Noreg deler opp mot 90 pst. av havressursane
vi haustar av, med andre land. Det er forvaltinga av desse ressursane
som er tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre
at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor basert
på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltningstiltak og
inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltningstiltak og
kontrollsamarbeid.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn
for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei
internasjonale fora for ressursforvaltning:
Å fremje ei berekraftig
forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege
vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.
Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling
av felles regulerte bestandar.
Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan
dei forvaltningsregima der Noreg tek del.
Dei internasjonale fiskeriavtalane Noreg inngår er
av tre typar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale
fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMO-ar).
Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU,
Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er mest
omfattande og gjeld felles forvaltning av dei bestandane vi deler
i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt
gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone og
byte av kvotar. EU er også formell motpart i avtalane om regulering
av fisket i Skagerrak og Kattegat og svensk fiske i norsk økonomisk
sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst
kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare
fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i
storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar
dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.
Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk
vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar
mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige
avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden
i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltninga
av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er part i prosessen
om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet, mellom Grønland
og Island.
FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane
og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å delta i regionalt
samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer
å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane
i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket,
miljøtiltak og samarbeid om kontroll. RFMO-ane har mellom anna vore
viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske
(uuu-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane vi deltek
i er nærmare presentert i kapittel 3 i meldinga.
Kapittel 2 i meldinga har ei kort innføring
i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det
havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane
legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Dessutan
er det internasjonale samarbeidet om kampen mot ulovleg fiske omtalt.
For 2014 er den samla fangstverdien av fiskeriavtalane
Noreg inngjekk med andre land rekna til 32 mrd. kroner . Noreg sin
del utgjorde drygt ein tredel av totalen, eller 11 mrd. kroner.
I tillegg kjem verdiane som blir skapt av vidareforedling av fangsten.
Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg
nyttar kvotane fullt ut.
Figur 1.2 i meldinga viser korleis den økonomiske
verdien var fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2014. Denne
fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar
i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane.
Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike
avtalane.
Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste
bestanden Noreg har, og den norske kvoten hadde ein verdi på nær
5 mrd. kroner med dei oppnådde prisane i 2014. Det er grunnen til
at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane
kjem frå avtalen med Russland. Om lag ein tredel av verdiane skriv
seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane i Norskehavet.
Makrellen er for tida den viktigaste med ein verdi på nær 2 mrd.
kroner. Avtalen med EU om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen
stod for 8 pst. av verdiane. Dette er lågare enn normalt, fordi
prisen på nordsjøsild var særleg låg i 2014. Skagerrak-avtalen med
EU stod for 2 pst. av dei samla verdiane.
Figur 1.3 i meldinga viser den avtalte totalkvoten for
viktige bestandar for Noreg i 2014 og 2015, medan figur 1.4 i meldinga
viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane. Dei
endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga,
fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane
er fastsette.
Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2015
på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland
og avsetning til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett
til å delta i fisket i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som
gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.
Både torsken og hysa i Barentshavet har vore
på eit svært høgt nivå dei siste åra. Dei to bestandane blir delt
likt mellom Noreg og Russland, etter at ein har sett av ein kvote
til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre
artar. Torskekvoten er redusert med 12 pst. frå 2014 til 2015, men
er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit
høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er ført vidare på same nivå
som i 2014. Hysebestanden er i god stand, men med noko lågare rekruttering
enn dei siste åra.
Nytt for 2015 er at Noreg og Russland vedtok
å innføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse.
Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 pst. av kvoten
til neste år, eller fiske inntil 10 pst. av eigen kvote på forskot.
For 2015 vart det òg for første gong semje om felles
totalkvote og fordeling av snabeluer i Barentshavet. Totalkvoten
er på 30 000 tonn, og fordelt med 72 pst. til Noreg, 18 pst. til
Russland og 10 pst. til tredjeland.
Noreg og Russland er einige om å vidareføre
arbeidet i 2015 i analysegruppa, som er sentral i det gode norsk-russiske
kontrollsamarbeidet. Partane bestemte også å halde fram arbeidet
for å redusere utkast av fisk og arbeidet med å lage felles retningslinjer
for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet
skal gå føre seg.
Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane
i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2015 er kvotane for torsk, raudspette
og hyse auka noko, medan kvotane for sei, kviting og sild er reduserte.
Byteavtalen vart som i 2014. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig
løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.
Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda
og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg
har drygt 29 pst. av den totale sildekvoten og 52 pst. av seikvoten.
Medan tilstanden for nordsjøsilda er god, er gytebestanden under
føre-var-grensa for seien. Dei fastsette kvotane er i tråd med vedtekne
forvaltningsplanar.
Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om
fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen
av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak
som er av størst interesse for norske fiskarar. Det har dei siste
åra vore ein prosess med sikte på å endre rammeverket for Skagerrakavtalen,
slik at avtalen blir i tråd med moderne havrett. Det har resultert
i ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak, signert
15. januar 2015.
Makrellbestanden har auka dei siste åra og er
no i god stand. Hausten 2014 vart det gjort eit nytt forsøk på å
inkludere Island i trepartsavtalen frå 2014 om makrell. Også Grønland
deltok i forhandlingane, då det dei siste åra har utvikla seg eit
makrellfiske i grønlandsk farvatn. Partane vart ikkje einige om
ein felles avtale.
Noreg, EU og Færøyane inngjekk difor ein trepartsavtale
om forvaltning av makrell for 2015, i tråd med rammeavtalen frå
2014. Partane er i avtalen einige om ein totalkvote på 1 054 000
tonn i 2015. Den norske kvoten er på 237 250 tonn, som svarar til
26,67 pst. av delen til dei tre partane i avtalen. I tillegg er
det sett av eit kvantum for fiske av andre land. I samsvar med avtalen
for 2015 skal partane utarbeide ny forvaltningsplan for makrell.
Norsk vårgytande sild (nvg-sild) har vore den største
fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i
verda. Bestanden er no svakare. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland
er kyststatar til nvg-silda. Noreg har sidan 2007 hatt 61 pst. av
nvg-silda. Dei to siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av
den totale kvoten, men dei andre kyststatane ville ikkje redusere
sine delar av totalkvoten til fordel for Færøyane. Partane har difor
ikkje klart å bli samde om ein ny fempartsavtale. I 2014 inngjekk
Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote
til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda.
Det er ikkje inngått nokon ny firepartsavtale
for 2015, men det ligg føre ei felles forståing av ein totalkvote
på 283 013 tonn. Noreg har fastsett ein kvote på 172 638 tonn som
tilsvarar vår tradisjonelle del av totalkvoten. Partane har utarbeidd
ein ny rapport som kartlegg sonetilhøyrsla til bestanden, og det
er halde tre forhandlingsrundar for å bli einige om ei ny fordeling
av bestanden. Dette har ikkje lukkast, og i 2015 vil det bli arbeidd
vidare for å komme fram til ein avtale frå 2016.
Kolmulen er den tredje store pelagiske bestanden
i Nordaust-Atlanteren. Bestanden gikk ned frå 2003 til 2009, men
trenden har no snudd og gytebestanden har nær dobla seg. Bestanden
er no i god stand og blir hausta berekraftig. Etter krav frå EU
har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Denne
skal gje grunnlag for forhandlingar om nye delar mellom partane.
Med basis i rapporten har Noreg, EU, Færøyane og Island forhandla om
ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2015. Å bli samde
om fordeling av bestandar er ein tidkrevjande prosess, og ein har førebels
ikkje lukkast i dette. Partane har difor ei felles forståing av
ein totalkvote på 1 260 000 tonn, inkludert avsetning til andre
land sitt fiske i internasjonalt farvatn. Noreg har fastsett ein kvote
på 498 173 tonn. Partane vil halde fram med forhandlingane i 2015
for å bli einige om ein ny avtale frå 2016.
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)
har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket
etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner
og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande
sild, makrell og uer. Det er vanskeleg å bli samde om forvaltninga
av snabeluer i internasjonalt farvatn både i Irmingerhavet og i
Norskehavet, og NEAFC har difor ikkje fastsett regulering av ueren
i desse områda.
