Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om Nokre saker om administrasjon, veg, jernbane og post og telekommunikasjonar

Dette dokument

  • Innst. 472 S (2016–2017)
  • Kjeldedokument: Prop. 131 S (2016–2017)
  • Utgivar: transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetal: 4
Til Stortinget

Sammendrag

Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram nokre saker som gjeld administrasjon m.m., vegformål, jernbaneformål og post og telekommunikasjonar. Det blir òg gjort greie for oppfølginga av fem oppmodingsvedtak som Stortinget har bedt regjeringa komme tilbake til m.a. i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017.

Samferdselsdepartementet orienterer om at ein løyver midlar til tilskot til samferdselsberedskap over kap. 1300 post 72 Tilskot til samferdselsberedskap. Midlane finansierer utgifter til arbeid og oppgåver som er viktige for samferdselsberedskapen, men som ikkje blir finansiert direkte over statsbudsjettet til Avinor AS, Posten Norge AS og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Samferdselsdepartementet orienterer om at Avinor AS kan få dekka kostnader til kjøp av varslingstenester for vulkansk oske innanfor gjeldande løyving over kap. 1300 post 72, fram til kostnadene kan takast inn i undervegsavgifta i samband med ny ytingsplan for flysikringstenestene.

Departementet orienterer òg om endra styrings- og kostnadsramme for E18 Melleby–Momarken og rv. 13 Joberget, gjennomføring av oppgradering av Kjørholt- og Bamble-tunnelane på E18 og ny systemløysing for bompengeinnkrevjing.

Innanfor jernbaneformål orienterer departementet om endra kostnads- og styringsramme for prosjektet Arna–Fløen (Ulriken tunnel), og om verksemda til NSB BA.

Innanfor området post og telekommunikasjonar orienterer departementet om unntak frå avstandskrav i postregelverket.

Vidare gjer departementet greie for oppfølginga av oppmodingsvedtak som Stortinget har bedt regjeringa gi tilbakemelding på m.a. i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017, vedtak nr. 636, nr. 913, nr. 80, og nr. 108.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kjell-Idar Juvik, Anne Odenmarck, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen og Karianne O. Tung, fra Høyre, lederen Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, fra Fremskrittspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og fra Venstre, Abid Q. Raja, viser til Samferdselsdepartementet sine framlegg til endringar og oppfølging av fem oppmodingsvedtak som Stortinget har bedt regjeringa komme tilbake til m.a. i samband med revidert nasjonalbudsjett, og har følgjande merknadar.

Administrasjon

Komiteen merkar seg at Avinor AS kan få dekka kostnadar til kjøp av varslingstenester for vulkansk oske innanfor gjeldande løyving over kap. 1300 post 72, fram til kostnadane kan takast inn i undervegsavgifta i samband med ny ytingsplan for flysikringstenestene.

Vegformål

Endra kostnads- og styringsramme for E18 Melleby–Momarken i Østfold

Komiteen viser til omtale av prosjektet E18 Melleby–Momarken i Prop. 1 S (2015–2016) der det vart varsla om ein auke i kostnadane ut over fastsett kostnadsramme for prosjektet. Kostnadsauken skuldast inngått forlik med entreprenøren for to delstrekningar, midlar til å utbetre løpet for Trarabekken under E18 og naudsynte midlar til oreigning.

Komiteen sluttar seg til forslaget om å auke kostnadsramma til 1 420 mill. kroner.

Endra kostnads- og styringsramme for rv. 13 Joberget

Komiteen viser til omtale av prosjektet i Prop. 1 S (2014–2015), der det vart vist til kostnadsauke i prosjektet før anleggsstart i september 2015. Komiteen viser vidare til omtale av prosjektet i Prop. 1 S (2016–2017). Auken i kostnadar kjem i hovudsak av krav til armering/isolasjon i lausmassetunnelen og større krav til stabilisering av veglinja mot Granvinsvatnet. Vidare er det varsla kostnadsauke ut over fastsett kostnadsramme som følgje av ei større utgliding av massar i Granvinsvatnet i april 2016. Komiteen merkar seg at det på bakgrunn av erfaring frå fundamentering av kaianlegg, er valt ei løysing med cellespunt for å hindre utgliding. Ny prognose for sluttkostnad er sett til 571 mill. kroner.

Komiteen sluttar seg til forslaget om å auke kostnadsramma til 600 mill. kroner.

Kjørholt- og Bambletunnelane på E18 gjennom Grenland

Komiteen merkar seg at Kjørholt- og Bambletunnelane på E18 i Porsgrunn og Bamble har vore stengt for trafikk frå 21. april 2017 for å gjennomføre naudsynte oppgraderingar og betre tryggleiken i tunnelane, m.a. knytt til geologiske og geotekniske tilhøve. Samstundes med dette er tunnelane oppgradert for å tilfredsstille krava i tunneltryggingsforskrifta. Komiteen viser til at det er gjort avtale mellom staten og Nye Veier AS om utbygging, som omfattar rehabilitering og sikring av dei eksisterande løpa i Kjørholt- og Bambletunnelane, samt sprenging og permanent sikring av nye og parallelle tunnelløp som del av ei framtidig utbygging til firefelts motorveg på E18 mellom Langangen og Rugtvedt.

