Norden som region har lange tradisjonar for
å samarbeide over nasjonale grenser. For Noreg er Norden, nabolanda
til Norden og nordområda eit naturleg utgangspunkt for viktige prioriteringar
i utanrikspolitikken vår. Det formelle nordiske samarbeidet har
roterande eittårige formannskap. Den danske formannskapen i 2010
sette grøn vekst på formannskapsprogrammet, som ein veg for dei
nordiske landa når dei skal møte utfordringane frå den økonomiske
krisa. Denne vekta på utvikling og fornying gjev det nordiske samarbeidet
ein ny dynamikk. Det same gjeld dei potensielle nye samarbeidsområda
som er omtalte i Thorvald Stoltenbergs rapport om utviklinga av
det nordiske samarbeidet.
Nordisk Ministerråd legg stor vekt på samarbeidet
med nabolanda til Norden. Det er òg utvikla eit nært samarbeid med
dei andre regionale råda, Arktisk råd, Barentsrådet og Austersjørådet.
Den nordlege dimensjonen er eit viktig forum for eit sterkare nordisk
samarbeid med Nordvest-Russland. Den islandske formannskapen i 2009
la òg vekt på å styrkje tilhøvet til Vest-Norden, og dette vert
følgt opp i arbeidet til ministerrådet.
Den norske delegasjonen til Nordisk Råd utarbeider
ein eigen rapport som eit separat dokument.
Nordisk globaliseringsforum vart under den danske
formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2010 halde i Snekkersten i
Danmark. Fokuset var på grøn vekst, som fell saman med fleire av
dei aktuelle globaliseringsinitiativa. Det var to hovudtema: «Norden
som lavenergisamfunn» med vekt på felles strategiar for å auke energieffektiviteten
og redusere energiforbruket, i tillegg til erfaringar med omstillinga
til grøn økonomi, og «Norden som teknologilaboratorium» med fokus
på samarbeid på forsking og innovasjon for å fremje utvikling av
ny grøn teknologi. Toppforskingsinitiativet (TFI, 2009–2013) innanfor klima,
energi og miljø er så langt det største felles forskingsinitiativet
i Nordisk Ministerråd, og det byggjer på felles nordiske prioriteringar og
finansiering. Det vert koordinert av Kunnskapsdepartementet.
Institusjonane i Nordisk Ministerråd på kultur- og
medieområdet skal òg bidra til å gjennomføre globaliseringsstrategien
til kulturministrane.
I Nordisk Ministerråd er det vedteke at alle
fagministerråd og embetskomitear skal ha grensehinder på dagsordenen
på alle møte, men fullstendig nedbygging av grensehinder er verken
realistisk eller ønskeleg, fordi dei nordiske landa har ulike lover
og regelverk på mange område.
Der det er nye reglar eller lovar, har samarbeidsministeren
og justisministeren i eit felles brev oppfordra departementa om
å gjere greie for rettstilstanden i dei nordiske landa på dei områda som
forslaga til nye reglar gjeld. I brevet vert det særleg framheva
at proposisjonar bør ha med ei vurdering av om forslaget kan tenkjast
å skape grensehinder i Norden.
I dei nordiske landa er eit av hovudmåla for
det nordiske kultur- og mediesamarbeidet å medverke til opne grenser
og mobilitet for kunstnarar og kulturprodukt/-verk.
Når det gjeld internasjonal transport på jernbane, er
det ingen større grensehinder mellom Noreg og Sverige.
Embetsmannskomiteen for arbeidsliv (EK-A) har
invitert embetsmannskomiteen for sosial og helse (EK-S) til eit
samarbeid for å gå gjennom grensehinder på trygdeområdet og eventuelt peike
på mogelege løysingar. Ettersom trygdeordningane og vilkåra for
å få ytingar er ulike frå land til land, vil det kunne ha vesentlege
konsekvensar å pendle eller flytte.
Rapporten vart lagd fram våren 2009 med 13 konkrete
forslag til potensielle tettare nordiske samarbeidstiltak dei neste
10–20 åra.
I året som har gått, har rapporten vorte grundig behandla.
I første omgang har dei nordiske regjeringane fokusert særleg på
samarbeid om trening og opplæring av personell innanfor sivil krisehandtering
(forslag 1) og på utvikling av samarbeidet mellom dei nordiske utanrikstenestene
(forslag10).
Andre forslag må sjåast i eit meir langsiktig
perspektiv. På militær side er det allereie eit klart etablert samarbeid
om opplæring og dei nordiske landa drøftar i tillegg andre mogelege
samarbeidsområde til støtte for den fredsoperative innsatsen i FN
og samarbeidd innanfor ramma av EU.
Dei nordiske utanriksministrane vedtok på møtet i
Reykjavik i juni 2009 at forslag 10 i Stoltenberg-rapporten om styrkt
samarbeid mellom utanrikstenestene skulle følgjast opp med det same,
og dei nordiske utanriksministrane gav våren 2010 hovudstadane i
oppdrag særleg å vidareutvikle den administrative og konsulære dimensjonen.
Stoltenberg foreslo i rapporten sin at det vert etablert
eit nordisk havovervakingssystem og å etablere eit nordisk satellittsystem
i polarbane. Vidare har Noreg teke eit initiativ overfor dei andre
nordiske landa for eit styrkt samarbeid om straffeforfølging av
krigsforbrytarar.
Dei tryggingspolitiske forslaga i Stoltenberg-rapporten
vert følgde opp av den nye nordiske forsvarspolitiske samarbeidsstruktur
kalla Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO), som vart etablert av
forsvarsministrane i november 2009. Denne strukturen spenner over
heile breidda av det nordiske forsvarssamarbeidet. Eit av forslaga
i Stoltenberg-rapporten er at Norden bør ta eit ansvar for luftovervakinga
og luftpatruljeringa over Island. Sverige og Finland vil i løpet
av 2010 knyte seg opp til NATO-systemet for utveksling av luftbilete.
Dette gjev ytterlegare gevinstar for nordisk luftoperativt samarbeid.
Frå norsk side legg vi stor vekt på styrkt samarbeid
og dialog mellom Nordisk Ministerråd og Nordvest-Russland. Russlandssamarbeidet
er tett knytt opp til EU-politikken og støttar opp om Den nordlege
dimensjonen, der ministerrådet er partnar.
Dei nordiske landa støttar ei demokratisk utvikling
i Kviterussland. Det vart òg vedteke å etablere det nordisk-baltiske
mobilitetsprogrammet av Nordisk Ministerråd og regjeringane i Estland,
Latvia og Litauen 20. januar 2009 innanfor områda offentleg administrasjon, næringsverksemd
og kultur. Målsetjinga er å styrkje det politiske samarbeidet mellom
dei åtte landa og bidra til å fremje utvikling av ein konkurransedyktig
Austersjøregion innanfor desse tre sektorane.
Noreg har teke initiativ gjennom Nasjonal transportplan
2010–2019 til å utarbeide ei utgreiing av transportsystemet i nordområda,
som skal omfatte dei fire landa. Ein tek sikte på å setje i gang
utgreiinga i 2010.
Nordisk Atlantsamarbeidet (NORA) hadde i 2009
spesielt fokus på klimaendringane og verknadene dette vil ha for
den havbaserte økonomien i samarbeidslanda. Utviklinga av samarbeidet
med dei vestlege naboane til Norden er inne i ei positiv utvikling.
Noreg har vore medlem av Austersjørådet sidan etableringa
i 1992 og deltek aktivt i dei forskjellige aktivitetane rådet har.
I tråd med ein avtalt rotasjon mellom medlemslanda har Noreg overtatt
formannskapen i Austersjørådet for eitt år frå 1. juli 2010. Det
vil innebere at utanriksministeren blir formann for rådet i perioden,
og Noreg skal leie ei eiga embetsgruppe som fungerer som styre.
Noreg overtok formannskapen etter Litauen, og Tyskland følgjer etter
Noreg 1. juli 2011.
Det vil vere eit prioritert område for den norske formannskapen
å bidra til å gjere Austersjørådet meir operativt og resultatorientert.
Eit anna vil vere maritim politikk og menneskehandel. Noreg vil
under sin formannskap leggje vekt på at Austersjørådet deltek i
utviklinga av nye metodar for å identifisere ofre for ulovleg utnytting av
arbeidskraft; samarbeidet på justisområdet må betras, og det må
utviklas godt og utvida samarbeid mellom politi og offentlege arbeidskraftinstansar
for å stoppe denne negative utviklinga. Noreg vil i formannskapsperioden leie
arbeidsgruppa for kamp mot menneskehandel. I tillegg til å ha særleg
fokus på desse tre områda vil den norske formannskapen leggje til grunn
dei fem prioriterte felta Austersjørådet sjølv har vedteke: miljø,
energi, økonomisk utvikling, utdanning og kultur og sivil tryggleik.
Utviklinga av Barentssamarbeidet har heilt sidan starten
i 1993 hatt to sentrale målsetjingar. Den første er å bidra til
at Russland speler ei sterkare rolle i det europeiske samarbeidet,
m.a. ved å utvikle og konsolidere dei breie samarbeidsstrukturane
mellom dei nordiske landa og Russland innanfor Barentssamarbeidet.
Den andre sentrale målsetjinga er knytt til ønsket om å fremje berekraftig
utvikling i Barentsregionen.
Arktisk råd er blitt eit viktig politisk samarbeidsorgan
dei siste åra. Dette skuldast dels ein ambisiøs og aktiv norsk formannskap,
men i første rekkje skuldast utviklinga auka fokus på Arktis som
følgje av klimaendringane. På ministermøtet vart det mellom anna
vedteke at Arktisk råd framover skal møtast på politisk nivå ein gong
i året. Det første møtet var i København i år.
Klimaendring er eit hovudtema for arbeidet i Arktisk
råd. Eit anna hovudfokus for arbeidet i rådet er konsekvensane det
får for miljø og urfolk at hav-isen trekkjer seg tilbake, men òg
dei perspektiva dette opnar for auka menneskeleg aktivitet. Den
største utfordringa i Arktis for rådsmedlemene er å finne balansen
mellom vern og bruk av områda som kan bli liggjande opne når havisen
har trekt seg tilbake. Arktisk råd samarbeider om m.a. to omfattande
status-/konsekvensanalysar av olje-/gassverksemd og skipsfart i
Arktis, retningslinjer for petroleumsverksemd offshore, samarbeid
om søk og redning, oljevern, miljøvern og retningslinjer for heilskapleg
ressursforvaltning.
Det har vore eit aktivt år for det nordiske
utanrikspolitiske samarbeidet òg i 2010. Stoltenberg-rapporten,
som vart lagt fram i fjor, har medverka til å løfte Norden opp på
den felles utanriks- og tryggingspolitiske dagsordenen og retta merksemda
mot nærområda våre.
Det konkrete nordiske forsvarssamarbeidet har vorte
ytterlegare styrkt det siste året. Noreg har i 2010 formannskapen
for dette samarbeidet, som frå november 2009 finn stad innanfor
ein nyetablert samarbeidsstruktur (Nordic Defence Cooperation –
NORDEFCO). Eit overordna føremål med samarbeidet er å finne fram
til løysingar som kan bidra til å redusere dei militære utgiftene
i alle dei nordiske landa innan område for operasjonar og materiellsamarbeid.
Vidare er førebuingane med å utveksle luftovervakingsdata mellom
Noreg, Sverige og Finland godt i gang. Gjennom å knytte Finland
og Sverige til luftovervakingssystemet i NATO vil ein leggje grunnlaget
for eit utvida luft-operativt samarbeid.
Nordisk kulturfond skal fremje samarbeid mellom
dei nordiske landa ved å gje støtte til samarbeidsprosjekta innanfor
kunst og kultur. Prioriterte område er mellom anna prosjekt for barn
og unge, prosjekt som fremjar den nordiske språkforståinga, og prosjekt
som fremjar nye uttrykksmåtar og formidlingsformer.
