Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i
statsbudsjettet 2012.
Som følgje av lågare driftskostnader ved ordinære
mottaksplasser er det forventa eit mindreforbruk på 40 mill. kroner
under kap. 490 post 21 i 2012.
Gjeldande løyving er basert på eit gjennomsnittleg
belegg i mottak på 15 740, med 280 i mottak for einslege mindreårige
asylsøkjarar, jf. Prop. 111 S (2011–2012). Nyare prognosar viser
at gjennomsnittleg belegg i mottak er venta å verte 15 700, med
270 i mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mindreutgifta
som følgjer av dette knytt til drift av asylmottak, vert anslått
til 7,07 mill. kroner.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga under kap. 490 post 21 med 47,07 mill. kroner.
Det er venta færre intervju som følgje av at
dei nye prognosane anslår 500 færre asylsøkjarar i 2012 enn kva
som tidlegare er lagt til grunn. Vidare har det i mindre grad enn
forventa vore brukt tolk ved ankomstintervju. På denne bakgrunn
vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga under kap.
490 post 22 med 4 mill. kroner.
Det er venta eit meirforbruk på i underkant
av 8 mill. kroner knytt til barnehagetilskot for 4- og 5-åringar.
Vidare er det venta auka utgifter til alternativ mottaksplassering
(AMOT) på om lag 6 mill. kroner. I tillegg er det venta lågare utgifter
knytt til kompensasjon for talet på mottaksplassar og til særtilskot
ved omsorgsovertaking og som følgje av redusert gjennomsnittsbelegg
i mottak.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga
under kap. 490 post 60 med 8,548 mill. kroner.
Det gjennomsnittlege talet på bebuarar i mottak vert
noko lågare enn det som er lagt til grunn for 2012, jf. omtale under
kap. 490 post 21. Det gir eit venta mindreforbruk på om lag 1,3
mill. kroner under kap. 490 post 70. På grunn av endra samansetning
av bebuarar i mottak er det eit ytterlegare forventa mindreforbruk
på 8 mill. kroner.
Samla vert det i proposisjonen foreslått å redusere
løyvinga under kap. 490 post 70 med 9,255 mill. kroner.
På bakgrunn av forseinka framdrift i planlagde tiltak,
er det venta eit mindreforbruk på posten. Løyvinga under kap. 490
post 72 vert difor i proposisjonen foreslått redusert med 3,5 mill.
kroner.
På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert
det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under kap. 490 post
75 med 1,778 mill. kroner.
Nokre av utgiftene som er knytt til retur og
tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp
(ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om reduksjon i løyvinga under
kap. 490 post 72 vert det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga
under kap. 3490 post 1 med 3,5 mill. kroner.
Nokre av utgiftene som er knytt til retur og
tilbakevending for flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp
(ODA-godkjende utgifter).
På bakgrunn av forslag om auke i løyvinga under kap.
490 post 75 vert det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga under
kap. 3490 post 3 med 3,414 mill. kroner.
Nokre av utgiftene som er knytt til mottak for asylsøkjarar
og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende
utgifter).
På bakgrunn av at talet på asylsøkjarar som
har budd meir enn eitt år i mottak har auka, og reduksjon i løyvinga
under kap. 490 post 21 og post 70, vert det i proposisjonen foreslått
å redusere løyvinga under kap. 3490 post 4 med 107,823 mill. kroner.
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår
i proposisjonen å redusere løyvinga under kap. 491 post 1 med 1
mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 491 post 21, jf. omtale
under kap. 491 post 21. Dette gjer det mogleg å auke saksavviklinga
i UNE i 2012.
På grunn av fleire nemndhandsamingar enn tidlegare
lagt til grunn, er det venta eit meirforbruk på 1 mill. kroner under
kap. 491 post 21. På denne bakgrunn vert det i proposisjonen foreslått
å auke løyvinga under kap. 491 post 21 med 1 mill. kroner, jf. omtale
under kap. 491 post 1.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Lise Christoffersen, Håkon Haugli, Hilde Magnusson, Ingalill Olsen
og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal
Johansen og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner,
frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Aksel Hagen, frå Senterpartiet,
Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, handsamar
i innstillinga dei budsjettkapitla som høyrer inn under rammeområde
6 Innvandring, regional utvikling og bolig.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker
seg regjeringens forslag til endringer i budsjettkapitlene 490,
491 og 3490. Disse medlemmer mener det er positivt
at det merkes en liten nedgang i antall asylankomster, og at dette
åpner for at bevilgninger over disse kapitlene reduseres.
