Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
foreslår i denne proposisjonen å oppheva tidsfristane for å reisa
sak om endring av farskap. Tidsfristane vart innførte med verknad
frå 1. januar 2014, etter at dei hadde vore oppheva sidan 2003.
Årleg vert det fødd om lag 60 000 barn her i
landet. I tilfelle der det er tvil om den juridiske farskapen er
i samsvar med den biologiske, trengst det reglar som gjev høve til
å få prøvd og eventuelt endra farskapen. Kven som er dei biologiske
foreldra til eit barn, er grunnleggjande for korleis menneska forstår
seg sjølv. Dersom det er tvil om kven som er far til eit barn, vil
det vera til beste for barnet å få tvilen avklara. Omsynet til barnet
og foreldra sitt behov for kunnskap om biologisk opphav veg så tungt
at det bør gå føre andre omsyn. På denne bakgrunn legg departementet
fram forslag til endringar i barnelova om å oppheva tidsfristar
i saker om endring av farskap.
Departementet fremjar òg nokre mindre endringar
i andre lover.
Når eit barn vert fødd medan mora er gift, reknast
den mannen som mora er gift med ved fødselen, som faren til barnet,
jf. barnelova § 3. Nærare halvparten av dei om lag 60 000 barna som
vert fødde årleg i Noreg, får farskapet fastsett etter denne pater
est-regelen.
Dei fleste av barna som vert fødde av ei ugift mor,
har likevel foreldre som lever saman. Når foreldra ikkje er gifte,
kan mora oppgje kven som er far til barnet, og faren kan erklæra
farskapen anten i fødselsmeldinga, eller til jordmor eller lækjar
ved svangerskapskontroll eller til enkelte andre offentlege instansar,
jf. barnelova § 4. Dersom faren erklærer farskapen utan at mora
har oppgjeve han som far, må ho skriftleg godta erklæringa. Fram
til 2014 nytta barnelova ordlyden «vedgåing av farskap».
Når farskap ikkje følgjer av ekteskap eller
erklæring, kan farskap fastsetjast ved dom. Utgangspunktet i barnelova
§ 9 er at ein mann som vert utpeikt som far etter DNA-analyse, skal
dømmast til far.
Det er krav om heimel i lov for at ein juridisk
farskap skal kunne prøvast på nytt. Dersom ein ny mann erklærer
farskapen, kan Arbeids- og velferdsdirektoratet endre farskapen
administrativt etter barnelova § 7. I desse tilfella må mora, den juridiske
faren og den nye faren vera samde, og Arbeids- og velferdsdirektoratet
må fatta vedtak etter at DNA-analyse godtgjer at den andre mannen
er faren til barnet. Det gjeld ikkje tidsfristar for å endra farskap
etter barnelova § 7.
Barnelova § 6 har reglar om endring av farskap etter
§ 3 (pater est) og § 4 (erklæring) for domstolen. Det følgjer av
barnelova § 6 at kvar av foreldra kan reisa sak for domstolen om
endring av farskap dersom vedkomande legg fram opplysningar om at
ein annan mann kan vera far til barnet. Saka må reisast innan eitt
år etter at vedkomande vart kjend med opplysningane, men likevel
slik at fristen tidlegast vert rekna frå tidspunktet då barnet vart
født. Retten kan gjera unntak frå tidsfristen når særlege grunner
talar for det.
Den som meiner at han er far til eit barn, kan fram
til barnet fyller tre år, reise sak om farskapen dersom han legg
fram opplysningar som tyder på at han kan vere faren. Retten kan
i desse tilfella gjera unntak frå begge tidsfristane når særlege grunnar
talar for det.
Det gjeld ikkje tidsfristar for tilfelle der
det ikkje er fastsatt noko farskap.
Barnet kan alltid reisa sak for domstolen for
å endra farskap, uavhengig av tidsfristar, jf. barnelova § 6 første
stykke.
