Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om representantforslag om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

  • «1. Stortinget ber regjeringa kome attende med ein plan for drenering av høgrisikoområdet for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.

  • 2. Stortinget viser til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset.

  • 3. Stortinget ber regjeringa sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført dei nødvendige midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering av fjellskredområdet ved Åkneset, kan gjennomførast.»

Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mani Hussaini, Stein Erik Lauvås, Linda Monsen Merkesdal, Marianne Sivertsen Næss og leiaren Terje Aasland, frå Høgre, Nikolai Astrup, Bård Ludvig Thorheim, Ove Trellevik og Mathilde Tybring-Gjedde, frå Senterpartiet, Siv Mossleth, Ole André Myhrvold og Gro-Anita Mykjåland, frå Framstegspartiet, Marius Arion Nilsen og Frank Edvard Sve, frå Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken og Birgit Oline Kjerstad, frå Raudt, Sofie Marhaug, frå Venstre, Ola Elvestuen, frå Miljøpartiet Dei Grøne, Rauand Ismail, og frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, legg til grunn Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge og Meld. St. 29 (2011–2012) Samfunnssikkerhet og faglege rapportar frå NVE om temaet fjellskred. Begge dei to stortingsmeldingane legg vekt på at førebygging er den viktigaste oppgåva når det gjeld å handtere naturfare og hendingar som trugar samfunn, liv, helse og verdiar.

I eit brev frå Olje- og energidepartementet 15. november 2021 (lagt ved innstillinga) viser statsråd Marte Mjøs Persen til at det er foreslått å auke løyvingane til flom- og skredførebyggande tiltak i nytt statsbudsjett til 720 mill. kroner, og at det er NVE som fagdirektorat som prioriterer skredførebyggande tiltak innanfor årlege prioriteringar av sikringsprosjekt.

Komiteen legg til grunn informasjonen frå NVE sine to rapportar nr. 77 (2016) og nr. 22 (2021), som slår fast at Åkneset i Stranda kommune for det første er klassifisert som eit høgrisikoobjekt for fjellskred med eit stort skadepotensial, og for det andre at det truleg kan vere mogleg å bremse utglidinga av fjellmassane ved å drenere bort vatn i fjellet. Eit skred vil føre til ei flodbølge i 10 kommunar i Storfjordregionen og ramme rundt 5 000 innbyggarar og dessutan infrastruktur og bygningar. Å forsinke raset kan ifølge den siste NVE-rapporten ha stor samfunnsøkonomisk nytte. Om ein tek med kostnadane med gjentekne evakueringar, i tillegg til dei materielle skadane og skadane på infrastruktur som eit større ras vil kunne utløyse, er det snakk om ein samfunnsnytteverdi tilsvarande 50 mrd. kroner om ein lykkast. Det finst eksempel frå andre land der slike dreneringstiltak har ført til eit redusert tempo i utglidinga av fjell. Det er skissert ei trinnvis gjennomføring med kontinuerleg evaluering av tiltaka.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti, viser til at drenering av fjellpartiet Åknes er et lovende, men samtidig nytt og krevende prosjekt. NVEs forundersøkelser viser så langt gode resultater, og drenering blir vurdert å ha svært god nytte for samfunnet sammenlignet med kostnadene.

Flertallet merker seg at det er viktig med nøye planlegging og prosjektering før tiltakene kan iverksettes. Tiltakene som er beskrevet i NVEs rapport (nr. 22/2021), vil ha en kort sesong for anleggsutførelse og må gjennomføres etappevis over flere år tilpasset observasjoner av oppnådd effekt. Grundige målinger og evalueringer vil være nødvendig underveis. Flertallet viser til at NVE anslår at første anleggsfase med bortledning av vann i de øvre deler av fjellpartiet vil kunne gjennomføres i 2024–2025. Kostnadene i denne fasen er foreløpig estimert til å være i størrelsesorden 30–40 mill. kroner per år.

Flertallet mener det i tråd med de vanlige prinsippene for midler til flom- og skredforebygging bør være opp til NVE å gjøre faglige vurderinger underveis og prioritere midler til prosjektet innenfor sin ramme. Dette er ikke minst viktig siden det her er snakk om å ta i bruk en ny metode innen skredforebygging i Norge, og siden det er nødvendig å vinne erfaringer undervegs.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti viser til fjellskredområdet Åkneset i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har tidlegare kartlagt Åkneset som eit av fleire høgrisiko fjellskredområde her i landet, der det vil få katastrofale følger når eit ras ein gong går ut i Storfjorden.

Desse medlemene viser til at kommunane i Storfjordområdet, i lag med NVE, har bygd opp eit av dei beste systema for overvaking og beredskap i verda, med varsling av befolkninga og beredskapssenteret til NVE på Stranda, som har overvaking av fjellskredområdet døgnet rundt. Det har sidan 2003 blitt etablert omfattande måleinstrument i Åkneset, som viser store bevegelsar i eit fjellparti på om lag 54 mill. kubikkmeter. Utstyret som er etablert, er av det beste i verda, og fleire hundre millionar kroner er så langt brukte på det som sannsynlegvis er eit av dei best overvaka fjellpartia i verda.

Desse medlemene viser også til at det er etablert omfattande varsling av befolkninga med områdevarsling via UMS på mobil og telefon og tyfonar som er utplasserte i heile Storfjordområdet. Systemet blir brukt til øvingar kvart år og er per i dag blant dei beste i Noreg. Det er òg etablert ei eiga forskrift i TEK 17 som fastslår at folk kan bu og leve i område der tryggleiken er tilfredsstillande med ei varslingstid på 72 timar til innbyggjarane.