Samtidig er disse medlemmer betenkt
over at arbeidet med retur av asylsøkere med avslag og tilbakevending
av flyktninger lider under forsinket fremdrift. Med tanke på at
mellom 10 000 og 32 000 mennesker oppholder seg ulovlig i Norge,
i tillegg til de som får avslag i 2012 og som plikter å returnere
til sine hjemland, mener disse medlemmer det er viktig
å få en bedre progresjon i dette arbeidet.
Disse medlemmer merker seg at
kap. 490 post 72 reduseres, og at dette begrunnes med forsinket
fremdrift i planlagte tiltak. Disse medlemmer er
opptatt av at norske myndigheter har klare linjer når det gjelder
returarbeidet, og at fokuset på dette området ikke bare opprettholdes,
men økes. Disse medlemmer merker seg at regjeringen ikke
forklarer hva denne forsinkede fremdriften beror på, og fremmer
på denne bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget ber regjeringen fremme en sak om fremdriften
i arbeidet med å returnere asylsøkere med avslag og tilbakevending
av flyktninger, og om hvilke tiltak som kan implementeres for å
sikre at fremdriften i dette arbeidet ikke forsinkes unødig.»
Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen fremme en sak om fremdriften
i arbeidet med å returnere asylsøkere med avslag og tilbakevending
av flyktninger, og om hvilke tiltak som kan implementeres for å
sikre at fremdriften i dette arbeidet ikke forsinkes unødig.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2012 blir
det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | | |
| | Utgifter | |
490 | | Utlendingsdirektoratet | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, statlege mottak, vert
redusert med | 47 070 000 |
| | frå kr 1 656 340 000 til kr 1 609 270
000 | |
| 22 | Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting, vert
redusert med | 4 000 000 |
| | frå kr 52 581 000 til kr 48 581 000 | |
| 60 | Tilskot til vertskommunar for statlege
mottak for asylsøkjarar og flyktningar, vert auka med
| 8 548 000 |
| | frå kr 252 472 000 til kr 261 020 000 | |
| 70 | Økonomiske ytingar til bebuarar i asylmottak, vert
redusert med | 9 255 000 |
| | frå kr 493 811 000 til kr 484 556 000 | |
| 72 | Retur av asylsøkjarar med avslag og
tilbakevending for flyktningar, kan overførast, vert
redusert med | 3 500 000 |
| | frå kr 124 825 000 til kr 121 325 000 | |
| 75 | Reiseutgifter for flyktningar til og
frå utlandet, kan overførast, vert
auka med | 1 778 000 |
| | frå kr 13 853 000 til kr 15 631 000 | |
491 | | Utlendingsnemnda | |
| 1 | Driftsutgifter, vert redusert med
| 1 000 000 |
| | frå kr 269 138 000 til kr 268 138 000 | |
| 21 | Særskilde driftsutgifter, nemndbehandling, vert
auka med | 1 000 000 |
| | frå kr 11 303 000 til kr 12 303 000 | |
| | | |
| | Inntekter | |
3490 | | Utlendingsdirektoratet | |
| 1 | Retur av asylsøkjarar med avslag og
tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter, vert
redusert med | 3 500 000 |
| | frå kr 112 232 000 til kr 108 732 000 | |
| 3 | Reiseutgifter for flyktningar til og
frå utlandet, ODA-godkjende utgifter, vert auka med
| 3 414 000 |
| | frå kr 13 714 000 til kr 17 128 000 | |
| 4 | Statlege mottak, ODA-godkjende utgifter, vert
redusert med | 107 823 000 |
| | frå kr 917 999 000 til kr 810 176 000 | |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 11. desember 2012
Aksel Hagen |
leiar og ordførar |