Stortinget.no

logo
Hopp til innhald
Til framsida

Odelstinget - Møte torsdag den 1. juni 2006 kl. 15.51

Sak nr. 2

Innstilling fra næringskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane André N. Skjelstad og Lars Sponheim om lov om endring i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) (oppheving av det generelle forbodet mot å dele landbrukseigedom)

Talarar

Votering i sak nr. 2

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har representanten Torbjørn Hansen sett fram eit forslag på vegner av Framstegspartiet, Høgre og Venstre. Forslaget lyder:

«Vedtak til lov

om endring i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord

(jordlova)

I

I lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) vert det gjort følgjande endringar:

Ny § 12 Deling

Eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk, skogbruk eller hagebruk kan utan hinder i denne lova delast, eller det kan stiftast bruksrettar til del av eigedomen. Deling krev likevel samtykke frå kommunen om delinga vert råka av andre eller femte ledd, eller av forskrift etter § 12a.

Dyrka jord som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk, kan ikkje delast eller frådelast eigedom utan kommunen sitt samtykke. Plikt til å søkje deling etter første ledd gjeld også ved avtale om forpakting og liknande leige eller bruksrett til del av den dyrka jorda når retten er stifta for lengre tid enn 10 år, eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

Samtykke er likevel ikkje nødvendig dersom

  • 1. det er gitt samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, og dette samtykket ikkje er forelda, jf. § 9 fjerde ledd, eller

  • 2. formålet med frådelinga eller delinga er å overdra jorda som tilleggsareal til annan eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk. Det er eit vilkår at det er oppretta skriftleg kontrakt der det går fram kva eigedom arealet skal leggjast til, og at arealet skal nyttast til slikt formål.

Samtykke til deling etter andre ledd kan berre tillatast når samfunnsinteresser av stor vekt taler for det.

Bygningar som ligg i eller nær tunområde kan ikkje frådelast eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller hagebruk utan kommunen sitt samtykke. Frådeling av bygningar som ligg i eller nær tunområdet kan tillatast når frådelinga ikkje vil føre til skade på kulturlandskapet, til konkret påreknelege driftsmessige ulemper av vesentleg betydning, eller dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for deling.

Vedtak kommunen gjer etter andre og femte ledd kan påklagast til fylkeslandbruksstyret om ikkje departementet har fastsett ein annan klageinstans.

Ny § 12a Lokale reglar om deling

Etter søknad frå kommunen kan departementet innføre forskrift som inneber at eigedom som er eller kan nyttast til jordbruk, hagebruk eller skogbruk, ikkje kan delast utan kommunen sitt samtykke. Slik forskrift kan innførast når kommunen meiner forskrift er ønskeleg ut frå omsynet til driftsmessig gode løysingar eller omsynet til kulturlandskapet.

Når det er søkt om deling etter lokale reglar, kan kommunen ved avgjerda berre leggje vekt på omsyn som låg til grunn for innføringa av reglane.

Ny § 12b Eigedom som består av fleire registernemningar

Søknadsplikta etter §§ 12 og 12a gjeld også for eigedom som består av fleire registernemningar dersom registernemningane er på same eigarhand.

Ny § 12c Tvangsauksjon og jordskifte

Begrensningane i §§ 12 og 12a gjeld ikkje når del av eigedom blir seld ved tvangssal. Det same gjeld dersom det i samband med offentleg jordskifte er nødvendig å dela eigedom.

Ny § 12d Vilkår

Samtykke til deling etter §§ 12 og 12a kan givast på slike vilkår som er nødvendige av omsyn til dei formåla føresegnene skal fremje.

Ny § 12e Bortfall av delingssamtykke

Dersom deling ikkje er rekvirert innan tre år etter at samtykke til deling er gitt, fell samtykket bort.

II

Endringane tek til å gjelde straks.»

Det vil bli votert alternativt mellom dette forslaget og innstillinga frå komiteen.

Komiteen hadde tilrådd:

Dokument nr. 8:27 (2005-2006) – framlegg frå stortingsrepresentantene André N. Skjelstad og Lars Sponheim om lov om endring i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) (oppheving av det generelle forbodet mot å dele landbrukseigedom) – bifalles ikke.

Presidenten: Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil støtte innstillinga.

Votering:Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Framstegspartiet, Høgre og Venstre blei tilrådinga vedteken med 45 mot 30 stemmer.(Voteringsutskrift kl. 16.53.14)