Nærings- og fiskeridepartementet kjem i proposisjonen
med framlegg til endringar i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret
(einingsregisterlova).
Proposisjonen inneheld framlegg til endringar
i regelverket om krav til dokumentasjon ved registrering i Einingsregisteret.
Det vert føreslått at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar
om sameigarar i tingsrettslege sameige. Føremålet med endringa er
å gjere registrering i Einingsregisteret enklare for tingsrettslege
sameige.
Framlegget inneheld òg endringar for å rette
opp feil i einingsregisterlova, føretaksregisterlova og føretaksnamnelova.
Bakgrunnen for gjennomgangen av reglane var innspel
frå Domstoladministrasjonen og foreininga Norske Lakseelver.
Dei peika på nye reglar som førde til at fleire
lag, sameige og bruk trong eit organisasjonsnummer for å kunne få
offentlege tilskott og difor måtte registrere seg i Einingsregisteret.
Regelen i einingsregisterlova kravde at alle medlemmer i laget måtte
registrerast med personnummer. For bruk og sambruk på jordskiftefeltet
og for elve-eigarlaga kunne det dreie seg om eit tresifra tal på
sameigarar. Kravet om registrering av personnummer førde i fleire
tilfelle til at registreringa ikkje var praktisk mogleg å gjennomføre.
Laga eller bruka vart dermed forhindra frå å ta imot offentlege
tilskott dei elles hadde hatt krav på.
Høyringsnotatet vart sendt på høyring 20. november
2014 med høyringsfrist 20. januar 2015. I same høyring vart det
òg sendt framlegg om endringar i einingsregisterføresegna og føretaksregisterføresegna.
Kva for registreringseiningar som skal registrerast
i Einingsregisteret, er lista opp i einingsregisterlova § 4. I bokstav
d er det bestemt at tingsrettslege sameige (jf. sameigelova) berre skal
registrerast dersom dei opptrer «som sådanne utad» og er registrerte
i tilknytte register eller særregister.
Når eininga vert registrert i Einingsregisteret
for første gong, får eininga tildelt organisasjonsnummer (§ 5).
Alle einingar må gje opplysningar slik det er sagt i § 5 for å kunne
verte registrerte og få tildelt organisasjonsnummer i Einingsregisteret.
Unntak gjeld viss denne typen opplysningar ikkje finst. Når det
gjeld tilleggsdata, går det fram direkte av lova at dei berre kan verte
registrerte om dei finst for den aktuelle organisasjonsforma.
For tingsrettslege sameige går det fram av § 6 bokstav
b at sameigarane skal meldast inn til registeret. I forarbeida står
det at deltakarane i tingsrettslege sameige skal registrerast med
namn og adresse. I tillegg skal dei registrerast med fødselsnummer,
D-nummer eller organisasjonsnummer.
Vidare pliktar dei tingsrettslege sameiga å
melde frå om endringar blant sameigarane utan ugrunna opphald, jf.
einingsregisterlova § 15 første ledd første punktum.
I høyringsnotatet vart det framheva at sakshandsaming
i Brønnøysundregistra viser at dei fleste tingsrettslege sameiga
er knytt til fast eigedom. Grunnboka viser kven som er eigar av
fast eigedom. I tingsrettslege sameige der sameigetingen er fast
eigedom, vert det altså rapportert dobbelt om kven som er sameigarar.
Fram til 2005 gjaldt plikta til å registrere
sameigarar også for sameigarar i eigarseksjons-sameige. Einingsregisteret
erfarte at føresegna om registrering av sameigarar i eigarseksjons-sameige
ikkje fungerte slik ho var meint. Eit særskilt unntak frå kravet
til å registrere sameigarar vart difor innført for eigarseksjonssameige
frå 1. juli 2005. Eigarseksjonssameige har dermed ikkje lenger plikt
til å melde frå om sameigarar til Einingsregisteret når eininga
vert registrert.
Einingsregisteret si røynsle er at behovet for
endringar òg gjeld for andre typar tingsrettslege sameige. Eit døme
på tingsrettslege sameige der det har vist seg problematisk å halde
registeret à jour, er elveeigarlag med felles fiskerettar. Eit anna
døme på tingsrettslege sameige der det har vist seg problematisk
å halde à jour naudsynte personopplysningar, er garasjesameige som
er knytt til eigarseksjonssameige.
I høyringsnotatet vart det føreslått at det
ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om sameigarar
for tingsrettslege sameige. Det vart difor lagt fram framlegg om
at einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav b vert oppheva.
Det vart i høyringsnotatet ikkje føreslått å
endre føresegna i einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav c
om at styret skal registrerast om det finst.
Nærings- og fiskeridepartementet går, i tråd
med framlegget og høyringsinstansane sitt syn, inn for å forenkle
kravet til registrering av sameigarar i tingsrettslege sameige,
slik at det ikkje lenger skal vere naudsynt å registrere opplysningar om
sameigarar i tingsrettslege sameige i Einingsregisteret.
Lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret
(einingsregisterlova) § 2 bokstav b bruker det gamle namnet på «Statistisk
sentralbyrås bedrifts- og foretaksregister». Departementet føreslår
å ta i bruk det nye namnet som er Statistisk sentralbyrås Virksomhets-
og foretaksregister.
Omgrepet «enkeltpersonforetak» i § 4 første ledd
bokstav c vart ved ei endring i 2007 (samvirkelova) ved ein feil
endra til «enkeltpersonsforetak» med uriktig fuge-s før «foretak». Departementet
føreslår å rette opp dette.
Lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av
foretak (føretaksregisterlova) § 3-7 andre ledd første punktum fastset
kva for opplysningar registeret skal innehalde for ulike roller
til fysiske personar. I oppramsinga av rollene er varamedlem utegløymt.
Departementet føreslår å ta varamedlem inn i oppramsinga.
Lov 29. juni 2007 nr. 75 om verdipapirhandel (verdipapirhandellova)
har vore endra fleire gonger dei siste åra slik at nokre tilvisingar
i føretaksregisterlova ikkje lenger er rette. Departementet føreslår
at tilvisingane i føretaksregisterlova til verdipapirhandellova
§ 4-4 bokstav g og § 5-1 fjerde ledd vert retta. Vidare er det Finanstilsynet
og ikkje børsen som er prospektmyndigheit, jf. verdipapirhandellova
§ 7-8 sjette ledd, slik at departementet føreslår at dette vert retta.
Prospekt vert i dag berre sendt til Føretaksregisteret etter verdipapirhandellova
§ 7-10 dersom det ikkje skal godkjennast av Finanstilsynet etter
verdi-papirhandellova § 7-7. I føresegnas tredje punktum føreslår
departementet difor at og vert retta til eller. Vidare føreslår
departementet å stryke «andel i kommandittselskap» fordi slike ikkje
vert rekna som omsettelege verdipapir, og difor ikkje er underlagd
prospektplikt etter verdipapirhandellova kapittel 17.
Finansdepartementet har påpeika at børsen og børsklagenemnda
ikkje lenger har noko rolle kva gjeld prospekt etter kapittel 7
i verdipapirhandellova. Departementet føreslår difor òg at føretaksregisterlova
§ 5-1 (5) vert sletta.
Omgrepet «firma» vart erstatta med omgrepet «foretaksnavn»
i lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre
forretningskjennetegn mv. (føretaksnamnelova) i 2004. I nokre av
føresegnene i lova vart omgrepet ved ein feil ikkje endra samstundes
med lovendringa. Departementet føreslår at dette vert endra i §§ 2-2,
7-1 og 8-2.
Endring av einingsregisterlova i tråd med dette framlegget
vil føre til at tingsrettslege sameige vert spart for byrda med
å skaffe oversikt over sameigarar med dei naudsynte opplysningane. Dei
vil heller ikkje trenge å oppdatere opplysningane.
For Einingsregisteret vil den føreslåtte endringa lette
kontrollen og registreringa av sameige. Det er ikkje behov for endringar
i datasystema.
Framlegget har ikkje økonomiske konsekvensar for
Brønnøysundregistra.
Det vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar
å rette opp feil i lovverket.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra
Høyre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove
Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind
Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette
Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, og fra Venstre,
Pål Farstad, viser til Prop. 87 L (2014–2015) med forslag
til endring i lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret (enhetsregisterloven).
Proposisjonen inneholder forslag til endring
i regelverket om krav til dokumentasjon ved registrering i Enhetsregisteret. Komiteen merker seg
videre at forslaget også inneholder endringer for å rette opp feil
i enhetsregisterloven, foretaksregisterloven og foretaksnavneloven. Komiteen er
tilfreds med at forslaget innebærer at det ikke lenger skal være
nødvendig å registrere opplysningar om sameiere i tingrettslige sameier
og at dette vil bety en forenkling for registrering i Enhetsregisteret.
Komiteen slutter seg til forslagene
i proposisjonen.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
fatte følgende
vedtak til lov
om endringar i lov om Enhetsregisteret m.m.
(registrering av sameigarar m.m.)
I
I lov 3. juni 1994 nr. 15 om Enhetsregisteret blir det
gjort desse endringane:
§ 2 bokstav b nr. 5 skal lyde:
5. Statistisk sentralbyrås Virksomhets- og
foretaksregister (statistikkloven § 2-2).
§ 4 første ledd bokstav c skal lyde:
c) Enkeltpersonforetak.
§ 6 første ledd bokstav b blir oppheva.
II
I lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak
blir det gjort desse endringane:
§ 3-7 andre ledd første punktum skal
lyde:
For styremedlem, varamedlem, observatør,
innehaver, deltaker, daglig leder, signaturberettiget og prokurist,
skal registeret inneholde opplysninger om navn, fødselsnummer og
bopel.
§ 4-4 bokstav g skal lyde:
g) I aksjeselskap og allmennaksjeselskap skal
de meldepliktige opplyse om aksjetegning er skjedd uten prospekt
som nevnt i verdipapirhandelloven § 7-2. De meldepliktige
skal i tilfelle vedlegge en underskrevet erklæring om hvorfor prospekt
ikke var nødvendig. Er prospekt nødvendig, skal prospektet og alt
annet tegnings-materiale vedlegges, og de meldepliktige skal bekrefte
at alt tegningsmaterialet er innsendt til Finanstilsynet i samsvar
med verdipapirhandelloven § 7-7eller til Foretaksregisteret i
samsvar med verdipapirhandelloven § 7-10. Plikten
etter første punktum til å vedlegge prospekt gjelder ikke dersom
prospektet allerede er innsendt til Foretaksregisteret i samsvar
med verdipapirhandelloven § 7-10. Disse reglene
kommer tilsvarende til anvendelse på grunnfondsbevis.
§ 5-1 fjerde ledd skal lyde:
Når grunnlaget for det som innkommer til registrering er
tegning av aksje eller grunnfondsbevis, skal
registerføreren prøve om prospekt var nødvendig
og i tilfelle om prospekt er innsendt til Finanstilsynet for
kontroll som nevnt i verdipapirhandelloven § 7-7 eller
til Foretaksregisteret for registrering som nevnt
i verdipapirhandelloven § 7-10. Er det nedlagt forbud
som nevnt i verdipapirhandelloven § 7-8 fjerde ledd,
kan registrering ikke skje før forbudet eventuelt er omgjort.
§ 5-1 femte ledd blir oppheva.
III
I lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn
og andre forretningskjennetegn mv. blir det gjort desse endringane:
§ 2-2 trettande til femtande ledd
skal lyde:
Foretaksnavn for kommunalt foretak skal
inneholde ordene kommunalt foretak eller forkortelsen KF, og foretaksnavn for
fylkeskommunalt foretak skal inneholde ordene fylkeskommunalt foretak
eller forkortelsen FKF. Foretaksnavn som er nevnt i første punktum
skal også inneholde en angivelse av hvilken kommune eller
fylkeskommune foretaket er en del av.
Foretaksnavn for regionalt helseforetak
skal inneholde ordene regionalt helseforetak eller forkortelsen
RHF. Foretaksnavn for helseforetak skal inneholde
ordene helseforetak eller HF.
Et foretaks foretaksnavn må ikke inneholde
annen foretaksbetegnelse enn den som angir foretakets egen ansvarsform.
Kongen kan gi nærmere regler om utforming av foretaksnavn.
§ 7-1 andre ledd skal lyde:
Trer en juridisk person i likvidasjon eller åpnes det gjeldsforhandling
eller konkurs hos innehaveren av et foretaksnavn skal foretaksnavnet ved tegning
avforetaksnavnet gis en tilføyelse
som angir dette, jf. lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av
foretak § 10-2.
§ 8-2 skal lyde:
Med unntak av bestemmelsene i § 2-2 gjelder loven for foretaksnavn tatt
i bruk før lovens ikrafttredelse. §§ 6-1 og 6-2 kommer bare til
anvendelse på bruk av foretaksnavn etter lovens
ikrafttredelse.
IV
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
Oslo, i næringskomiteen, den 21. mai 2015
Geir Pollestad | Jørund Rytman |
leder | ordfører |