Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande og Abid Q. Raja om trasévalg og teknologiske løsninger for kraftlinjen på strekningen Ørskog–Fardal

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Følgende forslag fremmes i representantforslaget:

«I

Stortinget ber regjeringen sørge for at Statnett på ny utreder ulike alternative trasévalg og teknologiske løsninger på de mest sårbare strekningene på Ørskog–Fardallinjen.

II

Stortinget ber regjeringen sørge for at et uavhengig utvalg vurderer alternativer til trasévalg og teknologiske løsninger på de mest sårbare strekningene på Ørskog–Fardallinjen.»

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Marianne Marthinsen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Laila Thorsen, fra Fremskrittspartiet, Oskar J. Grimstad, Henning Skumsvoll og Ketil Solvik-Olsen, fra Høyre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, fra Senterpartiet, lederen Erling Sande, og fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, viser til at Midt-Noreg er eit område med stort kraftunderskot, og at det dei næraste åra vil auke ytterligare grunna vidareutbygging av m.a. Ormen Lange-anlegget på Nyhavna i Aukra. Komiteen viser til at eige prisområde er eit av tiltaka ein har innført for å få naudsynt kontroll med totalforbruket i regionen under periodar med stort forbruk. Den manglande nettkapasiteten og dermed straumknappheit har ført til svært høge straumprisar delar av året.

Komiteen viser til at to gonger dei siste 12 åra har ein vore på grensa til rasjonering, og at større industrietableringar er umogleg å realisere grunna den anstrengde nettsituasjonen. Komiteen meiner difor det er maktpåliggande å raskast mogleg styrke innmatingskapasiteten mot Midt-Noreg.

Komiteen viser til at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vedtok i juni 2009 å gi Statnett konsesjon for bygging og drift av ein 420 kV kraftline mellom Ørskog og Sogndal. Vedtaket la til grunn at lina skulle byggast som luftline heile vegen.

Komiteen viser til at det er av stor betydning å få forsterket innmatingskapasiteten mot Midt-Norge. Midt-Norge er et område med underskudd på kraft, og vil i de nærmeste årene ha økende kraftunderskudd. Dagens overføringskapasitet inn mot regionen er ikke tilpasset det forbruket som Midt-Norge vil ha fremover. Samtidig er det behov for å få transportert ut ny fornybar energiproduksjon fra vind- og vannkraft både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I den sammenheng står kraftframføringen mellom Ørskog og Sogndal helt sentralt.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at Olje- og energidepartementet har bedt om en rekke utredninger og søknader vedrørende trasévalg, basert på innspill og klager i saken. I tillegg vil erfaringene fra de eksterne utvalgene som gjennomgår ulike sider ved kraftfremføringen Sima-Samnanger bli trukket med i beslutningsgrunnlaget i klagesaken om kraftfremføringen mellom Ørskog og Sogndal. Den gjennomgang som nå foretas, ligger innenfor rammene av den konsesjonsbehandling som Stortinget har bestemt ved lov og vil på en god måte gi den åpenhet og det innsyn i forvaltningen som forslagsstillerne etterspør.

Medlemene i komiteen frå Fram-stegs-partiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti peikar på at den planlagde kraftlinja også vil vere avgjerande for å utløyse ny fornybar kraftproduksjon i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Desse medlemene viser til at Statnett seier nei til all ny fornybar kraft på Nordvestlandet før Ørskog-Fardal er på plass på grunn av manglande nettkapasitet. Dette inneber at mange planlagde prosjekt som kan gje auka lokal verdiskaping og styrke forsyningssikkerheita er sett på vent. Det er småkraftverk som har det dominerande vekstpotensialet.

Desse medlemene peikar på at medan det i Trøndelag og mesteparten av Møre og Romsdal er eit betydeleg kraftunderskot, så er det eit stort kraftoverskot i Sogn og Fjordane, og potensial for enda meir kraftproduksjon. Desse medlemene peikar på at den kapasiteten som Ørskog–Fardal vil gje er nødvendig både for fornybar satsing og for å legge til rette for ny industrietablering på Nordvestlandet.

Desse medlemene viser til at den omtalte løysinga har vore omstridd og protestane har vore massive på deler av strekninga. Samstundes har det vore brei semje om at linja må på plass og det raskt. Mange er likevel framleis kritiske til deler av linjevalet og vil ha kraftlinja flytta, eller i kabel i område nær busetnad og over fjordkryssingar. Mest konflikt ligg det i området Hjørundfjorden og vidare nordover mot Sykkylven, samt fjordspennet over Storfjorden som er innløpsfjorden til verdsarvområdet i Geiranger.

