Ovannemnde grunnlovsforslag som er fremma av
Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Dag Ole Teigen, Hallgeir
H. Langeland, Per-Kristian Foss, Martin Kolberg, Marit Nybakk, Jette
F. Christensen, Anders Anundsen, Geir Jørgen Bekkevold, Trine Skei
Grande og Jenny Klinge gjeld grunnlovfesting av Noregs Bank.
Forslagsstillarane viser til at Noregs Bank
vart skipa i 1816 og er ein av dei eldste sentralbankane i verda.
Alt i november 1814 vart banken skriven inn i Grunnlova: Paragraf
110 slo då fast at «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge-
og Myntvæsen». Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig
pengestell òg under personalunionen med Sverige. Ordlyden i § 110
låg fast heilt fram til 1911. Då vart paragrafen nytta til grunnlovfesting
av Statens Reservefond. I Sverige har dei på si side den eldste
sentralbanken i verda (frå 1668), og Sveriges Riksbank har vore
grunnlovfest – omtala i Regeringsformen – i fleire hundre år. Den
finske grunnlova (vedteken i 1999) inneheld òg føresegner om Finlands
Bank.
Forslagsstillarane meiner at den norske grunnlova
– som før 1911 – bør nemna Noregs Bank og såleis stadfesta at vi
har ein sentralbank i landet. Dette grunnlovsframlegget byggjer
på ei statsrettsleg og historisk utgreiing om grunnlovfesting av
Noregs Bank som Finansdepartementet gjorde opptak til i 2011. Arbeidet
vart gjort av professorane Eivind Smith (jus) og Aanund Hylland
(samfunnsøkonomi og avgjerdsteori) ved Universitetet i Oslo og levert
den 22. desember 2011. Utgreiingane fylgjer som vedlegg til grunnlovsframlegget.
Dei to siste hundreåra har det vorte skipa sentralbankar
i alle sjølvstendige statar. I nyare tid har òg Den europeiske sentralbanken
kome til og vorte traktatfest. Både nasjonalt og overnasjonalt er
desse særmerkte institusjonar: Dei har einerett på preging av mynt
og utferding av setlar, dei er långjevarar i siste instans, og den
siste internasjonale finanskrisa har vist tydeleg den avgjerande
rolla sentralbankar har i det økonomiske samfunnslivet.
I Noreg er sentralbanken lovregulert i sentralbanklova,
som går attende til 1816. Ho vart mykje revidert i 1892 og seinast
i 1985. Etter den nogjeldande føremålsparagrafen (§ 1) skal Noregs
Bank «være et utøvende og rådgivende organ for penge-, kreditt-
og valutapolitikken. Den skal utstede pengesedler og mynter, fremme et
effektivt betalingssystem innenlands og overfor utlandet og overvåke
penge-, kreditt- og valutamarkedene.»
Forslagsstillarane viser til at oppgåvene til
sentralbanken har skift gjennom tidene. Det same gjeld tilhøvet
mellom Noregs Bank og styresmaktene. Slik vil det alltid vera; vi
tek ikkje til ords for å grunnlovfesta sjølve den gjeldande modellen.
Men det er på høg tid å gjera banken meir synleg som sentral statsinstitusjon
i det norske konstitusjonelle demokratiet.
Ein konstitusjon skal gje føresegner om opphavet
til statsmakta, om utdeling av makta og om korleis ho skal kontrollerast.
Såleis skal ei grunnlov skipa og regulera hovudfunksjonen til ulike
statsmakter, fyrst og fremst den lovgjevande, iverksetjande og dømande
makta. Men ei grunnlov bør òg syna fram og regulera sentrale trekk
ved styringssystemet. Innskrivinga av parlamentarismen (§ 15) og
regjeringa si opplysningsplikt overfor Stortinget (§ 82) i Grunnlova
i 2007 er døme på grunnlovsendringar med dette føremålet. Forslagsstillarane
meiner difor at det å skriva Noregs Bank inn i Grunnlova er i godt samsvar
med den jamne, men varsame revideringa av Grunnlova dei siste åra.
Det er verdt å nemna at Grunnlova vår allereie inneheld føresegner
om andre viktige institusjonar, som Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen.
I andre land er lista over grunnlovfeste institusjonar lang.
Forslagsstillarane gjer framlegg om at Noregs Bank
atter vert grunnlovfest i samhøve med både den norske konstitusjonelle
soga og den særmerkte og sentrale plassen banken har i statsapparatet.
Framlegget er ikkje meint å avskjera høvet til politisk styring
av målet for verksemda til banken eller dei rammene Noregs Bank
elles skal arbeida innanfor: Det tek ikkje sikte på å endra funksjonen
eller rolla til Noregs Bank. Meininga med ei stutt og stadfestande
grunnlovfesting er å tydeleggjera at banken er ein hjørnestein i
den norske statsskipnaden. Ei grunnlovfesting vil òg kunna medverka
til å auka bankens relative status og gje trygd for Noregs Banks
truverde som ein demokratisk lovregulert, uavhengig institusjon
både i Noreg og andsynes utlandet. Det skal nemnast at grunnlovsframlegget
– ifylgje utgreiinga til professor Eivind Smith – er nøytralt med
tanke på norsk medlemskap i Den europeiske unionen (medrekna den
økonomiske og monetære unionen). Det same gjeld for andre former
for internasjonalt valuta-samarbeid.