NEAFC utvida verkeområdet for hamnestatskontroll
i 2014, slik at den no er fullt på linje med den internasjonale
hamnestatsavtalen som er forhandla fram under FAO.
Den norske kvoten på vågekval blir fastsett
på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i den internasjonale kvalfangstkommisjonen
(IWC) sin vitskapskomité. For 2015 har Noreg fastsett ein kvote
på 1 286 vågekval. Vitskapskomiteen i IWC starta i 2014 ein ny gjennomgang
av det norske fangstgrunnlaget for vågekval. Komiteen konkluderte
med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp
i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandestimatet
som norske forskarar presenterte, vart også i hovudsak godteke.
Gjennomgangen blir avslutta i 2015 med behandlinga i vitskapskomiteen.
Noreg hadde i åra 2007–2013 forbod mot fiske og
landing av makrellstørje. Den internasjonale kommisjonen for bevaring
av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klare indikasjonar på at tilstanden
til bestanden er mykje betre. Komiteen er likevel tilbakehalden
med å tilrå store kvoteaukingar. Totalkvoten for 2015 er sett til
16 142 tonn. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014.
Den norske kvoten var på 30,97 tonn i 2014, men fisket lukkast ikkje.
Den norske kvoten er auka til 36,57 tonn for 2015.
Kommisjonen for bevaring av dei marine levande
ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke å vidareføre kvotane
på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Tilrådd fangst
er 5,61 millioner tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte
medlemmane. Den norske flåten fiska om lag 160 000 tonn krill i
sesongen 2013/2014.
Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og
for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så
godt som fullt ut. Tilgangen til å fiske i andre land sine soner
blir nytta i ulik grad.
Forhandlingane med EU var seint ferdige, både
i 2013 og 2014. Dette påverka i særleg grad EU sitt fiske i Nordsjøen
i 2014. Noreg nytta heile den norske sildekvoten, i tillegg var
torske- og seikvoten brukbart nytta begge åra. Ifølgje offisiell
fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting
av fellesbestandane i Nordsjøen.
I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei
pelagiske artane kolmule og brisling godt nytta. Norske linefartøy
fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme
både i 2013 og 2014. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste
åra i hovudsak vore konsentrert om reke og sild. EU har fiska mest
av artane torsk, hyse, raudspette og reker i Skagerrak. Sverige
fiska store delar av kvotane sine i norsk økonomisk sone.
Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei
pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell. Lodde
ved Island, Grønland og Jan Mayen var dårleg i sesongen 2012/2013,
men for sesongen 2014/2015 har det vore opna både for sommar- og
vinterfiske, og dette har ført til at Noreg har nytta heile kvoten
sin.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra
Høyre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove
Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind
Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette
Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, og fra Venstre,
Pål Farstad, viser til at dette er en årlig melding fra
Nærings- og fiskeridepartementet som legges frem for Stortinget
og som gir nyttig informasjon om fiskeripolitikken.
Komiteen viser til at fiskeriavtalene
bygger på et langsiktig forvaltningssamarbeid som gir grunnlag for
at vi i dag kan høste fra sterke fiskebestander og drive lønnsom
næringsaktivitet i havområdene våre. 90 pst. av norsk fanget fisk kommer
fra bestander som vi deler med andre nasjoner. Komiteen ser
på internasjonalt samarbeid som avgjørende for en vellykket og bærekraftig
fiskeriforvaltning, og for nedkjemping av fiskerikriminalitet og
uregulert fiske. Komiteen peker også på at Norges
gode renommé som forvaltere av store fiskebestander gir oss et fortrinn
i andre møter og forhandlinger med nasjoner vi samarbeider med. Komiteen viser
til at det er viktig med en god ressurskontroll og en kompetent
forvaltning. Komiteen viser videre til at det er
viktig med omforente avtaler på bestander vi deler med andre land,
men at man også må ivareta norske interesser, og legger til grunn at
det arbeides for å oppnå best mulige avtaler for Norge.
Komiteen ønsker å trekke frem
det internasjonale kontrollsamarbeidet. Dette er viktig i det videre
arbeidet mot ulovlig, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske)
og fiskerikriminalitet.