Desse medlemene viser til at grunna motstand mot konsesjonsgitt løysing ba Olje- og energidepartementet Statnett i desember 2009 om to ekstrautgreiingar; ei om transformatorstasjon i Sykkylven kommune, og ei om sjøkabel frå Ørskog med ilandføring ved Store Standal. Statnett skriv i februar 2010 til Olje- og energidepartementet at båe alternativ er teknisk moglege, men Statnett «kan ikke se at det er vesentlige miljømessige fordeler med en kabelløsning som kan forsvare merkostnaden ved dette alternativet».

Desse medlemene viser til at strekningar med sjøkabel ikkje gir moglegheit til levering av straum frå lokale mini- og småkraftverk som mange ønskjer å bygge.

Desse medlemene viser vidare til at det i november 2010 kom ny melding frå Statnett:

«Statnett vil i løpet av de neste ukene sende en tilleggskonsesjonssøknad til NVE på Ørskog-Fardal prosjektet, etter anmodning fra Olje- og energidepartementet den 10.05.10 hvor Statnett ble bedt om å søke nytt hovedalternativ med transformering i Sykkylven og tilhørende sanering av eksisterende ledningsnett. Søknaden er et svar på OEDs anmodning av 10.05.10.

Statnett SF søker om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhåndstiltredelse for en ny 420/132 kV transformatorstasjon i Sykkylven kommune med tilhørende sanering aveksisterende 132 kV-ledning Ørskog – Sykkylven – Haugen, inkl sanering av dagens Sykkylven transformatorstasjon ved Haugset. Søknaden omfatter to alternative stasjonslokaliseringer, samt mindre justeringer av 420 kV traséen for inn- og utføring til transformatorstasjonen. Statnett SF søker i tillegg på vegne av Tussa Nett AS om omlegging av eksisterende 132 kV-ledning til Stranda og flytting av 132/22 kV transformeringen fra dagens Sykkylven transformatorstasjon ved Haugset til ny 420/132 kV transformatorstasjon i Sykkylven. I Ørskog transformatorstasjon søkes det på ytterligere en transformator T2, samt to nye 132 kV forbindelser mellom Statnetts anlegg på Ørskog og Tafjord Kraftnetts anlegg på Giskemo.»

Medlemene i komiteen frå Fram-stegs-partiet og Høgre peikar på at dette i langt sterkare grad enn tidlegare er ei løysing som vil foreine miljøomsyn, forsyningssikkerheit og økonomi.

Vidare viser medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti til at Olje- og energidepartementet 10. november 2010 ba Statnett utgreie og konsesjonssøke alternative luftledningstraseer i Bremanger og Naustdal, i tillegg til sjøkabel mellom Ørskog og Store Standal i Ørsta.

Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet og Høgre viser til at det kom sterke reaksjonar i media på denne løysinga og frå oppsitjarar i Standal, som gav uttrykk for at den vesle bygda vil bli nedbygd av dei tekniske anlegga knytt til kabling (muffehus).

Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti peikar på at det slik saka no står med konsesjonsbehandling og vidare utgreiingar på dei ulike alternativa, er det foreløpig uavklart kva løysing ein vel å legge seg på.

Desse medlemene peikar på at det er regjeringa sitt ansvar at det ikkje har blitt gjort meir for å sikre kraftsituasjonen i Midt-Noreg. Desse medlemene viser til at tidlegare statsråd Odd Roger Enoksen lova å legge fram ein handlingsplan for å hindre kraftkrise i Midt-Noreg i Stortinget i 2006. Denne lovnaden vart broten, og seinare olje- og energiministrar har heller ikkje følgt opp desse lovnadane. Desse medlemene viser til at Ørskog–Fardal ville vere ein viktig del av ein slik handlingsplan. Desse medlemene viser til at dette løftebrotet har ført til at ein har tapt nærare 4 år på å få på plass sikker forsyning i dette området.

Desse medlemene er kjend med at det har vore sterk motstand mot Ørskog–Fardal heilt frå det vart varsla oppstart i planarbeidet. Mange kommunar har kravd bruk av jord- og-eller sjøkabel på heile eller deler av strekninga i sine høyringsuttalar. Det har også vore krav om ei fullverdig utgreiing av eit sjøkabelalternativ med påkoplingspunkt på kysten, i tillegg til oppgradering av eksisterande nett.

