Innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2010 under Nærings- og handelsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 131 S (2010–2011)
  • Kjeldedokument: Prop. 24 S (2010–2011) kap. 2426, 5326 og 5613
  • Dato: 03.12.2010
  • Utgjevar: kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Samandrag

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2010.

Kap. 2426 SIVA SF

Post 90 Lån, overslagsløyving

Ved saldering av budsjettet for 2010 la ein til grunn at SIVA ville refinansiere eit lån som hadde forfall i september. På grunn av god likviditet fann SIVA at det ikkje var nødvendig å ta opp nytt lån.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 60 mill. kroner, frå 100 til 40 mill. kroner.

Kap. 5326 SIVA SF

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til SIVA frå statskassa. SIVA har innbetalt to lån på til saman 80 mill. kroner i 2010.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 40 mill. kroner, frå 40 til 80 mill. kroner.

Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

Som følgje av rentestrukturen på dei statspapira som låna til SIVA er knytt opp til, er det grunnlag for å auke renteinntektsløyvinga med 6,8 mill. kroner.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke inntektsløyvinga med 6,8 mill. kroner, frå 30,3 til 37,1 mill. kroner.

Merknader og tilråding frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki Holmås, frå Senterpartiet, Ola Borten Moe, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2010 blir det gjort følgjande endringar

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

2426

SIVA SF

90

Lån, overslagsløyving,blir redusert med

60 000 000

frå kr 100 000 000 til kr 40 000 000

Inntekter

5326

SIVA SF

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med

40 000 000

frå kr 40 000 000 til kr 80 000 000

5613

Renter frå SIVA SF

80

Renter, blir auka med

6 800 000

frå kr 30 300 000 til kr 37 100 000

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 3. desember 2010

Heikki Holmås

Åge Starheim

leiar

ordførar