Den 16. juli 2012 blei det i Cape Town skrive under
ein protokoll til endring av skatteavtala mellom Noreg og Sør-Afrika.
Formålet til protokollen er å betre muligheitene for utveksling av
opplysningar for skatteformål mellom dei to statane.
Samtykke til underskriving blei gitt i kongeleg resolusjon
av 29. april 2011. Protokollen blei på vegner av Noreg skriven under
av ambassadør Kari Bjørnsgaard og på vegner av Sør-Afrika av finansminister
Pravin Gordhan.
Protokollen vil trå i kraft når begge statane
har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for
at protokollen kan tre i kraft. Protokollen får verknad frå denne
datoen.
Hausten 2011 tok styresmaktene i Sør-Afrika kontakt
med norske styresmakter for å innleie forhandlingar om endring av
artikkel 26 i gjeldande skatteavtale. Bakgrunnen var at Sør-Afrika
for framtida vil gjennomføre den standarden for innsyn i og utveksling
av opplysningar som er etablert i OECD si mønsteravtale av 2005.
Skatteavtala mellom Kongeriket Noreg og Republikken
Sør-Afrika blei underskriven i Cape Town den 12. februar 1996 og
bygger på OECD si mønsteravtale frå 1992. I denne avtala går det ikkje
klart fram at Sør-Afrika pliktar å gi norske skattestyresmakter
innsyn i kontoar og andre opplysningar som bankar og finansinstitusjonar
i Sør-Afrika har. Heller ikkje går det klart fram at Sør-Afrika
pliktar å gi innsyn i eigarhøva til selskap og trustar som er knyte
til norske skattytarar eller å gi opplysningar i saker der Sør-Afrika
ikkje har ei eiga skatteinteresse. Etter gjeldande avtale pliktar
Sør-Afrika heller ikkje å utveksle opplysningar om skattar som ikkje
vert omfatta av avtala.
Artikkel 1 til protokollen oppdaterer artikkel
26 i skatteavtala i tråd med OECD sine anbefalingar for informasjonsutveksling
der det nå er klarlagt i artikkelen kva for informasjon landa pliktar
å utveksle.
Artiklane 2 og 3 inneheld reglar om når protokollen
trer i kraft og opphør av protokollen. Protokollen trer i kraft
på datoen for mottak av den siste av kunngjeringane om at dei naudsynte interne
prosedyrane er gjennomførte, og endringane skal ha verknad frå same
dato som protokollen trer i kraft. Protokollen skal vere i kraft så
lenge skatteavtala er i kraft, og skal ha verknad så lenge skatteavtala
har verknad.
Protokollen er inngått på engelsk. Protokollen
og ei norsk omsetjing følgjer vedlagt proposisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunvor Eldegard, Gerd Janne Kristoffersen, Marianne Marthinsen, Nina
Mjøberg, Torfinn Opheim, Knut Storberget og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet,
Ida Marie Holen, fung. leder Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen
og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe
og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen,
fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, fra Kristelig Folkeparti,
Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter
seg til regjeringens forslag om å samtykke til å sette i kraft protokollen
til endring av skatteavtalen mellom Norge og Sør-Afrika.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til å sette i kraft
en protokoll til endring av skatteavtalen mellom Norge og Sør-Afrika,
underskrevet i Cape Town 16. juli 2012.
Oslo, i finanskomiteen, den 5. mars 2013
Ketil Solvik-Olsen |
Torfinn Opheim |
fung. leder |
ordfører |