Desse medlemene viser til at tidlegare statsråd Åslaug Haga lova ein gjennomgang av retningslinjene før bygging av kraftlinjer før Ørskog-Fardal og Sima-Samnanger skulle handsamast. Desse medlemene viser til at også denne lovnaden vart broten.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at partia har kravd nye politiske retningslinjer for bruk av jord- og sjøkabel ved bygging av nye overføringslinjer. Desse medlemene viser til at dette ville ført til større tillit til dei avgjerder ein kom fram til, og at det på det grunnlag også kunne ført til raskare utbygging av viktig infrastruktur som straumnettet er.

Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet og Høgre er kjend med at det framleis er stor usemje om traséval for luftlinja i Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre. Det er ein kamp mellom innbyggjarar og kommunar mange stadar som skapar konflikt mellom naboar.

Desse medlemene peikar på at det tidlegare ikkje har vore vilje frå regjeringa til å legge eit betre grunnlag for handsaming av denne kraftlinjesaka. Desse medlemene meiner derfor at det i etterkant kan vere behov for ein kritisk gjennomgang av handsaming av dei store kraftlinjeutbyggingane på Vestlandet.

Desse medlemene har merka seg at Statnett første gong søkte konsesjon for Ørskog–Fardal i februar 2007, og fikk denne godkjend av NVE i juni 2009. Likevel er det først no, etter at motstanden mot linja har vore kjend lenge, at statsråden har gjeve Statnett pålegg om å søkje konsesjon for sjøkabel på strekninga mellom Hjørundfjorden og Ørskog.

Desse medlemene peikar på at det dei siste åra har vore ei betydeleg utgreiing av traséval og teknologiske løysingar for strekninga Ørskog–Fardal. Desse medlemene peikar på at det haster med å komme i gang med bygginga av ny overføringskapasitet for å sikre kraftforsyninga til Midt-Noreg og utløyse potensialet for fornybar energiproduksjon på Nordvestlandet. Desse medlemene meiner at utover dei alternativa Olje- og energidepartementet påla Statnett om å utgreie og konsesjonssøke 10. november 2010, kan det vere behov for å vurdere ulike løysingar utover dette for lokale trasévalg nokre stader. Desse medlemene ser ikkje at det er behov for ytterlegare større utgreiingar. Intensjonane i framlegget er dessutan langt på veg imøtekomne ved dei nye utgreiingane som er sette i verk.

Forslag fra mindretall

Forslag fra Høyre og Kristelig Folkeparti:

Forslag 1

Dokument 8:4 S (2010–2011) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande og Abid Q. Raja om trasévalg og teknologiske løsninger for kraftlinjen på strekningen Ørskog–Fardal – bifalles ikke.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Dokument 8:4 S (2010–2011) – representantforslag fra stortingsrepresentantene Trine Skei Grande og Abid Q. Raja om trasévalg og teknologiske løsninger for kraftlinjen på strekningen Ørskog–Fardal – vedlegges protokollen.

Vedlegg

Brev fra Olje- og energidepartementet v/statsråden til miljø- og energikomiteen, datert 11. november 2010

Representantforslag 4 S (2010-2011) om trasévalg og teknologiske løsninger for kraftlinjen på strekningen Ørskog-Fardal

Jeg viser til brev av 18. oktober 2010 fra Stortingets energi- og miljøkomit vedrørende representantforslag 4 S (2010-2011) fra representantene Trine Skei Grande og Abid Q. Raja om trasévalg og teknologiske løsninger for kraftlinjen på strekningen Ørskog-Fardal.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) vedtok i juni 2009 å gi Statnett konsesjon for bygging og drift av en 420 kV kraftledning mellom Ørskog og Sogndal. Vedtaket innebærer at ledningen skal bygges som luftledning på hele strekningen. Vedtaket ble påklaget fra mange hold, og Olje- og energidepartementet fikk oversendt klagesaken fra NVE i oktober 2009. Samme måned ble det avholdt departementsbefaring og møter langs hele den påklagede traséen.

