Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga)

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Ved EØS-komiteen sitt vedtak nr. 72/2019 av 29. mars 2019 vart energimerkeforordninga, (EU) 2017/1369, vedteken innlemma i EØS-avtala. Avgjerda i EØS-komiteen er teken med atterhald om Stortingets samtykke. Avgjerda inneber endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) i EØS-avtala.

Det er nødvendig med lovendring for å sikre tilstrekkeleg heimelsgrunnlag for gjennomføring av dei nye pliktene som følgjer av energimerkeforordninga, og for å gjere regelverket meir tilgjengeleg. Stortinget sitt samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak er nødvendig i medhald av Grunnlova § 26 andre ledd.

Departementet ber i proposisjonen om samtykke til å godkjenne vedtaket i EØS-komiteen.

Energimerkeforordninga tok til å gjelde i EU 1. august 2017 og er ein revisjon av energimerkedirektivet (2010/30/EU) som er innlemma i EØS-avtala. Direktivet er gjennomført i norsk rett ved forskrift 27. mai 2013 nr. 534 om energimerking av energirelaterte produkt (energimerkeforskrifta for produkt) med heimel i forbrukermerkeloven. Både energimerkedirektivet og energimerkeforordninga legg overordna rammer for energimerking av produkt, mens dei enkelte produktgruppene blir regulerte i eigne produktspesifikke forordningar.

I energimerkeforordninga blir krava som har følgt av energimerkedirektivet i stor grad førte vidare. Overgangen frå rammedirektiv til rammeforordning gjer at myndigheitene får mindre valfridom i den lovtekniske gjennomføringa. I medhald av EØS-avtala artikkel 7 skal forordningar gjerast til del av norsk rett «som sådan».

Departementet føreslår at energimerkeforordninga blir gjennomført ved tilvising i forbrukermerkeloven. Det vises til eiga innstilling om lovsaka.

Det er to sentrale endringar i høve til det tidlegare energimerkedirektivet.

For det første blir det innført ein karakterskala frå A til G. Dette var karakterskalaen då energimerkeordninga vart etablert i EU. Den tekniske utviklinga har gjort at produkta har blitt stadig meir energieffektive, slik at karakterklassane A+, A++ og A+++ er tekne i bruk. Desse karakterklassane blir fasa ut og vil gjere energimerket tydelegare og meir forståeleg for forbrukarar.

For det andre blir det oppretta ein europeisk database for energimerkte produkt, the European Product Registry for Energy Labelling (EPREL). Forhandlarar som fører produkt på marknaden i EU (og EØS), kan sjølv registrere produkta og hente produktdatablad og energietikett frå databasen. Myndigheitene sitt tilsynsarbeid vil kunne forenklast ved at dei gjennom databasen får betre tilgang til nødvendige dokument og høve til å utveksle og følgje opp tilsynsresultat i andre statar. Kommisjonen vil få betre innsikt i utviklinga i energieffektiviteten i produkta som grunnlag for revideringar. Forbrukarar har òg tilgang til den offentlege delen av databasen.

Overgangen frå eit energimerkedirektiv til ei energimerkeforordning vil medverke til meir harmoniserte konkurransevilkår i EØS, betre produktinformasjon til forbrukarar og meir føreseielege rettslege tilhøve for leverandørar og forhandlarar av energirelaterte produkt ved at regelverket skal gjennomførast «som sådan».

Energimerkeforordninga er ei rammeforordning. Ho gir Kommisjonen heimel til å vedta produktspesifikke forordningar om energimerking av ulike produktgrupper. Slike forordningar blir innlemma i EØS-avtala ved eigne vedtak i EØS-komiteen. Dei vil deretter måtte gjennomførast i norsk rett på ordinær måte i tråd med EØS-avtala.

Energimerkeforordninga og EØS-komiteen si avgjerd i uoffisiell norsk omsetjing ligg som trykte vedlegg til proposisjonen.

1.2 Nærare om forordninga

Forordninga inneheld ei fortale og fem artiklar.

I fortala er det vist til EØS-avtala, og særleg artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til EØS-avtala ved vedtak i EØS-komiteen.

Artikkel 1 og 2 fastset at energimerkeforordninga skal erstatte punkt 4 i EØS-avtala vedlegg II kapittel IV og punkt 11 i vedlegg IV.

Artikkel 3 fastset at teksten i forordninga på islandsk og norsk, som skal kunngjerast i EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende, skal bli gyldige.

Artikkel 4 fastset at avgjerda tek til å gjelde 30. mars 2019 så framt EØS-komiteen har fått alle meldingar etter EØS-avtala sin artikkel 103 nr. 1.

Artikkel 5 presiserer at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Espen Barth Eide, Ruth Grung, Else-May Norderhus og Runar Sjåstad, fra Høyre, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund, Aase Simonsen og Lene Westgaard-Halle, fra Fremskrittspartiet, Jon Georg Dale og Terje Halleland, fra Senterpartiet, Sandra Borch og Ole André Myhrvold, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, fra Venstre, lederen Ketil Kjenseth, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, og fra Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, viser til EØS-komiteens vedtak nr. 72/2019 av 29. mars 2019, hvor energimerkeforordningen, (EU) 2017/1369, ble vedtatt innlemmet EØS-avtalen.

Komiteen viser til at det er nødvendig med lovendring for å sikre tilstrekkelig hjemmelsgrunnlag for gjennomføring av de nye pliktene som følger av energimerkeforordningen. Beslutningen i EØS-komiteen krever Stortingets samtykke, i tillegg til endring av vedlegg II (tekniske forskrifter, standarder, prøving og sertifisering) og vedlegg IV (energi) i EØS-avtalen. Stortingets samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak er nødvendig i medhold av Grunnloven § 26 andre ledd.

Komiteen viser til at energimerkeforordninga er en rammeforordning. Den gir Kommisjonen hjemmel til å vedta produktspesifikke forordninger om energimerking av ulike produktgrupper. Slike forordninger blir innlemmet i EØS-avtalen ved egne vedtak i EØS-komiteen. Deretter må de gjennomføres i norsk rett på ordinær måte i tråd med EØS-avtalen.

3. Uttalelse fra utenriks- og forsvarskomiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 19. mai 2020 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen for uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen uttaler følgende i brev av 25. mai 2020:

«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til energi- og miljøkomiteens utkast til innstilling datert 19. mai til S-delen av Prop. 85 LS (2019-2020) Endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga).

Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til energi- og miljøkomiteens utkast til innstilling til Prop. 85 LS (2019-2020) og har ingen ytterligere merknader.»

4. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 om fastsetjing av rammeverket for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 26. mai 2020

Ketil Kjenseth

Else-May Norderhus

leder

ordfører