Landbruks- og matdepartementet legg i denne proposisjonen
fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og
postar i statsbudsjettet for 2014.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga
med 0,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1137 post 53.
Departementet gjer framlegg om at løyvinga på kap.
1100 post 50 blir redusert med 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande
auke av kap. 1137 post 53.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga
på posten med 4 mill. kroner. Dette er knytta til reduserte utgifter
til kjøtkontroll fordi visse oppgåver er flytta frå Mattilsynet
til slakteria. Det er i tillegg endringar i slakteristrukturen i
Noreg som også påverkar oppgåvene til Mattilsynet. Det blir også
vist til omtale i proposisjonen under kap. 4115 post 1.
Revidert prognose for inntektene på posten er 134,5
mill. kroner. Dette er om lag 8 mill. kroner lågare enn løyving.
Det blir foreslått ein reduksjon på posten på 8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei omdisponering
på 2,5 mill. kroner frå kap. 1147 post 82 og 0,5 mill. kroner frå
post 45.
Det blir gjort framlegg om at kap. 1147 post
1 blir auka med totalt 3 mill. kroner.
I tråd med omtalen under kap. 1147 post 1 blir
det gjort framlegg om at kap. 1147 post 45 blir redusert med 0,5
mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at kap. 1147 post
82 blir redusert med 2,5 mill. kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet
framlegg om å auke løyvinga på posten med 22,1 mill. kroner.
Oppdaterte prognosar viser at det vil bli gitt
tilsegn om erstatningar i 2014 som ikkje vil komme til utbetaling
same året. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om
å auke tilsegnsfullmakta med 18,2 mill. kroner, til 131,1 mill.
kroner.
I samband med budsjettet for 2014 vart det i
jordbruksoppgjeret 2014 omdisponert 5 mill. kroner til post 1 for
å finansiere første del av den store IT-omlegginga av forvaltningssystemet
for produksjonstilskotta (eStil). Departementet gjer framlegg om
at løyvinga blir flytta til ny post 21 og at posten får stikkord
«kan overførast». Det blir også gjort framlegg om å redusere løyvinga
på post 1 med 4,4 mill. kroner til 3 mill. kroner.
Departementet viser til omtalen under post 1
og gjer framlegg om å opprette ny post 21, der ein del av løyvinga
på post 1 blir omdisponert til denne posten.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten
tilsvarande 4,4 mill. kroner i 2014, ved omdisponering frå post
1 under same kapittel.
Posten dekkjer erstatning for avlingsskade.
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit forbruk på 93,5
mill. kroner i 2014, som er 6,5 mill. kroner meir enn løyvinga på
posten.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150
post 71 med 6,5 mill. kroner til 93,5 mill. kroner.
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til
eit underforbruk på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei redusert løyving
på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner til 2 516,5 mill. kroner.
Marknadsprisane internasjonalt på protein og feitt
er venta å halde seg så høge at det ikkje er prognosert med prisutjamningsbeløp
på kraftfôrråvare i 2014.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga
med 59,5 mill. kroner.
I samband med at Statskog SF kjøpte skogselskap
frå Orkla ASA fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner.
Med grunnlag i usikkerheit om Statskog SF sin likviditetssituasjon
mot slutten av året, blir forventninga til innbetaling av låneavdrag redusert
frå 50 mill. kroner til 10 mill. kroner i 2014.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på
posten på 40 mill. kroner.
Grunna lågare utbytte enn budsjettert blir det gjort
framlegg om ein reduksjon på posten tilsvarande 2,1 mill. kroner.
Sjå omtale i proposisjonen under kap. 4162 post 90.
Rentekostnaden for lånet i 2014 aukar noko. Departementet gjer difor
framlegg om å auke kap. 5652 post 80 med 1,2 mill. kroner.