Departementet fremja i høyringsnotatet forslag om
å oppheva tidsfristane i barnelova § 6, slik at eventuell usikkerheit
om farskap kan avklarast uavhengig av tida som har gått etter at
tvilen om farskapen oppstod.
Hovudreglane i barnelova om fastsetjing av farskap
verkar godt for det store fleirtalet. Det er likevel viktig at det
skal vera mogleg å korrigera feilen når den juridiske farskapen
ikkje samsvarer med den biologiske tilknytinga. Kunnskap om kven
som er dei biologiske foreldra til eit barn, er grunnleggjande i
menneska si forståing av seg sjølv.
Det er få høyringsinstansar som har gitt høyringsutsegn
til forslaget til lovendringar. Høyringsutsegna er ikkje eintydige,
men går i ulik retning om dei ulike forslaga som vart sende på høyring.
Likestillings- og diskrimineringsombodet påpeikar
at å leva med tvil om ein er far til eit barn, for mange vil vera
ei stor unødig påkjenning. Difor meiner ombodet det er rett at ein
skal få høve til å prøva farskapen, òg i tilfelle der barnet er fylt
tre år. Ei oppheving av treårsfristen vil i større grad likestilla
kvinner og menn som foreldre. Hovudargumentet mot å oppheva treårsfristen
er at ein familie ikkje skal uroast og kanskje verte splitta opp
ved at ein tredjemann kjem inn i biletet og reiser sak om farskapen
etter at barnet er fylt tre år. Ombodet anerkjenner dette som eit problem,
men meiner likevel at høvet til å få prøvd farskapen for den moglege
biologiske faren bør vega tyngre. Departementet sluttar seg til dette.
Departementet legg vidare til grunn at dersom det
er tvil om kven som er far til eit barn, vil det vera til barnet
sitt beste å få tvilen avklara ved at både den juridiske faren,
ein mogleg far og mora har rett til å reisa sak, uavhengig av tidsfristar.
I tilfelle der det er ei påkjenning for barnet å få kjennskap til
tvilen om farskapen, meiner departementet likevel at det i det lange
løp vil vera best å kjenne sanninga. Vilkår og fristar for å ta opp
sak om endring av farskap vil i lita grad kunna verna barnet mot
den psykiske uroa tvil om farskapen kan skapa. Omsynet til kunnskap
om biologisk opphav veg så tungt for det enkelte barn og for foreldra
at det ikkje bør vera tidsfristar i lova som hindrar at sakene kan
takast opp og verte handsama på ein forsvarleg måte i rettssystemet.
Då forslag om å oppheva den tidas tidsfristar
vart fremja i Ot.prp. nr. 93 (2001–2002) vart forslaget grunngjeve
på følgjande måte:
«Konsekvensene av det regelverket vi har med søksmålsfrister
for alle parter med unntak av barnet, er at passivitet «straffes».
En mann som ikke vil forstyrre harmonien i et etablert samliv ved
å sette spørsmål ved farskapet til ektefellens eller samboerens
barn, kan komme i en situasjon der ‘bordet fanger’.
Det
samme gjelder en mor som ikke går til endringssak innen ett år selv
om hun vet at ektefellen ikke er far til barnet, eller at feil mann
har erkjent farskapet.
Gjennom presse og henvendelser
til departementet fra privatpersoner vet vi at det kan være en stor
påkjenning for en mann å være juridisk far til et barn som han betviler
er hans, uten muligheter til å få farskapet sikkert avklart. Vi
vet også en del om den vanskelige situasjonen for en mann som er
avhengig av de juridiske foreldrenes samtykke for å få avklart hvorvidt
han er far til et barn, og for eventuelt å få endret farskapet.
Dersom farskapet ikke blir endret, har de ofte ikke mulighet til
å etablere kontakt med barnet, noe som fører til savn og fortvilelse.
