Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i
statsbudsjettet 2014.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått
fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 490 post 1 mot tilsvarande
meirinntekter under kap. 3490 post 5.
Det går fram av proposisjonen at på bakgrunn
av auka refusjonar frå politiet, Utlendingsnemnda og Integrerings-
og mangfaldsdirektoratet (IMDi) for bruk av IKT-systemet DUF, lønnsrefusjonar
for utlån av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter
som følgjer av formannskap i General Directors' Immigration Services
Conference (GDISC) i år, vert det i proposisjonen foreslått å auke
løyvinga under kap. 490 post 1 med 5,1 mill. kroner, jf. omtale
under kap. 3490 post 5.
Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg
belegg i mottak på 15 560, blant desse 330 einslege mindreårige,
jf. Prop. 93 S (2013–2014). Nyare prognosar viser at gjennomsnittleg
belegg i mottak er venta å vere 15 110, blant desse 400 i mottak
for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mindreutgiftene som følger
av dette vert anslått til 18,5 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at som følge av
lågare utnytting av kapasiteten enn det som er lagt til grunn for
budsjettet, er det venta eit meirforbruk. Dette heng saman med at
UDI har planlagt for fleire nye asylsøkjarar enn det som har vore
tilfellet, og oppseiingstid på kontraktar for drift av mottak. Meirutgiftene
som følgjer av dette vert anslått til 72,4 mill. kroner.
Samla vert det i proposisjonen på bakgrunn av dette
foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post 21 med 53,9 mill.
kroner.
Det går fram av proposisjonen at UDI har gjennomført
færre intervju til ein lågare gjennomsnittleg kostnad enn lagt til
grunn i budsjettet. Som følgje av dette vert det i proposisjonen
foreslått å redusere løyvinga under kap. 490 post 22 med 15 mill.
kroner.
Færre bebuarar i mottak tilseier isolert sett
ei mindreutgift på posten. Det går fram av proposisjonen at på grunn
av ein høgare del bebuarar i mottak for einslege mindreårige og
lågare utnytting av kapasiteten i mottak enn det som er lagt til
grunn for budsjettet, jf. omtale under post 21, er det venta eit
meirforbruk på posten.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga
under kap. 490 post 60 med 6,3 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at det gjennomsnittlege
talet på bebuarar i mottak i 2014 vert lågare enn det som tidligare
har vore lagt til grunn. Det gir eit venta mindreforbruk på om lag
14,6 mill. kroner. Vidare er det lågare gjennomsnittlege kostnader
per bebuar enn tidlegare lagt til grunn, hovudsakleg som følgje
av endra samansetning av bebuarar i mottak. Dette gir eit venta
mindreforbruk på 15 mill. kroner.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga under kap. 490 post 70 med 29,6 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at det så langt
i 2014 har vorte brukt mindre av løyvinga under post 72 enn venta.
Hovudsakleg kjem dette av at færre har nytta seg av tilbodet om
assistert retur og at utgiftene per retur har vore lågare enn tidlegare
lagt til grunn.
Det vert i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga under kap. 490 post 72 med 15 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at på bakgrunn
av færre overføringsflyktningar og familieinnvandrarar enn tidlegare
lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap.
490 post 75 med 400 000 kroner.
På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga
under kap. 490 post 72, samt lågare del returar til ODA-land, vert
det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap. 3490
post 1 med 25,4 mill. kroner.
På bakgrunn av forslag om reduksjon av løyvinga
under kap. 490 post 75 vert det i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga under kap. 3490 post 3 med 400 000 kroner.
På bakgrunn av forslag om endring i løyvingar under
kap. 490 post 21, post 60 og post 70, vert det i proposisjonen foreslått
å auke løyvinga under kap. 3490 post 4 med til saman 81,1 mill.
kroner.
På bakgrunn av auka refusjonar frå politiet,
UNE og IMDi for bruk av IKT-systemet DUF, lønnsrefusjonar for utlån
av tilsette til andre delar av forvaltninga og auka inntekter som
følgjer av formannskap i GDISC i år, vert det i proposisjonen foreslått
å auke løyvinga under kap. 3490 post 5 med 5,1 mill. kroner mot
tilsvarande auke av løyvinga under kap. 490 post 1, jf. omtale under
kap. 490 post 1.
Det går fram av proposisjonen at på grunn av
redusert behov for behandlingskapasitet i UNE er det venta eit mindreforbruk
på 3 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått
å redusere løyvinga under kap. 491 post 1 med 3 mill. kroner.
Det går fram av proposisjonen at på grunn av
lågare utgifter til nemndbehandling enn tidlegare lagt til grunn,
er det venta eit mindreforbruk på 3 mill. kroner under kap. 491
post 21. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått å
redusere løyvinga under kap. 491 post 21 med 3 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen
og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn
Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari
og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S.
Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N.
Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar
i innstillinga budsjettkapitla 490, 491 og 3490 og har elles ingen
merknader.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2014 vert det gjort
følgande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
490 | | Utlendingsdirektoratet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert
auka med | 5 100 000 |
| | frå kr 838 251 000 til kr 843 351 000 | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, vert auka med | 53 900 000 |
| | frå kr 1 692 841 000 til kr 1 746 741
000 | |
| 22 | Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting, vert redusert med | 15 000 000 |
| | frå kr 57 546 000 til kr 42 546 000 | |
| 60 | Tilskot til vertskommunar for statlege
mottak for asylsøkjarar og flyktningar,
vert auka med | 6 300 000 |
| | frå kr 311 175 000 til kr 317 475 000 | |
| 70 | Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, vert redusert med | 29 600 000 |
| | frå kr 506 385 000 til kr 476 785 000 | |
| 72 | Retur av asylsøkjarar med avslag og
tilbakevending for flyktningar,
kan overførast, vert redusert med | 15 000 000 |
| | frå kr 110 618 000 til kr 95 618 000 | |
| 75 | Reiseutgifter for flyktningar til og
frå utlandet, kan overførast,
vert redusert med | 400 000 |
| | frå kr 17 287 000 til kr 16 887 000 | |
491 | | Utlendingsnemnda | |
| 1 | Driftsutgifter, kan
nyttast under post 21, vert redusert med | 3 000 000 |
| | frå kr 279 800 000 til kr 276 800 000 | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling, kan nyttast under post 1,
vert redusert med | 3 000 000 |
| | frå kr 12 413 000 til kr 9 413 000 | |
Inntekter |
3490 | | Utlendingsdirektoratet | |
| 1 | Retur av asylsøkjarar med avslag og
tilbakevending for flyktningar,
ODA-godkjende utgifter, vert redusert med | 25 400 000 |
| | frå kr 126 654 000 til kr 101 254 000 | |
| 3 | Reiseutgifter for flyktningar til og
frå utlandet, ODA-godkjende utgifter,
vert redusert med | 400 000 |
| | frå kr 19 688 000 til kr 19 288 000 | |
| 4 | Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, vert auka med | 81 100 000 |
| | frå kr 1 072 114 000 til kr 1 153 214
000 | |
| 5 | Refusjonsinntekter, vert
auka med | 5 100 000 |
| | frå kr 12 583 000 til kr 17 683 000 | |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den
4. desember 2014
Helge André Njåstad |
leiar og ordførar |