I meldingas kapittel 6 er eit oversyn over dei
viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2012.
Avsnitt 6.1.8 gjev eit lite oversyn over forskrifter fastsette i
2012, medan avsnitt 6.2 inneheld omtale av sentrale løyve som vart
gjevne same året.
Det overordna målet med endringane i regelverket
på finansmarknadsområdet i 2012 var å fremja finansiell stabilitet
og effektive og velfungerande marknader. Ein viser til meldinga
for nærare omtale.
Komiteen tar omtalen
til orientering.