Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Stortinget - Møte onsdag den 13. april 2005 kl. 10

Dato:
President: Jørgen Kosmo
Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 11

Per Roar Bredvold (FrP) [12:11:05]: Jeg ønsker å stille miljøministeren følgende spørsmål:

«Vern ødelegger livskvaliteten vår, sier de fleste som bor i Engerdal kommune i Hedmark. Staten foreslår å verne store områder i tillegg til det som er vernet fra før.

Mener statsråden at lokale interesser og muligheter til å bruke naturen i jobb og fritid må vike for nye verneinteresser, når kommunen har store arealer båndlagt fra før?»

Statsråd Knut Arild Hareide [12:11:30]: I Stortinget er det brei støtte for å auka skogvernet og for at offentleg eigde skogareal skal brukast aktivt i dette arbeidet. For å følgja opp klare signal frå Stortinget har eg i nært samarbeid med landbruks- og matministeren sett i gang eit systematisk arbeid for skogvern på statsgrunn.

Arbeidet med vern på statsgrunn omfattar areal i ei rekkje kommunar, mellom andre Engerdal. Det blir no gjennomført omfattande høyringsprosessar der alle partar kan komma med innspel om sine synspunkt og interesser.

Vernesaka er enno ikkje send til departementet for behandling, og eg kan derfor ikkje kommentera denne saka i detalj no.

Regjeringa sitt arbeid med vern etter naturvernlova har brei støtte i Stortinget. Vernepolitikken er ein viktig del av ein aktiv og langsiktig miljøpolitikk som har som mål å sikra livskvalitet for samfunnet og den enkelte. Regjeringa legg stor vekt på at eksisterande verksemd og bruk skal kunna halda fram innanfor gamle og nyoppretta verneområde så lenge dette ikkje skjer i strid med verneformålet. Det inneber at folk bl.a. skal kunna ferdast i området, drive fiske og jakt, sanka sopp og bær.

Nokon meiner at vern berre inneber restriksjonar og tapte moglegheiter for næringsutvikling. Eg ønskjer å fokusera på kva moglegheiter vernet gir for lokal og regional næringsutvikling. Derfor er eg glad for at fleire og fleire kommunar har teke utfordringa med å utvikla dei næringsmessige moglegheitene som vernet gir.

Verneområda våre og områda omkring dei ligg ikkje «næringsmessig brakk» i dag. Både landbruket og reiselivet har lenge nytta desse areala som grunnlag for næring. Denne regjeringa legg stor vekt på og tek på alvor at verneområda våre også i framtida skal bli eit viktig grunnlag for verdiskaping i distrikta våre. Gjennom «fjellteksten» i revidert statsbudsjett for 2003 har Regjeringa gitt retningslinjer for på kva måte dette arbeidet skal kunna skje, og for kva omsyn ein må ta slik at naturverdiane ikkje blir reduserte eller øydelagde.

Det er mi klare oppfatning at vern og berekraftig bruk av våre naturressursar, der Regjeringa sin vernepolitikk inngår som eit vesentleg element, vil styrkja næringsgrunnlaget i våre distrikt.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:13:53]: Jeg takker statsråden for svaret.

Engerdal kommune er en forholdsvis liten kommune på drøye 2 000 km2 og med ca. 1 500 innbyggere. Av disse 1 500 innbyggerne er det ca. 250 personer som har bruksrettigheter til områder som er eller blir vernet nå. I dette tilfellet er det stort sett statsskoger i Engerdal kommune. Til sammen blir dette ca. 600 km2. Allerede er det vernede områder i Engerdal kommune som er større enn Oslo kommune, bare for å si litt om størrelsen når man nå foreslår å verne ytterligere ca. 130 km2. Det vil si at i disse områdene blir det vanskelig med skogsdrift, det er vanskelig å drive vedhogst, det blir i deler av området forbudt å ri på hest og å sykle, forbudt med motorisert ferdsel, eventuelle veier og grøfter skal fjernes, og naturen skal bringes tilbake. Det er da jeg har litt vanskeligheter med å skjønne statsråden når han sier at vernet gir næringsmessige muligheter. Hva med det næringslivet som allerede er i dag, som blir borte, bl.a. turisme og skogbruk?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:15:03]: No vil eg ikkje kommentera den konkrete saka i Engerdal. Der er det ein høringsprosess, der har no dei lokale moglegheit for å komma med sine innspel, og me vil der til slutt gjera ei heilskapleg vurdering. Det er derfor me har desse demokratiske prosessane, slik at dette skal få moglegheit til å komma fram.

Det som eg har lyst til å peika på i denne saka, som eg synest er veldig positivt, er at staten òg er med på å verna noko av sin grunn. Representanten Bredvold og eg kan vera ueinige om vernepolitikken generelt, men det at staten òg er med på å verna noko av sitt areal, synest eg er veldig positivt, og i den samanhengen veit eg at Framstegspartiet òg gav si tilslutning nettopp til forslaget om aktiv bruk av offentleg eigde areal i skogvernarbeidet. Eg har òg møtt personar frå lokalbefolkninga som ser moglegheitene gjennom vern. Eg trur òg det er viktig at me frå Miljøverndepartementet si side støttar opp om det arbeidet, som gjer at me kan nytta vern som eit næringsgrunnlag.

Per Roar Bredvold (FrP) [12:16:12]: Jeg takker statsråden nok en gang for svaret.

Dette handler mye om livskvalitet, og det handler om næringsliv. Livskvalitet handler om at folk kan bruke naturen slik naturen er brukt før, og når muligheten til noe så enkelt som det å få ri blir borte, forsvinner noe av livskvaliteten for enkelte. Så er det andre ting som forsvinner for andre, for vi har forskjellig syn på hva livskvalitet er, og vi har forskjellig syn på hva et næringsliv er, selvfølgelig. Jeg har vært på møte oppe i Engerdal og hørt mange synspunkter, og de går ganske klart på at et vern vil redusere alt dette. Selvfølgelig er det sikkert noen som er for et vern. Men et alternativ er jo å gjøre arealet noe mindre, noe det kanskje er mulighet til å komme med forslag om. Det er imidlertid også spørsmål om kompensasjon, for man mister noe. Hva er kompensasjonen man kan få i så tilfelle?

Statsråd Knut Arild Hareide [12:17:08]: Livskvalitet er nettopp det som har vore eit viktig grunnlag for den vernepolitikken som Regjeringa fører, og som me har brei tilslutning til i Stortinget. Det at me tek vare på naturen vår og sikrar han for ettertida, er nettopp med på å auka livskvaliteten for veldig mange. Så er det ein del spørsmål som representanten på ein god måte tek opp, som det ikkje er teke noka avgjerd i enno. Vernearealet i Engerdal ligg i all hovudsak på såkalla overskottsallmenningar, og det betyr at skogvern her er mogleg, samtidig som privatpersonar med hogstrettar i statsallmenningen framleis kan ta ut tømmer, som eit eksempel. Det er ulike delar av retningslinjene som eg no vil sjå på framover. Dette er det ein prosess på. Her skal lokalbefolkninga få komma med sine innspel, og me vil sjølvsagt lytta til dei i heilskapsvurderinga vår.

Presidenten: Sak nr. 1, spørretime, er dermed ferdigbehandlet.

: