Meldinga gjeld Noreg si deltaking i FN si generalforsamling,
som kvar haust finn stad i organisasjonen sitt hovudsete i New York.
Meldinga, som illustrerer det omfattande norske engasjementet i
FN, er samansett av fire delar: generalforsamlinga, dei seks faste
komiteane, Tryggingsrådet og styrking av FN, reform og aktørar.
For ei nærare skildring av dei ulike aktivitetane og sakene under
generalforsamlinga vert det vist til meldinga. I det følgjande vert
nokre av dei mest sentrale attgjevne.
Den 69. generalforsamlinga var prega av den ustabile
regionale situasjonen i Midtausten og delar av Afrika, dei mange
og store humanitære krisene verda står overfor, og utviklinga i
Ukraina. Konfliktane i Syria, Irak, Sør-Sudan og Den sentralafrikanske
republikken har tvinga millionar av menneske på flukt og ført til
enorme humanitære lidingar. Krigshandlingane i Gaza og konflikten
i Mali, saman med den sterke framgangen for brutale terroristorganisasjonar
som ISIL og Boko Haram, utgjorde òg ein del av det dystre bakteppet.
Ein fellesnemnar for mange av konfliktane er
at dei er komplekse, vedvarande og utan direkte utsikter til politiske
løysingar. Konfliktane har òg tvinga svært mange menneske på flukt
i og utanfor sitt eige land. Verda står no overfor den største flyktningkrisa
sidan andre verdskrigen. Massive brot på menneskerettane og på andre grunnleggjande
folkerettslege prinsipp, saman med utbrotet og spreiinga av det
svært smittsame og dødelege ebola-viruset, prega òg dagsordenen.
Dei store og samtidige krisene har sett det
humanitære systemet til FN på ei alvorleg prøve, men har òg understreka
behovet for felles løysingar. Ein tydeleg etterspurnad etter eit
effektivt og handlekraftig FN stod sentralt under høgnivåveka hausten
2014. Mange land mobiliserte kraftig for global styring og forsvar
av folkeretten. Tryggingsrådet til FN heldt rekordmange møte i 2014,
og drøfta òg helsekrisa i samband med ebola-epidemien. Ukraina-konflikten
kompliserte dynamikken i Tryggingsrådet, men berre på nokre avgrensa område.
I tillegg til dei akutte krisene har Noreg prioritert det
langsiktige normative arbeidet i FNs generalforsamling, utviklingsagendaen
og reformtiltaka for å styrkje FN si evne til å løyse oppgåvene sine.
Noreg har styrkt den operative evna til FN. Døme på dette er støtte
til å fjerne kjemiske våpen frå Syria, innsatsen mot ebola, bidrag
til FNs fredsoperasjonar og politiske meklingsrolle. På nedrustingsområdet
har Noreg medverka til å auke oppslutninga om den internasjonale
våpenhandelsavtalen (ATT) og humanitær nedrusting.
Noreg hatt ein høg profil når det gjeld likestilling,
på menneskerettsområdet og innanfor internasjonal strafferett, kvinners
seksuelle og reproduktive helse og rettar og diskriminering av homofile
(LHBT). Trass i motstand har det vore mogleg å oppnå gode vedtak
på viktige område, òg når det gjeld Nord-Korea og Iran. Noreg spela ei
viktig rolle i å konsolidere oppslutninga om viktige FN-resolusjonar
i kampen mot dødsstraff, utanrettslege avrettingar og diskriminering
og vald mot kvinner og seksuelle minoritetar.
Noreg har òg spela ei aktiv rolle i alle relevante havrettsprosessar.
Noreg heldt fram som ein sterk og synleg støttespelar
for den humanitære innsatsen til FN, mellom anna gjennom støtte
til ei sterkare koordinering i felten og gjennom tett dialog med
sekretariatet til Verdas humanitære toppmøte.
Noreg er den viktigaste bidragsytaren til FN-sekretariatet
si ståande gruppe av fredsmeklarar og ekspertar på konfliktførebygging
som er tilgjengelege for FNs spesielle politiske oppdrag.