Desse medlemene er bekymra for de enorme verdiane som vil gå tapt når Åkneset rasar ut. Det er ikkje snakk om «om raset går», men når. Eit stort fjellskred på ca. 54 millionar kubikkmeter er lagt inn som ei av dei potensielt mest alvorlege katastrofehendingane i Noreg i den årlege rapporten «Analyse av krisescenarioer». I rapporten er eit stort fjellskred frå Åkneset grundig evaluert, og konsekvensane av eit ras er svært store. Fjellpartiet Åkneset er styrt av mange ulike mekanismar i fjellet, der vassnivået og vasstrykket er ein betydeleg drivar for rørslene i fjellpartiet.

Vidare vil desse medlemene vise til at kvar haust og vår med store nedbørsmengder aukar rørslene i fjellskredområdet betydeleg. Det er blant anna i Canada gjennomført forsøk med drenering av vassystema i liknande fjellskredområde, der ein har fått bremsa bevegelsane og utviklinga i skredområda, noko som er av svært stor samfunns- og beredskapsmessig betyding. NVE held no på med kartlegging og undersøkingar av moglegheita for drenering av Åkneset. Desse medlemene viser til at informasjonen kring dette frå NVE er svært lovande. Desse medlemene viser til at kostnadane ved ei slik drenering er antyda å kunne bli fleire hundre millionar kroner, men sett opp imot dei samfunnsmessige øydeleggingane eit ras frå Åkneset vil gjere, blir dette som «blåbær» å rekne.

Desse medlemene viser til at det i «Analyse av krisescenarioer» er anslag på mange titals milliardar kroner i øydeleggingar etter eit stort fjellskred frå Åkneset, og at meir enn 3 000 innbyggjarar vil bli heimlause.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti meiner at det derfor er av svært stor samfunnsnytte at NVE blir gjort i stand til å kunne gjennomføre drenering av fjellskredområdet ved Åkneset, og at regjeringa kjem attende til Stortinget med ei sak om og ein plan for dette og for nødvendig framdrift og finansiering.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti meiner avbøtande tiltak for å redusere skadeomfanget, men også å senke risikoen for tap av menneskeliv, må vere ei høgt prioritert oppgåve for regjeringa og Stortinget.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti, fremjar derfor følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa sikre at det raskt vert utarbeidd ein plan for drenering av høgrisikoområdet for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.»

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti fremjar følgjande forslag:

«Stortinget viser til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset.»

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført dei nødvendige midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering av fjellskredområdet ved Åkneset, kan gjennomførast.»

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne ønsker likevel å gi politisk støtte til at regjeringen tester ut nye rasforebyggende metoder i denne saken, da disse medlemmer vurderer det som viktig å komme i gang før fjellet sklir lenger ut og faren for ras øker ennå mer. En slik utprøving kan gi viktige erfaringer med den nye metoden. Dette er erfaringer som kan bli nyttige for framtida, da klimaendringene og endret nedbørintensitet vil kreve at vi investerer mer i flom- og skredforebyggende tiltak i årene som kommer.

Disse medlemmer støtter forslagene 1 og 2 i representantforslaget, men vil stemme imot forslag 3.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre understreker viktigheten av å redusere risikoen for fjellskred av hensyn til liv og helse og andre samfunnsverdier. Arbeidet med flom og skred har blitt høyt prioritert de siste årene, og bevilgningene til tiltak er økt hvert eneste år. Ved Åkneset er det innført døgnkontinuerlig overvåking, og det er utredet hvordan risikoen for skred kan reduseres gjennom drenering av fjellet. Disse medlemmer mener det er viktig at regjeringen følger opp NVEs planer for risikoreduserende tiltak ved Åkneset, og at det settes av tilstrekkelig med midler til dette i kommende år.

Medlemen i komiteen frå Raudt syner vidare til det alternative statsbudsjettet frå Raudt. Det legg til grunn at det er betre å førebyggje enn å reparere. Difor har Raudt sett av 200 mill. kroner meir til å førebyggje flaum og skred, og 800 mill. kroner til trygge vegar og rassikring. I ljos av dei særlege farane knytte til fjellskred ved Åkneset, meiner denne medlemen det er rimeleg å be om ein eigen plan for drenering for dette høgrisikoområdet.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Venstre og Kristelig Folkeparti mener det er viktig at arbeidet for å stoppe bevegelser i fjellet på Åkneset intensiveres for å forhindre at det skjer skred eller blir behov for evakueringer. Disse medlemmer viser til at budsjettforliket mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti om statsbudsjettet for 2017 sikret midler til prosjektet som nå viser at drenering vil være til stor nytte for å forhindre skred. Disse medlemmer mener det er viktig at denne kunnskapen følges opp, og det må skje så raskt som mulig for å spare enkeltpersoner og samfunnet for store kostnader hvis bevegelsene i fjellet øker og det blir behov for evakuering eller det går et skred.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 1

Stortinget viser til arbeidet som skredseksjonen ved NVE utfører, og ber om at regjeringa følger opp dei anbefalingane som NVE kjem med i saka om drenering av fjellskredområdet ved Åkneset.

Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 2

Stortinget ber regjeringa sørge for at skredseksjonen ved NVE blir tilført dei nødvendige midlane for at avbøtande tiltak, slik som drenering av fjellskredområdet ved Åkneset, kan gjennomførast.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget ber regjeringa sikre at det raskt vert utarbeidd ein plan for drenering av høgrisikoområdet for store fjellskred ved Åkneset i Stranda kommune.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 16. desember 2021

Terje Aasland

Birgit Oline Kjerstad

leiar

ordførar