Forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa utarbeide og på eigna måte
leggje fram for Stortinget ein strategi for å sikre betre arbeidsmoglegheiter
for menneske med nedsett arbeidsevne og i den samanheng vurdere
følgjande:
Følgje opp og vidareutvikle
ungdomsgarantiane for dei under 30 år.
Vidareutvikle «Jobbstrategien for personer
med nedsatt funksjonsevne».
Sikre fleire tilpassa arbeid i offentleg
sektor for menneske med nedsett arbeidsevne.
Utvikle fleire traineeprogram, nye utprøvingsjobbar
og opplæringsstillingar, med vekt på grupper som i dag står utanfor
arbeidslivet, særleg personar med psykiske lidingar og personar med
nedsett funksjonsevne.
Tiltak for å auke delen graderte sjukmeldingar.
Utvikle fleire verkemiddel som kan understøtte framleis
arbeidstilknyting i sjukepengeperioden og ei meir aktiv og understøttande
rolle for arbeids- og velferdsetaten ved sjukefråver.
Tiltak for å styrkje arbeidsgjevar sine
insentiv til framleis tilknyting etter avslutta sjukepengeperiode.
Sikre sjukmelde utan arbeidsgjevar ei god
oppfølging frå Nav.
Lågare inngangskrav i AAP-ordninga enn
dagens krav om 50 prosent nedsett arbeidsevne for personar som har
overgang frå sjukepengar.
Gradering i AAP-ordninga til erstatning
for dagens avkortingsreglar.
Tiltak for raskare avklaring av personar
på AAP, og vurdere om maksimal stønadsperiode på fire år er høveleg.
Eit meir aktivt oppfølgingsopplegg for
mottakarar av AAP.
Arbeidsretta hjelp til personar med gradert uførepensjon.
Vidareutvikle både tidsubestemt lønstilskot
og tidsavgrensa lønstilskot.
Sikre personar på attføring god individuell
oppfølging og attføringsbedriftene føreseielege rammevilkår.
Forslag fra Senterpartiet:
Forslag 2
Stortinget bed regjeringa leggja fram ei vurdering
av konsekvensane for sysselsettjing av personar med nedsett arbeidsevne
som følgje av det svært store omfanget av utanlandsk arbeidskraft frå
EØS-området.