Utviklingspolitiske spørsmål stod sentralt under høgnivåsegmentet
i generalforsamlinga, og Noreg er tungt engasjert i dei pågåande
reformene på utviklingsområdet (medrekna dei nye berekraftsmåla
og finansiering for utvikling).
Når det gjeld samarbeidsklimaet i FN, var det
ikkje eintydig verre enn i tidlegare år. Det går framleis eit hovudskilje
mellom vestlege land og utviklingslanda i den alliansefrie rørsla
(NAM). Eit anna og til dels overlappande hovudskilje er motsetnaden
mellom pluralistiske demokrati og land med eit autoritært styresett.
Trass i vedvarande motsetnader på ei rekkje område har det likevel
lukkast å kome fram til semje i fleire viktige saker ved å samle
støtte på tvers av tradisjonelle blokker og skiljelinjer.
Arbeidet i Tryggingsrådet var i høg grad prega av
Ukraina-konflikten og dei forverra relasjonane mellom Russland og
vestlege land. Dette førte først og fremst til handlingslamming
når det gjeld Ukraina-spørsmålet og i tilhøvet til Syria, som i
tidlegare år. Det lukkast likevel for Tryggingsrådet å gjere viktige
vedtak mellom anna når det gjeld kampen mot internasjonal terrorisme
og fredsoperasjonar i Afrika. Både i Generalforsamlinga og Tryggingsrådet
førte det auka internasjonale konfliktnivået ikkje berre til splitting,
men viste òg eit tydeleg behov for å stå saman mot globale trugsmål.
Reform av FN er eit krevjande og omstendeleg arbeid.
Hovudutfordringa er å få alle dei 193 medlemslanda til å einast
om konkrete reformer. Under den 69. generalforsamlinga spela Noreg ei
aktiv rolle i ei rekkje pågåande prosessar for å effektivisere og
styrkje FN.
Det er mellom anna eit sterkt press frå ein
del dominerande vestlege land for å kutte i budsjetta, og Japan
og mange ikkje-vestlege medlemsland ønskjer å detaljstyre arbeidet
til generalsekretæren. Dette er ei stor utfordring for den samla
effektiviteten til FN.
Noreg har teke initiativ til ein breiare prosess
for reform av FN i samband med val av ein ny generalsekretær i 2016,
ein prosess som vil byggje på og styrkje dei reformtiltaka som alt
er påbyrja. FN-reform vil framleis stå sentralt i norsk FN-politikk
i dei komande åra.
FNs 69. generalforsamling la grunnlaget for store
internasjonale prosessar i 2015 på sentrale område. Dette gjeld
forhandlingane og avgjerdene om å vedta nye berekraftsmål, konferansen
om finansiering for utvikling og forhandlingane om ein ny klimaavtale
(COP21).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre Simensen
og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Regina Alexandrova,
Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Fremskrittspartiet,
Harald T. Nesvik, Per Sandberg og Christian Tybring-Gjedde, fra
Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra Senterpartiet, Liv Signe
Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Bård Vegar Solhjell, har merket seg de viktigste temaene
som preget den 69. generalforsamlingen i FN i 2014. Ustabilitet
og humanitære kriser i deler av Midtøsten og Afrika, den spente
situasjonen i Ukraina, konflikter i Syria, Irak, Sør-Sudan og Den
sentralafrikanske republikk var et dystert bakteppe for generalforsamlingen
og preget debattene. Disse konfliktene har ført til den største
flyktningkrisen siden 2. verdenskrig. Andre viktige temaer som ble viktig
under generalforsamlingen var de massive brudd på grunnleggende
folkerettslige prinsipp som menneskerettighetene som har funnet
sted, ebolautbruddet i Vest-Afrika, eskaleringen av Israel-Palestina-konflikten
som førte til krigen i Gaza sommeren 2014, terroristorganisasjonene ISIL
og Boko Harams brutale terroristvirksomhet, samt konflikten i Mali.