Grunnlovsparagrafane 76 og 112 gjer klårt at både
regjeringa og kvar tingmann har rett til å setja fram grunnlovsframlegg.
Etter 1905 har ulike regjeringar fremja fleire enn femti stortingsproposisjonar
om grunnlovsendringar. Dei fleste vart lagde fram før den andre
verdskrigen. Etter 1945 har norske regjeringar gjort framlegg om
å endra Grunnlova berre fire gonger. Såleis har det vorte politisk
sedvane at grunnlovsendringar er noko Stortinget steller med. Grunnlovsframlegget
er i samsvar med denne skikken.
Forslagsstillarane viser til at dei grundige
utgreiingane til Eivind Smith og Aanund Hylland ikkje er eit førearbeid
i vanleg tyding, men dei utgjer likevel eit vitskapleg grunnlag
for framlegget. I utgreiinga si vurderer professor Smith kvar ei
ny føresegn bør stå, og korleis ho bør lyda. Om det fyrste skriv
han mellom anna at
«[e]n eventuell grunnlovsfesting kan tenkes strukturert
i samsvar med det etablerte mønster for arbeidsdelingen mellom lovgivende
og utøvende makt. Dette kunne tilsi en bestemmelse om institusjonens
eksistens på et passende sted i grunnloven del B (om den utøvende
makt). Der er § 33 i dag ledig. Paragrafens plassering umiddelbart
etter bestemmelsene om statsrådsbehandling, men foran bestemmelsene
av dynastisk karakter, kan være passende også i et systematisk perspektiv.»
Sjølve ordlyden bør etter forslagsstillarane
sitt skjøn vera minimalistisk. Det er nok å slå fast at Noregs Bank
er sentralbanken i landet.
Forslagsstillarane viser til at det ville vera
symbolsk svært høveleg om forslaget vart handsama og avgjort i samband
med 200-årsjubileet for Noregs Bank i 2016. Forslagsstillarane meiner dessutan
at kontroll- og konstitusjonskomiteen i arbeidet med tilrådinga
si bør invitera både hovudstyret og representantskapet i Noregs
Bank til å koma med sine vurderingar av framlegget.
Forslagsstillarane fremmar følgjande forslag:
«Alternativ B (bokmål og
nynorsk):
§ 33
Norges Bank er landets sentralbank.
–
§ 33
Noregs Bank er sentralbanken i landet.»
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jette F. Christensen, Gunvor Eldegard og lederen Martin Kolberg, fra
Høyre, Erik Skutle og Michael Tetzschner, fra Fremskrittspartiet, Tom
E. B. Holthe og Helge Thorheim, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan,
fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra
Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, og fra Miljøpartiet
De Grønne, Rasmus Hansson, viser til at Norges Bank er en
av de eldste sentralbankene i verden. Banken ble stiftet i 1816,
og har i år 200-årsjubileum. Alle land har en eller annen form for
en sentralbank, som i de aller fleste tilfeller er grunnlovfestet.
At Norge skulle ha en egen sentralbank var klart allerede
ved vedtakelsen av Grunnloven i 1814. I novembertillegget slo § 110
fast at
«Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge-
og Myntvæsen.»
Dette sikret Norge et selvstendig pengevesen
under unionen med Sverige.
Komiteen viser til at grunnlovfestingen
av Norges Bank ble tatt ut i 1911 da paragrafen i stedet ble brukt
til grunnlovfesting av Statens Reservefond.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmet fra Venstre, viser til at flere av de øvrige
overordnede samfunnsinstitusjonene i Norge er grunnlovfestet, og
det er etter flertallets vurdering naturlig at også
Norges Bank som en av de viktige samfunnsinstitusjonene blir omtalt
i Grunnloven.
Flertallet viser til at Norges
Bank er nærmere regulert i sentralbankloven og at grunnlovfestingen
derfor ikke får noen konsekvenser for funksjonen eller rollen til
Norges Bank som Norges sentralbank. Denne forblir uendret.
Det tilrås på denne bakgrunn at forslaget til
en ny § 33 bifalles, slik at bestemmelsen på bokmål og nynorsk lyder:
Ǥ 33
Norges Bank er landets sentralbank.
–
Noregs Bank er sentralbanken i landet.»
Komiteens medlem fra Venstre viser
til flertallets merknad over hvor det helt riktig påpekes at en
grunnlovfesting av Norges Bank ikke får noen konsekvenser for funksjonen
eller rollen til Norges Bank som sentralbank. Dette medlem er
imot å ta inn selvfølgeligheter og tillegg som ikke har noen reell
betydning i Grunnloven. Dette medlem tilrår på denne bakgrunn
at forslaget til ny § 33 ikke bifalles.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til dokumentet og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Dokument 12:29 (2011–2012) – Grunnlovsforslag
fra Per Olaf Lundteigen, Lars Peder Brekk, Dag Ole Teigen, Hallgeir
H. Langeland, Per-Kristian Foss, Martin Kolberg, Marit Nybakk, Jette
F. Christensen, Anders Anundsen, Geir Jørgen Bekkevold, Trine Skei
Grande og Jenny Klinge om ny § 33 i Grunnlova (grunnlovfesting av
Noregs Bank) – bifalles.
Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den
10. mai 2016
Martin Kolberg | Helge Thorheim |
leder | ordfører |