Komiteen ønsker også å trekke
frem det vitenskapelige grunnlaget for avtalene. Her vises særlig
til Havforskningsinstituttets deltakelse med store ressurser i det
internasjonale råd for havforskning (ICES) sitt arbeid med bestandsvurdering
og rådgivning. Her viser Norge sine betydelige vitenskapelige fortrinn
og kompetanse, noe som bidrar til en bedre utnyttelse av ressursene
til fordel for både Norge og til fordel for de land Norge samarbeider
med gjennom ulike typer fiskeriavtaler.
Komiteen viser også til at det
for mange av bestandene står bra til, og at det blant annet skyldes samarbeid
med andre land. Særlig gjelder dette for forvaltningen av torskebestanden
med Russland. Komiteen har registrert at det for
2015 i den tosidige avtalen mellom Norge og Russland er åpnet for
kvotefleksibilitet mellom fisket etter torsk og hyse, hvilket i
praksis betyr at partene kan overføre inntil 10 pst. av kvoten til
neste år, eller fiske inntil 10 pst. av egen kvote på forskudd.
Komiteen har merket seg at den
tosidige avtalen mellom Norge og Russland ble inngått 10. oktober
2014, den tosidige avtalen mellom Norge og EU ble inngått 4. desember
2014 og den tosidige avtalen mellom Norge og Færøyane ble inngått
12. desember 2014. Komiteen mener det er en klar
forbedring i forhold til tidligere år at Norges tosidige avtaler
kom på plass før 2015, og at det har ført til en bedre forutsigbarhet
for den norske fiskeflåten. Komiteen viser til at
det er skjedd forbedringer i forhold til året 2014, slik at Norges
tosidige fiskeriavtaler for 2015 er tilstrebet å være klare ved
start og at det derfor sikres en mest mulig forutsigbar og rasjonell
høsting av fiskeressursene vi deler med våre naboland. Komiteen forutsetter
fremdeles at norske posisjoner blir kommunisert tydelig til forhandlingsmotpartene
i de forskjellige forhandlingene om kyststatavtaler og bilaterale
avtaler.
Komiteen viser til at det i 2015,
for første gang, ble oppnådd enighet med Russland om felles totalkvote
og fordeling av snabeluer i Barentshavet, der Norges andel av totalkvoten
er 72 pst.
Komiteen understreker at Norge
må videreføre samarbeidet med EU med sikte på best mulig forvaltning
av fellesbestandene.
Komiteen viser også til Norges
arbeid i regionale fiskeriorganisasjoner og i FN som viktig, fordi
beslutninger her får betydning for våre nasjonale fiskeri. Komiteen viser
til at Norge gjennom samarbeid tillater flere andre land å fiske
ulike arter i norsk økonomisk sone (NØS) basert på felleskvoter
med gjensidig adgang. Dette gir også rom for bytting av kvoter som
viser at norske fiskere totalt sett har et betydelig fiske i andre
lands soner, noe som igjen skaper verdier for fartøy og fiskere,
i tillegg til mottaksanlegg langs kysten.
Komiteen viser til at det fortsatt
er nødvendig og viktig med en høyt prioritert bestandsforskning.
Ved en slik økt prioritering vil Norge kunne få et mer presist grunnlag
for å fastsette kvoter, og bedre ressursutnyttelse. Økt bestandsforskning
vil også i fremtiden kunne skape økt vekst og verdiskaping for næringen. Komiteen viser
til at det i statsbudsjettet for 2015 til Havforskningsinstituttet
ble satt av ekstra ti mill. kroner for å styrke bestandsforskningen.
Hvis man ser på den nåværende og potensielle totale verdiskaping
i næringen, og den målrettede prioritering for å styrke bestandsforskningen,
mener komiteen at det fremdeles må skje en høyere
prioritering til bestandsforskningen.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
følgende
vedtak:
Meld. St. 15 (2014–2015) – om Noregs fiskeriavtalar
for 2015 og fisket etter avtalane i 2013 og 2014 – vedlegges protokollen.
Oslo, i næringskomiteen, den 5. mai 2015
Geir Pollestad | Pål Farstad |
leder | ordfører |