:59:16]: Eg deler Freddy de Ruiters betraktningar når det gjeld behovet for ryddige forhold i arbeidslivet, behovet for klåre reglar og behovet for tiltak som gjer at reglane blir følgde.

Lat meg då seia at når det gjeld innskjerpinga av byggherreføresegna, som eg nemnde i mitt fyrste svar, skal byggherren stilla konkrete krav til førebyggjande tiltak innan ti spesifiserte område, inklusiv lønns- og arbeidstilhøve. Det er no ein dialog mellom Statens vegvesen og Arbeidstilsynet om korleis desse skal tolkast, korleis dei på rett måte kan følgjast opp. Statens vegvesen vil der retta seg etter dei tilrådingane som kjem frå Arbeidstilsynet.