Sammendrag

FN vedtok i 2005 ein konvensjon mot kjernefysisk terrorisme. Konvensjonen stiller mellom anna krav til kriminalisering av visse typar ulovleg omgang med radioaktivt materiale. Almindelig borgerlig straffelov 22. mai 1902 nr. 10 (straffelova 1902) oppfyller kriminaliseringsforpliktingane langt på veg, men ikkje fullt ut.

Den nye straffelova, lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff (straffelova 2005) har føresegner om ulovleg omgang med farleg materiale mv. som skal oppfylle kriminaliseringsforpliktingane i konvensjonen. Straffelova 2005 har ikkje tredd i kraft.

Noreg skreiv under konvensjonen 16. september 2005, men har ikkje ratifisert han. For at Noreg skal kunne ratifisere konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme før straffelova 2005 trer i kraft, foreslår departementet å endre straffelova 1902 § 152 a i samsvar med straffelova 2005 § 142 med enkelte tilpassingar.

Departementet foreslår enkelte tilpassingar for å tydeleggjere gjennomføringa av konvensjonsforpliktingane. I desse tilfella blir det gjort framlegg om tilsvarande endringar i straffelova 2005 § 142, slik at ordlyden i dei to føresegnene blir likelydande etter lovendringane.

Den særskilte komité om redegjørelse fra justisministeren og forsvarsministeren i Stortingets møte 10. november 2011 om angrepene 22. juli har i Innst. 207 S (2011–2012) uttalt:

«Komiteen viser til at Norge ikke har ratifisert konvensjonen om kjernefysisk terrorisme fordi de nødvendige lovendringer ikke er satt i kraft. Komiteen viser videre til at den amerikanske presidenten har tatt spørsmålet opp med den norske statsministeren og bedt om at Norge ratifiserer konvensjonen. Komiteen er kjent med at Justisdepartementet arbeider med et lovforslag om ikraftsetting av de nødvendige lovbestemmelsene uavhengig av ikrafttredelse av den nye straffeloven 2005/2009, og understreker at dette arbeidet må skje så hurtig som mulig.»

Forslaget om endringar i straffelova 1902 § 152 a utvidar området for det straffbare. Meirutgiftene ved dette kan ikkje bereknast og vil uansett bli dekte innan-for dei gjeldande budsjettrammene.

Endringsforslaga vil gjere det mogleg å ratifisere konvensjonen mot kjernefysisk terrorisme, som vil styrkje deltakinga til Noreg i den internasjonale innsatsen mot terror.