Aasta Hansteen

Departementet viser til at det i Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet vart varsla at departementet ville komme tilbake med ei oppdatering av Aasta Hansteen-prosjektet i proposisjon om ny saldering av budsjettet for 2015.

Det vises til at i etterkant av framlegginga av Prop. 1 S (2015–2016) har operatøren av Aasta Hansteen-prosjektet informert departementet om ein auke i investeringsanslaget for prosjektet på 5,2 mrd. kroner sidan PUD, av dette skuldast 2,4 mrd. kroner valutaendringar. Målt i norske kroner er auken på 16 prosent frå PUD-anslaget. Departementet viser til at hovudårsaka til utviklinga er forseinka prosjektering og auke i talet på prosjekteringstimar, sein leveranse og auka kostnader på utstyrspakkar og råvare og forseinka framdrift i bygginga av plattformdekk og skrog. Planlagt start av produksjonen blir utsatt frå tredje kvartal 2017 til andre halvdel av 2018.