Tvil rundt farskapet vil uansett regelverk kunne føre
til at barnet opplever uro og konflikter i familien. Barnet vil
kunne få høre om fars eller mors tvil fra foreldrene selv, eller
fra andre. Vilkår og søksmålsfrister for å ta opp sak om endring
av farskap vil i liten grad kunne beskytte barnet mot den psykiske
uroen tvil rundt farskapet kan skape. Regelverket gjelder også i
de tilfellene der ‘barnet’ ikke lenger er mindreårig og hensynet
til å beskytte barnet derfor ikke er like tungtveiende.
Dersom
vilkårene og søksmålsfristene for å gå til endringssak i barneloven
§ 6 oppheves, vil en juridisk far alltid kunne få avklart enhver
tvil om han er barnets biologiske far, og eventuelt bli frikjent
for farskapet dersom han ikke er det. Det samme gjelder en mann
som mener at han kan være far til et barn som allerede har en juridisk far.
Dersom en endringssak fører til at barnet får en annen juridisk
far, vil dette kunne få store praktiske konsekvenser for barnets
daglige liv. En juridisk far kan gå til sak for å få del i foreldrebeføyelser
over barnet. Dette betyr at han vil kunne få fastsatt samvær og
eventuelt få del i foreldreansvaret. Den tidligere juridiske far
mister alle rettigheter i forhold til barnet, samtidig som barnet
mister alle rettigheter i forhold til ham. Dersom farskapssaken
fører til et samlivsbrudd mellom mor og den som har vært barnets juridiske
far, kan barnet miste kontakten med den mannen som har vært juridisk
og sosial far for barnet. Barnet vil imidlertid kunne få opprettet
kontakt med den som er barnets biologiske far.»
Farskapssaker kan vera svært ulike og samansette.
Det er naudsynt å ha gode hovudreglar, men samtidig høve til å korrigera juridiske
foreldreskap når desse ikkje er i samsvar med dei biologiske tilhøva.
Det er vanskeleg å fastslå kva som er til barnet sitt
beste i det enkelte tilfellet, men sanninga vil ofte vera frigjerande
og positiv over tid, både for vaksne og barn. Det gjeld anten utfallet
skulle vera ei stadfesting eller ei avkrefting av ein eksisterande
juridisk farskap.
Departementet finn at omsynet til barnet sitt beste
i desse sakene vil vera å avklare eventuell uvisse knytt til uttalt
tvil om farskapen. Departementet går difor inn for å oppheva tidsfristane
i barnelova § 6.
Mynda til å gje etterfylgjande godkjenning av ugyldige
ekteskap er heimla i ekteskapslova og brudvigjingslova. Viss eit
ekteskap er ugyldig fordi framgangsmåten var gal eller vigslaren mangla
mynd, kan fylkesmannen etter ekteskapslova § 16 andre stykke gje
etterfylgjande godkjenning av ekteskapet når særlege grunnar talar
for det. Der eit ekteskap som er inngått i utlandet, ikkje kan verte
anerkjent i Noreg, kan fylkesmannen likevel godkjenne ekteskapet
viss det er sterke grunnar som talar for det, jf. ekteskapslova
§ 18 a andre stykke. Etter brudvigjingslova § 11 tredje stykke,
kan ein vigsel som er utført i strid med lova, verte godkjend når særlege
grunnar talar for det.
Ekteskapslova og brudvigjingslova vart endra ved
lov 18. september 2015 nr. 92, og mynda til å handsame søknadar
om godkjenning av ugyldige ekteskap vart lagd til fylkesmannen i førsteinstans.
Endringane tredde i kraft 1. januar 2016. Det er Fylkesmannen i
Oslo og Akershus som handsamar søknadane.
Mynda til å godkjenne ugyldige ekteskap etter ekteskapslova
§ 16 andre stykke og § 18 a andre stykke var før lovendringa lagd
til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Departementet var klageinstans.