FNs 69. generalforsamling la også grunnlaget for store internasjonale
prosesser som forhandlingene og avgjørelsene om å vedta nye bærekraftsmål, konferansen
om finansiering for utvikling og forhandlingene om en ny klimaavtale
(COP21).
Komiteen merker seg at krisene
og konfliktene som preget generalforsamlingen har likhetstrekk ved
at de er komplekse og vedvarende konflikter uten direkte utsikter
til politiske løsninger.
Komiteen merker seg at Norges
prioriteringer i FN har vært de akutte krisene, det langsiktige normative
arbeidet i FNs generalforsamling, utviklingsagendaen og reformtiltakene
for å styrke FNs evne til å løse sine oppgaver. Eksempler på Norges
konkrete innsats har vært fjerning av kjemiske våpen fra Syria,
innsatsen mot ebola, bidrag til FNs fredsoperasjoner og politiske
meklingsrolle, styrket koordinering av FN-innsatsen på landnivå
og støtte til Generalsekretærens initiativ «Human Rights Up Front».
Komiteen mener at Norges velstand,
ryddige forhold til naboer og fellesinteresser med de aller fleste
andre stater, bygger på FNs prinsipper. Komiteen vil
fremheve viktigheten av å jobbe med utgangspunkt i folkeretten,
internasjonal rett og havretten som viktige pilarer i vårt FN-arbeid.
Kritikk av brudd på dette og i sær den svekkelsen av territoriell
integritet man har sett i forbindelse med Russlands brudd på folkeretten og
destabiliseringen av Ukraina er derfor av spesiell viktighet.
Komiteen viser til at Norge,
gjennom Generalforsamlingen, fikk godt gjennomslag for prioriterte
saker og at Norge gjennom sine prioriteringer har styrket FNs operative
evne gjennom politisk og diplomatisk engasjement og omfattende humanitære
og utviklingspolitiske bidrag.
Komiteen støtter de utviklingspolitiske
målene om fattigdomsreduksjon, og vil trekke frem arbeidet som er
blitt gjort for å nå tusenårsmålene innen 2015 gjennom å fremme
utdanning, global helse, fredelige samfunn og godt styresett, kvinners
rettigheter, klima og tilgang til bærekraftig energi. Komiteen vil
trekke frem den høye profil Norge har hatt på spørsmål knyttet til
likestilling, menneskerettigheter og innenfor internasjonal strafferett,
kvinners seksuelle og reproduktive helse og rettigheter og diskriminering
av homofile (LHBT). Komiteen støtter Norges prioriteringer
knyttet til utdanning i kriser, varige løsninger for internt fordrevne
og seksuell og reproduktiv helse, samt støtte til de fire resolusjoner
knyttet til dødsstraff, utenomrettslige henrettelser, personvern
og menneskerettssituasjonen i Iran. Komiteen deler bekymringen
over at G77-gruppen i flere resolusjonsframlegg tok ut tekster om
kvinner og likestilling sammenlignet med tilsvarende resolusjoner
i 2013, og støtter arbeidet med å få tilbake disse. Komiteen støtter
også Norges medvirkning til økt oppslutning om den internasjonale
våpenhandelsavtalen (ATT) og humanitær nedrusting under generalforsamlingen.
Komiteen mener at Norge må være
en aktiv stemme for å reformere FN-systemet og ønsker at FN-organisasjonene
vektlegger resultater og effektivitet når nivået på bidrag fastsettes.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti understreker at nivået på bidrag
ikkje einsidig må setjas ut ifrå effektivitet. Desse medlemene peiker
spesielt på at kjernebidraga til FN er avgjerande for drifta av
FN og at mange organisasjonar åtvarar sterkt mot vidare kutt i kjernebidraga. Desse
medlemene meiner Noreg ikkje må kutte i kjernebidraga til
FN på ein måte som svekker FN si evne til å løyse globale utfordringar.
