I proposisjonen blir det foreslått å endre folketrygdlova
§ 11-6. Etter denne føresegna er det eit vilkår for rett til arbeidsavklaringspengar
at medlemmen får aktiv behandling eller deltek på eit arbeidsretta
tiltak. Det blir foreslått å reversere deler av den lovendringa
som tok til å gjelde frå 1. januar 2013, jf. lov 19. oktober 2012
nr. 68. Forslaget inneber å endre ordlyden «får aktiv» behandling
til «har behov for» aktiv behandling og ordlyden «deltar på» eit
arbeidsretta tiltak til «har behov for» arbeidsretta tiltak. Trygderetten
vil dermed igjen få høve til å overprøve alle vurderingane som Arbeids-
og velferdsetaten gjer etter folketrygdlova kapittel 11, også med
heimel i folketrygdlova § 11-6, slik lovgjevar la til grunn då ordninga
blei innført.
Lovendringa i 2013 førte til ei innskrenking
i Trygderettens kompetanse som ikkje var tilsikta, og som er i strid
med det Stortinget la til grunn då AAP-ordninga blei innført. Eit
fleirtal av høyringsinstansane stør forslaget om å reversere ordlyden
i folketrygdlova § 11-6 til slik han var ved innføringa av arbeidsavklaringspengar
i 2010.
Forslaget følgjer også opp fråsegna frå Sivilombodsmannen
i sak nr. 2014/1275 av 19. desember 2014.
Stortinget har tidlegare blitt varsla om at
ordninga med arbeidsavklaringspengar vil bli gjennomgått, herunder
ei grundig vurdering av heimlane for å avslå eller stanse arbeidsavklaringspengar.
På bakgrunn av innspela til høyringsinstansane blir
det på noverande tidspunkt ikkje fremma forslag om å ta inn eit
krav om at medlemmen må vere «i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg»
tiltaket i folketrygdlova § 11-6 bokstav b. Føremålet var å gi etaten
ein lovheimel for å avslå arbeidsavklaringspengar dersom brukaren
ikkje er i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg tiltaket.
Det vises til proposisjonens kapittel 2 og 3
der det blir gjort greie for bakgrunn, gjeldande rett og høyringa.
Høyringsfristen var 30. oktober 2015. Det nærare innhaldet i høyringsforslaget, høyringssvara,
samt departementets vurderingar er gjort greie for under dei enkelte
punkta i proposisjonen.
Det blir foreslått at lova trer i kraft frå
den tida Kongen fastset. Ein foreslår at endringa skal gjelde for
alle saker der kravet blir sett fram etter at lovendringa tok til
å gjelde.
Lovendringa vil ikkje endre på vilkåra for rett
til arbeidsavklaringspengar og vil dermed ikkje ha økonomiske konsekvensar.
Det blir lagt til grunn at lovendringa ikkje
vil auke dei administrative kostandene for Arbeids- og velferdsetaten.
Lovendringa reverserer den utilsikta innskrenkinga i Trygderettens
kompetanse, og vil såleis føre til eit visst meirarbeid for Trygderetten
ved handsaming av ein del ankesaker om arbeidsavklaringspengar.
Forslaget fører likevel ikkje til større administrative kostnader
for Trygderetten enn det som blei lagt til grunn då ordninga med
arbeidsavklaringspengar blei innført.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Rigmor
Aasrud, frå Høgre, Stefan Heggelund, leiaren Arve Kambe, Bente Stein
Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, frå Framstegspartiet, Lene Langemyr
og Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Venstre,
Sveinung Rotevatn, og frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser
til Prop. 82 L (2015–2016), der regjeringa foreslår å endre folketrygdlova
§ 11-6. Etter denne føresegna er det i dag eit vilkår for rett til arbeidsavklaringspengar
at medlemen får aktiv behandling eller deltek på eit arbeidsretta
tiltak. Regjeringa foreslår å reversere ordlyden «får aktiv» behandling
til «har behov for» aktiv behandling, samt ordlyden «deltar på»
eit arbeidsretta tiltak til «har behov for» arbeidsretta tiltak,
slik han var ved innføringa av arbeidsavklaringspengar i 2010. Med
denne endringa vil Trygderetten igjen få høve til å overprøve alle
vurderingane som Arbeids- og velferdsetaten gjer etter folketrygdlova
kapittel 11, slik lovgjevar i si tid la til grunn då ordninga blei
innført.
Komiteen merker seg at forslaget
følgjer opp fråsegna frå Sivilombodsmannen i sak nr 2014/1275 av
19. desember 2014, der Sivilombodsmannen uttalte at lovendringa
hadde ført til ei avgrensing i Trygderettens kompetanse. Komiteen er
av den oppfatning at det er eit behov for å endre ordlyden, og viser
til at eit fleirtal av høyringsinstansane stør forslaget.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak til lov
om endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar
– bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)
I
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal § 11-6
lyde:
§ 11-6 Behov
for bistand til å skaffe seg eller beholde arbeid
Det er et vilkår for rett til ytelser etter dette kapitlet
at medlemmet for å skaffe seg eller beholde arbeid som han eller
hun kan utføre
a) har behov for aktiv behandling,
b) har behov for arbeidsrettet tiltak,
eller
c) etter å ha prøvd tiltak etter bokstavene a eller b fortsatt
anses å ha en viss mulighet for å komme i arbeid, og får oppfølging
fra Arbeids- og velferdsetaten.
II
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Endringa
skal gjelde for alle saker der kravet blir sett fram etter at lovendringa
tok til å gjelde.
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den
10. mai 2016
Arve Kambe | Sveinung Rotevatn |
leiar | ordførar |