Mynda til å godkjenne ekteskap etter brudvigjingslova § 11 tredje
stykke var lagd til departementet i førsteinstans. Kongen i statsråd
var klageinstans. Det var ikkje ynskjeleg at departementet og Kongen
i statsråd skulle vere første- og/eller klageinstans i einskilde
saker etter ekteskapslova og brudvigjingslova. Departementet fremja
difor eit lovforslag i Prop. 103 L (2014–2015) for å leggja til
rette for ei betre handsaming av saker der inngåtte ekteskap ikkje
er gyldige etter norsk rett. Det vart føreslått at alle saker om
etterfylgjande godkjenning av ugyldige ekteskap skulle verte handsama
av fylkesmannen. Departementet uttala vidare i lovforslaget at det
ville vurdere nærare om mynda burde verte lagd til eit eller fleire
fylkesmannsembete. Bakgrunnen for forslaget om at den eller dei
same organ skulle handsame alle sakene, var at ein ville gje ei
meir einskapleg og effektiv sakshandsaming.
Ved eit mistak vart det i ordlyden i ekteskapslova
§ 16 andre stykke, ekteskapslova § 18 a andre stykke tredje punktum
og brudvigjingslova § 11 tredje stykke første punktum, fastsett
at fylkesmannen kan godkjenne, anerkjenne og vedta ugyldige ekteskap
og vigslar. Dette inneber i utgangspunktet at alle fylkesmenn er
gjevne denne mynda innanfor det geografiske området deira. Departementet
føreslår å endre ordlyden i ekteskapslova § 16 og § 18 a og brudvigjingslova § 11
for å gjere det tydeleg at departementet fastsett kva for fylkesmenn
som skal handsame slike saker. Lovendringane inneber inga endring
i dagens situasjon, og hensikta til departementet er at Fylkesmannen
i Oslo og Akershus skal halde fram med å handsame søknadar om etterfylgjande
godkjenning av ugyldige ekteskap.
Etter at lov 13. februar 2015 nr. 9 om utenrikstjenesten
(utenrikstjenesteloven) tok til å gjelde, vart tilvisinga i ekteskapslova
§ 12 første stykke bokstav c feil. Den rette tilvisinga skal vere
§ 14, ikkje § 17, slik det står no. Departementet føreslår å endre
dette.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Hege Haukeland Liadal, Sonja Mandt, Arild Grande og Anette Trettebergstuen,
fra Høyre, lederen Svein Harberg, Kårstein Eidem Løvaas og Mette
Tønder, fra Fremskrittspartiet, Laila Marie Reiertsen og Ib Thomsen, og
fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, vil fremheve
barns rett til å få kjennskap til sine biologiske foreldre. Årlig
blir det født ca. 60 000 barn i Norge. Halvparten av disse har foreldre
som er gift og her settes farskap etter pater est-regelen. Er ikke
foreldrene gift, kan mor eller far oppgi hvem som er far etter ulike
regler. I noen tilfeller vil det være en annen som er biologisk
far, enn det som følger av det juridiske farskapet som er fastsatt.
I disse tilfellene kan det reises sak for domstolen. Komiteen viser
til at det i 2014 ble gjort endringer slik at det ble satt tidsfrister
for å reise sak for domstolen. Komiteen viser til
at det i denne saken foreslås å oppheve disse tidsfristene, slik at
eventuell usikkerhet om farskap kan avklares uavhengig av tid.
Komiteen viser til at det årlig
blir født ca. 60 000 barn i Norge. For noen av barna er det tvil om
det juridiske farskapet er i samsvar med det biologiske. I disse
tilfellene trengs det regler, som gir mulighet til å få prøvd og
eventuelt endret farskapet.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene
fra Arbeiderpartiet, vil fremheve at å få vite hvem som er ens biologiske
foreldre, er grunnleggende for hvordan menneskene forstår seg selv.