Den konsesjonsgitte kraftledningen er på om lag 280 km, og går gjennom 15 kommuner. Det er også gitt konsesjon til bygging av fire nye trafostasjoner, oppgradering av to eksisterende trafostasjoner og pålegg om sanering av 110 km 132 kV kraftledninger på strekningen. For flere delstrekninger har Statnett vurdert, utredet og omsøkt ulike traséalternativer. NVE har under sin behandling av konsesjonssaken bedt Statnett om flere tilleggsutredninger og tilleggssøknader, herunder om ulike kabellsninger.

Det er av stor betydning å få forsterket innmatingskapasiteten mot Midt-Norge. Midt-Norge er et område med underskudd på kraft, og vil i de nærmeste årene ha økende kraftunderskudd. Dagens overføringskapasitet inn mot regionen er ikke tilpasset det forbruket som Midt-Norge vil ha fremover. Samtidig er det behov for å få transportert ut ny fornybar energiproduksjon fra vind- og vannkraft både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I den sammenheng står kraftframføringen mellom Ørskog og Sogndal helt sentralt.

I desember 2009 ba departementet Statnett om å utrede og vurdere fordeler og ulemper ved en sjøkabel fra Ørskog med ilandføring ved Store Standal i Ørsta kommune. Samtidig ble Statnett bedt om å utrede en løsning med ny transformatorstasjon i Sykkylven og sanering av dagens 132 kV-ledning som er en forutsetning for å få benyttet eksisterende trasé for ny 420 kV luftledning. Olje- og energidepartementet mottok i februar i år Statnetts utredning av disse to alternativene for denne delstrekningen. Departementet ba Statnett om å omsøke saneringsalternativet, og søknad for dette alternativet ble nylig oversendt fra Statnett til NVE.

Regjeringen ønsker åpenhet under klagebehandlingen med dialog mellom Olje- og energidepartementet og de distriktene som berøres av tiltaket. Som ledd i den prosessen avholdt jeg rådslag i Førde i oktober der alle ordførerne og de to fylkesordførerne deltok, og ga uttrykk for sitt syn på kraftframføringen.

Etter å ha gått gjennom klager og andre innspill i saken har jeg funnet behov for ytterligere utredninger/søknader for alternative løsninger på enkelte strekninger for kraftledningen fra Ørskog til Sogndal. Jeg har nå bedt Statnett om omsøke sjø-/jordkabelalternativet mellom Ørskog og Store Standal i Ørsta kommune. Videre har jeg bedt Statnett om omsøke et tidligere utredet alternativ i Jølster, Naustdal og Flora kommuner. Jeg har dessuten bedt Statnett om utrede/omsøke ytterligere alternativer som i større grad enn konsesjonsgitt løsning unngår inngrep i Førdedalen i Bremanger kommune.

Dette vil sikre at de aktuelle alternativene kan vurderes på en fullverdig måte opp mot konsesjonsgitt trase når de endelige beslutninger skal tas.

Dagens system for behandling av kraftledninger bygger på en lovbestemt konsesjonsbehandling tillagt NVE og Olje- og energidepartementet med olje- og energiministeren som ansvarlig for landets kraftforsyningssikkerhet. Statnett er utpekt til å utøve systemansvaret i det norske kraftsystemet. Det innebærer at Statnett skal legge til rette for et effektivt kraftmarked, en tilfredsstillende leveringskvalitet i kraftsystemet, og dermed en rasjonell utnytting av kraftressursene for samfunnet som helhet. Statnett utarbeider også årlige nettutviklingsplaner for sentralnettet.

Eksterne utvalg gjennomgår nå ulike sider ved kraftframføringen Sima-Samnanger. Erfaringene fra utvalgenes rapporter vil bli trukket med i beslutningsgrunnlaget i klagesaken om kraftfremføringen mellom Ørskog og Sogndal. Den gjennomgang som foretas ligger innenfor rammene av den konsesjonsbehandling som Stortinget har bestemt ved lov. Jeg kan ikke se at det vil gagne kraftframføringen fra Ørskog til Sogndal nedsette et uavhengig utvalg som skal trekke de overordnede konklusjoner som forslagsstillerne går inn for. Den lovbestemte konsesjonsbehandlingen vil på en god måte gi den penhet og det innsyn i forvaltningen som forslagsstillerne etterspør. Et brudd med konsesjonsbehandlingssystemet kan jeg ikke se at det er grunnlag for i klagesaken for kraftledningen fra Ørskog til Sogndal.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 2. desember 2010

Erling Sande

Oskar J. Grimstad

leder

ordfører