Innstilling fra finanskomiteen om Statsrekneskapen 2020

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2019 til 2020 og overført løyving frå 2020 til 2021. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2020. Budsjettutviklinga gjennom 2020 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 56 S (2020–2021) Ny saldering av statsbudsjettet 2020. 2020 har vore eit spesielt år. Koronapandemien har hatt store konsekvensar for norsk økonomi, personar og verksemder. I møte med pandemien har det vore naudsynt for regjeringa å sette i verk kraftige finanspolitiske verkemiddel, og Stortinget har vedteke mange økonomiske tiltak med store endringar i utgifts- og inntektsløyvingane i statsbudsjettet 2020. Ein kraftig auke i det oljekorrigerte underskotet har òg auka overføringa frå Statens pensjonsfond utland. Saman med lågare netto kontantstraum frå petroleumsverksemda har dette gjeve Statens pensjonsfond eit underskot i 2020, slik at kapitalen i fondet auka mindre enn ein kunne sjå føre seg ved inngangen til året.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2020, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4 i meldinga.

Kapittel 1 i meldinga gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 i meldinga er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Eigil Knutsen og Julia Wong, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, lederen Mudassar Kapur, Anne Kristine Linnestad, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Hans Andreas Limi og Sylvi Listhaug, fra Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fra Venstre, Ola Elvestuen, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, fra Miljøpartiet De Grønne, Per Espen Stoknes, og fra Rødt, Bjørnar Moxnes, tar omtalen til orientering og viser for øvrig til Dokument 1 fra Riksrevisjonen, som blir behandlet i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 3 (2020–2021) – Statsrekneskapen 2020 – vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 25. mai 2021

Mudassar Kapur

leder og ordfører