Noreg har saman med Island, Sveits og Liechtenstein
forhandla fram ein avtale med EU som fastset vilkåra for retten
dei tilknytte statane har til deltaking i arbeidet med utfyllande
Schengen-regelverk. Med tilknytte statar meiner ein her dei statane
som deltek i Schengen-samarbeidet utan å vere medlemer i EU. Avtalen
skapar gjensidige rettar og plikter i forholdet mellom EU og kvar av
dei tilknytte statane.
Gjennomføring av avtalen krev løyvingsvedtak. Det
er difor nødvendig at Stortinget samtykkjer til inngåing av avtalen
med heimel i Grunnlova § 26, andre ledd.
Av tidsmessige grunnar vert det teke sikte på
at avtalen vert underteikna og godkjend etter at Stortinget har
gjeve sitt samtykke.
Hovudinnhaldet i den nye avtalen er at Noreg vert
sikra deltaking i noverande og framtidige komitologi-komitear under
Schengen-samarbeidet. Medlemsstatane er sikra innverknad på arbeidet
i Kommisjonen med utfyllande regelverk ved at komitear av nasjonale
ekspertar assisterer Kommisjonen når han utøver delegert styringsmakt.
Det er dette komitésystemet som går under namnet komitologi.
Noregs representantar får møte-, tale- og forslagsrett,
men ikkje røysterett. Det er berre EU-organa som har makt til å
gjere vedtak. Kommisjonen skal òg uformelt søkje råd frå norske
ekspertar på same måten som for ekspertar frå medlemsstatane. Når
Kommisjonen gjer bindande vedtak, skal han gje melding om dette
til Noreg, som på sjølvstendig grunnlag tek stilling til om innhaldet
i regelverket skal godtakast. Først når Noreg har gjeve melding
til Kommisjonen om slik godtaking, blir innhaldet i regelverket
bindande mellom Noreg på den eine sida og EU og medlemsstatane i
EU på den andre sida.
Det er lagt opp til at avtalen skal kunne tre
i kraft mellom Noreg og EU uavhengig av kva tid dei andre tilknytte
statane godkjenner han. Dersom avtalen seinare skulle opphøyre med
verknad for ein annan tilknytt stat, får det ingen konsekvensar
for Noregs avtale med EU.
Kostnaden ved deltaking i arbeidet med komitologi
skal fordelast mellom alle deltakarane etter den fordelingsnøkkelen
som er nedfelt i Schengen-avtalen. På det tidspunktet avtalen trer i
kraft, inneber dette ein årleg kostnad for Noreg på ca. euro 14 000,
som tilsvarar ca. NOK 120 000 ved ein kurs på 8,5. Referansebeløpet skal
justerast årleg basert på prisstiginga. Dersom seinare endringar
i arbeidsmengda gjer det nødvendig, skal dessutan referansebeløpet
justerast av partane ved avtale i form av brevveksling. Dersom avtalen
vert inngått, inneber dette altså ei binding av den årlege løyvingsmakta
ved at Noreg forpliktar seg til å innbetale slike årlege bidrag
så lenge avtalen står ved lag.
Det er etter departementets vurdering viktig
for Noreg å delta i arbeidet med komitologi for å sikre at norske
synspunkt og interesser vert varetekne i den kontinuerlege forvaltinga
og vidareutviklinga av Schengen-regelverket. Praksisen som har utvikla
seg til no, og som avtalen baserer seg på, har ikkje bydd på problem
for Noregs deltaking.
Justis- og politidepartementet tilrår at Noreg inngår
avtale mellom EU og Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits om deltakinga
til desse statane i arbeidet i komiteane som assisterer Europakommisjonen
under Schengen-regelverket. Utanriksdepartementet sluttar seg til
dette.