Komiteen er nøgd med at etablering av nye parallelle tunnelløp kan gjerast samtidig med oppgradering av eksisterande tunnelar, både av omsyn til en effektiv utbygging og for å redusere ulempene for lokalbefolkninga.

Komiteen sluttar seg til avtalen om utbygging og utbetring innanfor ei kostnadsramme på 1 435 mill. kroner, som blir å finansiere over dei årlege løyvingane til Nye Veier AS.

Ny systemløysing for bompengeinnkrevjing

Komiteen registrerer at Statens vegvesen arbeider med planlegging av innkjøp av nye systemløysingar for innkrevjing av bompengar etter at prosjektet Grindgut vart terminert.

Jernbaneformål

Endra kostnads- og styringsramme for Arna–Fløen (Ulriken tunnel)

Komiteen viser til omtale av prosjektet i Prop. 1 S (2016–2017), der det går fram at det er sett i gang ei ny kvalitetssikring av delprosjekta Arna–Fløen (Ulriken tunnel) og Bergen–Fløen. Komiteen merkar seg at den nye kvalitetssikringa vart sett i gang på bakgrunn av vesentleg kostnadsauke i begge delprosjekta, og at prosjektet Bergen–Fløen no er eit vesentleg meir omfattande prosjekt enn det som vart stansa i 2010. Komiteen merkar seg vidare at kvalitetssikrar tilrår at delprosjekta i praksis blir slått saman og sett på som eitt prosjekt (Arna–Bergen) med ei samla kostnadsramme på 7 122 mill. kroner, og at det bør vurderast om prosjektet bør gjennomførast med ein lengre periode utan trafikk på Bergen stasjon, om ombygginga på Bergen stasjon kan forenklast, og om bygging av signal- og tryggingsanlegg (ERTMS) på Bergen stasjon kan framskundast i staden for å byggje eit mellombels anlegg. Komiteen viser til at prosjektrevisjonen er tydeleg på at prosjektstyringa av prosjektet Arna–Fløen har vore mangelfull og vart sett i gang på misvisande grunnlag, noko som er særs uheldig.

Komiteen sluttar seg til vurderingane frå Samferdselsdepartementet som tilrår ei ny mellombels kostnadsramme på 4 508 mill. kroner for vidareføring av Arna–Fløen (Ulriken tunnel).

Komiteen er nøgd med at det er etablert ein dialog mellom Jernbanedirektoratet, Bane NOR SF, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune om å samordne prosjekta Arna–Bergen, Bybanen og modernisering av godsterminalen på Nygårdstangen, og at Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget når det føreligg ei nærare avklaring for Bergen–Fløen.

Orientering om verksemda til NSB

Komiteen er kjen med at NSB AS er inne i ei stor omstilling som følgje av jernbanereforma, og at det blir jobba med den strategiske retninga for selskapet. Dette arbeidet vil bli tydeleggjort i løpet av 2017. Komiteen viser til at eit sentralt moment i omstillingsprosessen er pensjonsspørsmålet, som m.a. var omtalt i Prop. 129 S (2016–2017), og at det er behov for å avklare dette spørsmålet.

Komiteen viser til at jernbanereforma er ein naudsynt og omfattande reform for å styrke tilbodet til dei reisande, som òg vil medføre store endringar for NSB. Pr. april 2017 vart selskapa ROM Eigedom, Norske tog AS, Entur AS og Mantena AS skilt ut frå NSB. Komiteen viser til at utskillinga av verksemd frå NSB blir gjord for å leggje til rette for like konkurransevilkår og låge etableringshindringar for nye togoperatørar i dei kommande konkurransane om persontogtransport, leggje til rette for auka konkurranse om togvedlikehald og samle all jernbaneeigendom på ein stad.

Komiteen sluttar seg til ambisjonen om NSB som eit breitt transportkonsern med persontog, gods på bane, buss og reiseliv, og at NSB får utvikle seg vidare som eit nordisk transportkonsern med god lønsemd. Komiteen viser for øvrig til den orienteringa som er gitt i proposisjonen.

Post og telekommunikasjonar

Unntak frå avstandskrav i postregelverket

Komiteen viser til at Posten i 2016 har gjort ei omfattande kartlegging av kor postkassene er plasserte i høve til eigedomsgrensa, og at denne kartlegginga viser at det er vesentleg fleire som er omfatta av unntaket i § 19 i postlova.

Komiteen sluttar seg til Samferdselsdepartementet si vurdering om å heve taket i forskrifta til 11 000 husstandar, som vil gje same fleksibilitet som var Stortingets intensjon ved behandlinga av Prop. 109 L (2014–2015) og sikre at servicenivået blir videreført.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet syner til unntaket i § 19, og støttar endringa under føresetnad av at endringa ikkje medfører at fleire får postkassa flytt lenger vekk frå bustaden.

Oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 636

Komiteen viser til orienteringa i proposisjonen og rapporten frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Komiteen merkar seg at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit konkluderer med at det pr. i dag ikkje er ein stor nok marknad til å rettferdiggjere eller finansiere legging av ny fiberkabel til Tyskland og Storbritannia. Komiteen merkar seg at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit meiner det er tre tiltak som kan bidra til at det så raskt som mogleg kan etablerast fleire fiberkablar til utlandet, m.a. til Storbritannia og Tyskland: Statlege verksemder etterspør kapasitet gjennom mindre brukte trasear, staten gjer tilskot til å etablere ny trasé, eller staten inngår i eit partnerskap eller stiller som garantist for etablering av ein ny trasé. Komiteen viser til at Samferdselsdepartementet vil arbeide vidare med saken og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 913

Komiteen viser til at Akershus og Hedmark fylkeskommunar og Nye Veier AS har konkludert med at risikoen ved å fjerne dei to bommane på fv. 84 er for stor, ved at ein stor del av trafikken vil nytte eit vegnett med lågare trafikktryggleik og det finansielle grunnlaget blir svekka.

Komiteen sluttar seg til Samferdselsdepartementet si vurdering om å vidareføre bommane på fv. 84 slik det vart vedtatt i Stortingets handsaming av saka 14. juni 2016.

Vedtak nr. 80

Komiteen merkar seg at regjeringa er i gang med å kartleggje situasjonen for framsending av biologiske preparat, og vil kome tilbake til dette i statsbudsjettet for 2018.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, merkar seg vidare at regjeringa vurderer behovet for å sende medisinar over natt som svært lite, og at det ikkje er naudsynt å etablere nye ordningar som følgje av overgangen til ein brevstraum.

Fleirtalet viser til orienteringa i proposisjonen der konsekvensane ved omlegging til ein brevstraum for avisene er gjort greie for. Fleirtalet merkar seg at dette gjeld særs få aviser, og at desse avisene kan nytte eksisterande kommersielle tilbod eller etablere nye transportløysingar.

Fleirtalet sluttar seg til regjeringa si vurdering av at det ikkje bør etablerast ei kostbar statleg distribusjonsordning for dei få abonnementsavisene som vil merke overgangen til ein brevstraum.

Fleirtalet merkar seg at overgangen til ein brevstraum ikkje vil ha verknad for valet i 2017, og at regjeringa vil kome tilbake med ei nærare vurdering i budsjettet for 2018.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet støttar ikkje omlegginga til ein brevstraum, og meiner regjeringa ikkje tek innover seg konsekvensane av endringane dei gjennomfører i Posten sine tenester.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet meiner at biologiske prøvar er viktig å få raskt fram både for folk og for næringslivet. Desse medlemene meiner òg at erfaringane ein har sett med Kvikkas sin utlevering av aviser ikkje samsvarar med dei forventningar og krav som Stortinget og innbyggjarane hadde då ein aksepterte å kutte ut laurdagsposten. Fleirtalet og regjeringa syner til at omfanget av aviser er lite, men desse medlemene stiller spørsmål ved om ein i talgrunnlaget som blir nytta reknar inn dei avisene som fell inn under Kvikkas-ordninga. Då vil i tilfelle talet vere høgare. Aviser og nyhende er ferskvare, og desse medlemene vil understreke at det er ei offentleg oppgåve å syte for gode kommunikasjonsordningar for postsendingane, sjølv om digitaliseringa har kome langt.

Vedtak nr. 108, punkt 41

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, viser til at det i 2017 vart innført to nye kjørevegsavgifter på jernbanen, ei ny generell avgift pr. køyrde kilometer og ei ny «kapasitetsavgift» pr. køyrde tog, og at desse avgiftene er viktige element i incentivstrukturen mellom infrastrukturforvaltar og jernbaneselskapa. Fleirtalet viser samtidig til at jernbaneselskapa vil bli kompenserte om jernbaneinfrastrukturen ikkje er så tilgjengeleg som føresatt.

Fleirtalet sluttar seg til Samferdselsdepartementet si vurdering om at dei nye avgiftene må få verke nokre år før eventuelt nye kompensasjonsordningar blir vurderte.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet viser til Innst. 460 S (2016–2017) og sine merknader og forslag.

Vedtak nr 108, pkt 50

Komiteen er nøgd med at det blir stilt krav til null- og lavutslippsteknologi på riksvegferjer der det ligg til rette for det teknologisk. I dei fleste høve betyr det fullelektriske løysingar. Komiteen viser til at fullelektriske løysingar kan vere krevjande på enkelte samband på grunn av lange avstandar og stort energibehov, og er nøgd med at det er etablert ei utviklingskontrakt for hybrid hydrogen/elektrisk ferje, som kan vere eit godt alternativ med større rekkjevidde.

1. Tilrådinga frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og sine merknader, og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Fullmakter til å pådra staten plikter for investeringsprosjekt

Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2017 kan:

Gjennomføre desse tidlegare godkjende investeringsprosjekta:

Innanfor ei endra kostnadsramme på:

E18 Melleby–Momarken

1 420 mill. kroner

Rv. 13 Joberget

600 mill. kroner

Arna–Fløen (Ulriken tunnel)

4 508 mill. kroner

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 13. juni 2017

Nikolai Astrup

Helge Orten

leder

ordfører