Dersom det er tvil om hvem som er far til et barn, vil det være
til det beste for barnet å få tvilen avklart. Hensynet til barnet
og foreldrene sine behov for kunnskap om biologisk opphav veier
så tungt at det bør gå foran andre hensyn. Flertallet stiller
seg derfor bak det fremlagte forslaget til endringer i barnelova,
om å oppheve tidsfrister i saker om endring av farskap.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser
til behandlingen av Prop.105 L (2012–2013), og flertallets merknader
i Innst. 373 L (2012–2013) om samme sak:
«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, støtter regjeringen
i å gjeninnføre tidsfrister for å reise endringssak om farskap etablert
ved pater est-regelen eller erkjennelse som var lovfestet fram til
2003. Flertallet påpeker at det er hensynet til stabilitet over
tid for barnet som taler for at tidsbegrensning igjen innføres når
det gjelder adgangen til å få endret farskap. Flertallet mener at
det i tilfeller hvor en mann har hatt kunnskap om at den biologiske
tilknytningen ikke har vært til stede, så er det ikke rimelig at han
etter flere år, eksempelvis ved et samlivsbrudd, kan reise sak om
endring av farskap. Flertallet mener derfor at en tidsfrist i slike
tilfeller vil være til barnets beste. Flertallet understreker at
det ikke foreslås noen tidsfrist for barnet, slik at barnet selv
alltid kan reise sak om endring av farskap.
Komiteen
viser til at regjeringen foreslår å gjeninnføre tidligere frister
for foreldrenes og tredjemanns adgang til å anlegge sak om endring
av farskap fastsatt ved pater est-regelen eller erkjennelse. Fristene
ble opphevet i 2002.»
Disse medlemmer støtter med bakgrunn
i dette ikke lovendringen i § 6 når det gjelder tidsfrister.
Komiteen viser til
at det i denne saken også foreslås noen endringer av lovteknisk
art. Disse endringen gjøres for å følge opp komiteens merknader
i Innst. 285 L (2014–2015).
Komiteen viser til
proposisjonen og sine merknader og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i barnelova m.m.
(oppheving av tidsfristar i farskapssaker m.m.)
I
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre vert det
gjort følgjande endringar:
§ 6 første stykke første punktum skal lyde:
Barnet, kvar av foreldra og tredjemann som meiner
han er far til eit barn som allereie har ein far, kan alltid reise
sak for domstolane om farskap etter ekteskap eller erklæring.
Andre og tredje stykke vert oppheva.
II
I lov 30. juni 1955 nr. 20 om når norsk tenestemakt kan
halda brudvigjing i utlandet og utenlandsk tenestemakt i Noreg skal
§ 11 tredje stykke lyde:
I serhøve kan ei vigjing som er haldi
av norsk tenestemakt eller av utanlandsk tenestemakt i Noreg, godtakast
som gjeldande, endå om ho vantar bindande kraft etter
reglane i første leden. Slik avgjerd kan takast endå om den eine
av brudfolka eller båe er avlidne. Departementet fastset
kva for fylkesmenn som skal handsame slike saker. Kongen
kan gjeva nøgnare reglar om godtakingsvilkåra.
III
I lov 4. juli 1991 nr. 47 om ekteskap vert det gjort følgjande
endringar:
§ 12 første stykke bokstav c skal
lyde:
c) norsk utenrikstjenestemann, jf lov om utenrikstjenesten §
14.
§ 16 andre stykke skal lyde:
Etter begjæring fra en av partene kan ekteskapet likevel
godkjennes som gyldig når særlige grunner foreligger.
Slik godkjenning kan også gis når én eller begge parter er død. Departementet
fastsetter hvilke fylkesmenn som skal behandle slike begjæringer.
§ 18 a andre stykke andre og nytt tredje punktum
skal lyde:
Etter begjæring fra begge parter kan ekteskapet likevel
anerkjennes dersom sterke grunner taler for det. Departementet
fastsetter hvilke fylkesmenn som skal behandle slike begjæringer.
VI
Lova tek til å gjelde straks.
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den
2. juni 2016
Svein Harberg | Mette Tønder |
leder | ordfører |