Søk

Sammendrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår i proposisjonen, i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet, endringar i nokre av føresegnene i offentleglova som regulerer tilgjengeleggjering av offentleg informasjon for vidarebruk. EU-direktivet 2013/37/EU om endring av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor (endringsdirektivet) skal leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon i kommersiell og ikkje-kommersiell verksemd. Norsk lovgiving oppfyller langt på veg krav til reguleringar som kjem fram i endringsdirektivet, men det må gjerast visse endringar. Samtidig fremmar departementet ein del andre forslag med det siktemål å styrkje tilgangen til og bruken av offentleg informasjon. Proposisjonen inneheld forslag om endringar i reglane om når ein kan krevje betaling for tilgjengeleggjering av offentleg informasjon, og noko strengare krav til openheit om grunnlaget for slik betaling. I tillegg foreslår departementet å innføre krav om at når informasjon blir tilgjengeliggjord for allmenta, skal dette skje i alle eksisterande format og språkversjonar, også i maskinleselege format.

Dagens reglar knytte til vidarebruk er i all hovudsak nedfelte i offentleglova med tilhøyrande forskrift. Offentleglova gir reglar om openheit og innsynsrett i forvaltninga og offentleg kontrollerte verksemder og legg med det også til rette for tilgjengeleggjering og vidarebruk av offentlege data. Det klare utgangspunktet er at når ein får tilgang til informasjon på bakgrunn av offentleglova eller anna lov, ligg det føre ein fri rett til vidarebruk til alle slags føremål.

Åndsverklova (åvl.) og personopplysningslova (popplyl.) er saman med straffelova dei mest relevante lovene som kan setje avgrensingar for vidarebruk av offentlege opplysningar. Reglane om teieplikt, som blant anna finst i forvaltningslova § 13, vil normalt vere til hinder for utlevering av opplysningar, men kan òg avgrense moglegheitene til vidarebruk.

Trass i at det finst mange og gode rapportar om den positive verknaden av vidarebruk på europeisk økonomi, fann Kommisjonen at det framleis var eit stort uforløyst potensial på dette området. Ut frå kommisjonens undersøkingar kom dette blant anna av at næringar og borgarar hadde problem med å finne og bruke vidare offentleg informasjon. Endringane i vidarebruksdirektivet søkjer å betre situasjonen for begge partar.

Vidarebruksdirektivet har som formål å leggje til rette for at mest mogleg offentleg informasjon blir gjord tilgjengeleg for vidarebruk. Hovudregelen i offentleglova er at alt innsyn skal vere gratis, noko som også vidarebruksføresegnene tek utgangspunkt i. Lovforslaget styrkjer dette ytterlegare. Gjeldande reglar om betaling blir likevel i all hovudsak vidareførte.

Departementet kan derfor ikkje sjå at forslaget vil medføre særlege økonomiske eller administrative konsekvensar. I tillegg konkluderer ei rekkje nasjonale og internasjonale utgreiingar og rapportar med at tilgjengeleggjering for vidarebruk har eit både økonomisk og samfunnsøkonomisk potensial.

Forslaga opnar for auka tilrettelegging for vidarebruk av offentleg informasjon, noko som vil kunne medføre meirarbeid for dei offentlege verksemdene. Samtidig står unntaket frå gratisprinsippet ved lag. Dette er meint å vege opp for eventuelt meirarbeid som verksemdene har med å leggje til rette.