Komiteen merker seg
Norges innsats for nødvendig reform av FN og vil særlig trekke frem arbeidet
for effektivisering og fokusering i FN-fondene og -programmene og
bedre koordinering i utviklingssystemet i FN. Komiteen merker
seg det franske initiativet om å utvikle retningslinjer for frivillig
å avstå fra bruken av vetoretten i situasjoner der sivile blir truet
av brudd på folkeretten. Komiteen mener at dette har
fått fornyet aktualisering etter Russlands og Kinas mange veto mot
vedtak i Sikkerhetsrådet knyttet til den manglende evnen til å hjelpe
sivile i Syria som dette direkte fører til.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, legger til
grunn at arbeidet med reform vil stå sentralt i norsk FN-politikk
i de kommende årene, herunder i forbindelse med valg av ny generalsekretær
i 2016.
Medlemen i komiteen frå Senterpartietber regjeringa komme tilbake til Stortinget
med en utgreiing av mulige konsekvensar ved ei endring av retningslinjene
for bruk av vetoretten.
Komiteen merker seg
at FNs regulære budsjetter er under kraftig press som følge av kutt
fra store bidragsytere og de strenge krav til innsparing dette fører
med seg. Komiteen støtter samtidig Norges arbeid
for at dette ikke vil få følger for vedtak og gjennomføring av nødvendige
reformer. Komiteen støtter videre arbeidet for å unngå
at medlemslandene skal detaljstyre FN gjennom Generalforsamlingen,
på bekostning av FN-sekretariatets effektivitet. Komiteen mener
Norge skal opptre konstruktivt og kritisk overfor FNs ressursbruk
og at Norge skal fortsette arbeidet mot økonomiske misligheter og
tiltak som sikrer en ansvarlighetskultur som styrker innsatsen for
tilsyn og kontroll.
Medlemene i komiteen frå Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti understreker
verdien av eit sterkt FN som evnar å løyse globale utfordringar
gjennom eit internasjonalt samarbeid mellom suverene demokratiske
nasjonalstatar. I ei tid der FN sitt budsjett er under sterkt press,
er det svært uheldig at regjeringa, gjennom sitt forslag til statsbudsjett
for 2016, tar til orde for å kutte Noregs løyvingar til FN. Det
er i Noreg si interesse å bidra til å sikre naudsynt finansiering
av eit sterkt FN.
Komiteen deler regjeringens
engasjement for å styrke FNs evne til å forebygge og løse væpnede konflikter
og til å fremme langsiktig fredsbygging gjennom FN-ledede operasjoner. Komiteen merker
seg at FN-ledede operasjoners sikkerhetsutfordringer innebærer grenseoverskridende
kriminalitet, terrorisme, trusler i det digitale rommet og piratvirksomhet
og støtter at dette sees i et helhetlig perspektiv. Komiteen støtter
videre arbeidet med å ta opp tema som seksualisert vold, barn i
væpnede konflikter, vern av sivile i væpnede konflikter og ansvaret for
å verne («Responsibility to Protect», R2P), i tillegg til å støtte
konkret innsats for å styrke den kapasiteten som FN-operasjonene
har til å gjennomføre omfattende vernestrategier. Komiteen vil
peke på viktigheten av tidlig innsats og fredsbygging med vekt på
sikkerhetssektorreform og utvikling av rettsstaten som et kjerneoppdrag
for FNs fredsbevarende styrker.
Komiteen viser også til Meld.
St. 33 (2012–2013) Norge og FN: Felles framtid, felles løsning,
der det ble oppnådd enighet om en felles FN-politikk som skal være
retningsgivende for Norges aktive FN-engasjement.
Komiteen legger vekt på at Norge
fortsatt skal ha en sterk stemme i FN i saker om menneskerettigheter,
demokrati, godt styresett og de nye bærekraftsmålene, og støtter
at Norge fortsatt skal bygge systematiske allianser for å oppnå konsensus
på tvers av regionale grupper og skillelinjer.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Meld. St. 36 (2014–2015) – om Noregs deltaking
i den 69. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)
– vedlegges protokollen.
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den
2. desember 2015
Anniken Huitfeldt | Øyvind Halleraker |
leder | ordfører |