Regjeringa foreslår endringar i avskrivingsreglane
for vindkraftverk slik at driftsmiddel i vindkraftverk blir avskrivne
lineært, med like store beløp over fem år. Etter dagens ordning
blir vindkraftverk avskrivne etter saldoreglane, med ulike prosentsatsar
for ulike type driftsmiddel. Forslag om endra avskrivingsreglar
for vindkraftverk blei varsla i statsbudsjettet for 2015, jf. Prop.
1 LS (2014–2015) kapittel 20, og sendt på høyring 16. februar 2015.
Forslaget har samanheng med at Noreg frå 2012 har
støtta fornybar elektrisitetsutbygging gjennom den svensk-norske
elsertifikatmarknaden. Denne marknaden er hovudverkemiddelet for
utbygging av fornybar elektrisitet. Noreg og Sverige har begge forplikta
seg til å finansiere halvparten av utbyggingsmålet på 26,4 TWh i perioden
2012 til 2020. Ulike anlegg og teknologiar er likestilte i elsertifikatmarknaden,
slik at prosjekta med lågast støttebehov kan byggjast ut først.
Dei norske reglane for avskriving av vindkraftanlegg er gunstige
og hindrar ikkje selskapa i å byggje ut samfunnsøkonomisk lønsame
vindkraftanlegg. Energibransjen har likevel påpeikt at det er fleire
forskjellar i rammevilkåra som kan påverke om utbygging skjer i
Noreg eller Sverige, særleg at vindkraftanlegg kan avskrivast raskare
i Sverige enn i Noreg. Dei raskare svenske avskrivingsreglane er
bakgrunnen for at regjeringa no legg fram eit forslag som gjer at
dei norske avskrivingsreglane for vindkraftverk blir tilnærma like
dei svenske reglane. Målet er at forskjellar i avskrivingsreglane
i dei to landa isolert sett ikkje skal vere avgjerande for om vindkraftverk
blir lokalisert i Sverige eller Noreg.
Etter forslaget skal endringane få verknad for driftsmiddel
som er erverva frå og med 1. januar 2015. Forslaget er avgrensa
til å gjelde fram til utløpet av godkjenningsperioden for norske
elsertifikatanlegg. Etter gjeldande reglar vil dette seie til og
med 31. desember 2020. Dersom godkjenningsperioden for norske elsertifikatanlegg blir
utvida, jf. forslag om eitt års forlenging i Prop. 97 L (2014–2015),
er hensikta at driftsmiddel som er erverva fram til utløpet av den
forlenga perioden, skal omfattast av dei nye avskrivingsreglane.
Det kan vere usikkert om forslaget inneber ulovleg
statsstønad etter EØS-avtalen, og det er derfor foreslått at endringane
ikkje blir sette i verk før spørsmålet er avklara. Departementet
sendte brev til ESA 24. april 2015 der forslaget om å innføre gunstigare
avskrivingsreglar for vindkraft blei pre-notifisert.
I samband med handsaming av budsjettet for 2015
vedtok Stortinget følgjande oppmoding til regjeringa (vedtak nr. 63
(2014–2015), punkt XXVI):
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med arbeidet
med meir gunstige avskrivninger på vindkraftanlegg også vurdere
avskrivningsregler for vindkraft med 40 prosent meravskrivninger
over de fire første år.»
Oppmodinga blei omtalt og vurdert i høyringsnotatet.
Slike meiravskrivingar ville innebere at selskapa får eit tilleggsfrådrag
på 40 pst. ut over investeringskostnadene, slik at samla investeringsfrådrag
ville blitt 140 pst. Meiravskrivingane ville dermed bli ein rein
investeringsstønad som ville undergrave elsertifikatmarknaden. Samfunnsøkonomisk
ulønsame investeringar ville bli lønsame for selskapa, og dette
ville svekke produktiviteten i Noreg. Departementet tilrår derfor
ikkje vidare vurdering av ei slik ordning.
Forslaget om lineære avskrivingar for vindkraftverk
blei sendt på høyring 16. februar 2015 med frist for innspel 30. mars
2015.
Dei fleste høyringsinstansane var positive til forslaget.
Fleire av høyringsinstansane har peikt på eit behov for klargjering
av lovteksten og oppmoda til endringar som ville gjere ordninga endå
betre for selskapa. Nokre høyringsinstansar meiner forslaget bør
utvidast til også å gjelde investeringar i vindkraftverk før 2015.
Nokre høyringsinstansar har motsett seg forslaget.
Det er mellom anna vist til miljømessige omsyn og at ei endring
som foreslått vil gi urimelige fordelar for vindkraftverk samanlikna
med andre teknologiar og bransjar.
Merknadene frå høyringsinstansane blir nærare omtalt
under punkt 10.3 og 10.4 i proposisjonen.
Provenytapet knytt til forslaget om fem års lineære
avskrivingar for mogelege vindkraftinvesteringar i perioden 2015
til 2020 er anslått til 600 mill. kroner målt som noverdi. Forslaget
vil truleg ikkje medføre vesentlege administrative kostnader.
Endringa skal etter forslaget få verknad for driftsmiddel
erverva frå og med 1. januar 2015 og tek til å gjelde frå den tid
Kongen bestemmer.
Departementet viser til forslag til endringar
i skattelova § 14-51.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteens medlem fra Senterpartiet viser
til at regjeringen har foreslått endringer i avskrivningsreglene
for vindkraft. Bakgrunnen for forslaget er at ulike rammevilkår
mellom Norge og Sverige kan påvirke at utbygging av vindkraftverk
kan skje i Sverige i stedet for i Norge.
Dette medlem mener at det heller
må utformes en teknologinøytral ordning, slik at all sertifikatkraft
får bedre avskrivningsregler. En ordning med 40 pst. meravskrivninger
vil bidra til at de samfunnsøkonomisk beste løsningene blir valgt
når nøytralitet mellom de ulike fornybarteknologier blir lagt til
grunn.
Dette medlem viser til at Finansdepartementet
sendte brev til ESA om pre-notifisering av forslaget om nye avskrivningsregler
den 24. april 2015, og at de foreslåtte endringene ikke vil trå
i kraft før spørsmålet om forholdet til EØS-avtalen er avklart.
Dersom ESA ikke godkjenner de foreslåtte endringene, mener dette medlem at
departementet må foreslå en teknologinøytral ordning.