Av omsyn til å gjere utrekninga av skatten enklare,
var det tidlegare ei generell avrundingsordning til heile 100 eller
1 000 kroner for beløp som blir fastsett som ledd i berekninga av
grunnlaget for utrekninga av skatten. Etter utviklinga av omfattande
maskinelle løysingar er det ikkje lenger behov for slike avrundingar.
Etter ligningsloven § 8-7, jamfør forskrift 5. mars 1984 nr. 1259
til ligningsloven er hovudregelen no for lengst at alle fastsetjingar
skjer med eksakt kronebeløp. Denne forskrifta gjeld når ikkje anna følgjer
av særskilde reglar i skattelovgjevinga.
Dei reglane i skattelovgjevinga om avrunding
til 100 eller 1 000 kroner som før fanst er derfor oppheva, sist
skatteloven § 6-32 første ledd bokstav c, om minstefrådrag, og § 17-1
tredje ledd om skatteavgrensing for pensjonistar mv. med verknad
frå inntektsåret 2009. Sjå Ot.prp. nr. 95 (2008‑2009) kapittel 9.
I skatteloven § 16-10 andre ledd, andre punktum om skattefrådrag
ved sparing til bustad for ungdom (BSU) er det derimot att ein avrundingsregel,
om at frådraget skal avrundast nedover til nærmaste kronebeløp.
Departementet foreslår å oppheve denne særskilte
avrundingsregelen. Opphevinga vil ikkje få verknad for avrundingsmåten
for det aktuelle frådraget, i og med at regelen er i samsvar med hovudregelen
i forskrift 5. mars 1984 nr. 1259 til ligningsloven, som då vil
gjelde også for desse frådraga. Regelen trengst ikkje og opphevinga vil
gjere regelverket enklare. Endringa vil ikkje ha konsekvensar for
provenyet.
Departementet foreslår at endringa tek til å
gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2011.
Etter kompensasjonslova § 15 anna ledd skal
ein leggje renter til kompensasjon frå den dag «fristen for behandling
av kravet etter § 10 er utløpt og til og med den dag kompensasjonsbeløpet
utbetales». Lova viser til § 10, men det rette skal vere § 9. Departementet
viser til forslag til endring av § 15 anna ledd.
Teiknsettinga i dokumentavgiftsloven § 2 er
ikkje lik i heile føresegnet. Halvparentes følgjer bokstav a til
d, medan punktum følgjer bokstav e og f. I andre føresegn i lova
er det halvparentes som er nytta. Departementet foreslår å endre
dokumentavgiftsloven § 2 bokstav e og f slik at ein nyttar halvparentes
i heile føresegnet.
Ved lov 25. juni 2010 nr. 36 om endringar i
lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning (ligningsloven)
blei ligningsloven § 3-13 nr. 3 bokstav b oppheva. Ligningsloven
§ 3-13 nr. 3 bokstav a blei etter opphevinga § 3-13 nr. 3. Tilvisinga
i likningslova § 3-13 nr. 4 første punktum til ligningsloven § 3-13
nr. 3 bokstav a blei ikkje samtidig endra til § 3-13 nr. 3. Departementet
foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til
endring i ligningsloven § 13-3 nr. 4 første punktum.
Ved lov 25. juni 2010 nr. 42 om endringar i
lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven) blei
tolloven § 12-1 tredje ledd bokstav b oppheva. Tolloven § 12-1 tredje
ledd bokstav a blei etter opphevinga § 12-1 tredje ledd. Tilvisinga
i tolloven § 12-1 fjerde ledd første punktum til § 12-1 tredje ledd
bokstav a, blei ikkje samtidig endra til § 12-1 tredje ledd. Departementet
foreslår at tilvisninga blir retta opp, og viser til forslag til
endring i tolloven § 12-1 fjerde ledd første punktum.
Ved lov 25. juni 2010 nr. 44 om endringar i
lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)
blei meiverdiavgiftsloven § 13-2 tredje ledd bokstav b oppheva.
Merverdiavgiftsloven § 13-2 tredje ledd bokstav a blei etter opphevinga
§ 13-2 tredje ledd. Tilvisinga i merverdiavgiftsloven § 13-2 fjerde
ledd første punktum til § 13-2 tredje ledd bokstav a blei ikkje
samtidig endra til § 13-2 tredje ledd. Departementet foreslår at
tilvisninga blir retta opp, og viser til forslag til endring av
merverdiavgiftsloven § 13-3 fjerde ledd første punktum.
Ved lov 10. desember 2010 nr. 71 blei det vedteke
ny § 18-3 i merverdiavgiftsloven om «Endring av merverdiavgift etter
krav fra avgiftssubjektet». Den trådde i kraft 1. januar 2011. Tidlegare
§ 18-3 i merverdiavgiftsloven om «Endring av merverdiavgift uten
klage» blei samtidig ny § 18-4. Merverdiavgiftsloven § 21-3 om tilleggsavgift
som i første ledd første punktum viser til § 18-3 første og andre
ledd, blei ikkje samtidig endra. Det var ikkje tilsikta og tilvisinga
i § 21-3 første ledd første punktum til § 18-3 første og andre ledd
må derfor endrast så den viser til § 18-4 første og andre ledd.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.