Innanfor utdanning og forsking skjer det ei
kontinuerleg vidareutvikling av det nordiske samarbeidet, og innanfor
barnehagar, skule, høgare utdanning, vaksenopplæring og forsking
er samarbeidet basert på ei rekkje studiar og utgreiingar som grunnlag
for initiativ og tiltak som famnar vidt.
Det nordiske miljøsamarbeidet er omfattande
og finn stad på alle nivå frå miljøvernministrane til reine ekspertgrupper.
Rammene for miljøsamarbeidet følgjer av det nordiske miljøhandlingsprogrammet
for 2009–2012. Hovudfokuset er sett på klima og luftforureining,
biologisk mangfald, kjemikaliar, avfall og hav og kystsoner. Miljøsektoren
har òg ein eigen arktisk strategi for klima og miljøgifter som vert
følgd aktivt opp. I tillegg er samarbeidet styrt av politiske initiativ
og aktuelle spørsmål som til kvar tid står på den internasjonale
dagsordenen.
Under den islandske formannskapen i 2009 vart innsatsen
i det næringspolitiske samarbeidet retta mot innovasjon, konkurranseevne
og konsekvensane klimaendringane får for næringslivet. Ramma om
det regionalpolitiske arbeidet er det nordiske regionalpolitiske
samarbeidsprogrammet (2009–2013) som vart godkjent av dei nordiske
statsrådane for nærings-, energi- og regionalpolitikk i 2008. Visjonen
er at Norden skal vere leiande i utviklinga av ein ny og meir kraftfull
regionalpolitikk.
Det nordiske energisamarbeidet har dei siste
åra bygd på handlingsplanen for det nordiske energisamarbeidet 2006–2009.
Det har vore fokus på nordisk elektrisitetsmarknad, fornybar energi, energieffektivitet,
energi i område med spreidd busetjing og norden i eit globalt perspektiv. Auka
satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av
den energipolitiske responsen på klimautfordringa.
Embetskomiteen for fisk (EK Fisk) har med bistand
frå arbeidsgruppa for fisk (AG-Fisk) ansvaret for fiskeri- og havbruksspørsmål
innanfor NMR. Innsatsen er strategisk retta mot område av høg politisk
nordisk relevans og mot å utvikle samarbeid med viktige atlantiske
og internasjonale partnarar (særlig FAO).
Globaliseringsinitiativet ligg til grunn for
handlingsprogrammet for ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel
og skogbruk saman med strategien til Nordisk Ministerråd for berekraft.
Dei årlege formannskapsprogramma skal vere med på å oppdatere handlingsprogrammet slik
at tidsaktuelle oppgåver blir prioriterte til kvar tid.
Dei nordiske landbruksministrane sette hausten 2009
fokus på den globale mattryggleiken. Behovet for ein auke i matproduksjonen
på 70 prosent fram til 2050 vart klargjort saman med utfordringar
knytte til forventa klimaendringar og behovet for å bevare genressursar
og utvikle godt tilpassa plantemateriale til endra vekstvilkår.
Frølageret på Svalbard er eit sentralt og viktig bidrag
til å sikre det biologiske mangfaldet i landbruket. Frøkvelvet inneheld
no 526 000 ulike frøprøvar (mai 2010) frå mange land, som er deponerte
for sikker langtidslagring i frøkvelvet.
Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid
om helseberedskap. Det samarbeidas om førebyggjande tiltak, varsling,
gjennomføring av redningsarbeid, etikk, rapportering, evaluering, kommunikasjon
og informasjonsutveksling. Frå norsk side ser vi på dette som eit
svært viktig samarbeidsområde. Norske helsestyresmakter går for
tida gjennom erfaringane med handteringa av pandemien (H1N1). Dette
vert m.a. gjort gjennom eit samarbeid med dei andre nordiske landa.
Det nordiske lovsamarbeidet har på grunnlag
av Helsingforsavtalen frå 1962 til mål å skape mest mogeleg einsarta
lovgjeving i dei nordiske landa. Samarbeidet blir drive fram gjennom
kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om
lovgjevingsarbeid og å tilpasse og revidere lovgjevinga med sikte
på størst mogeleg samanfall. Under Sveriges formannskap i Nordisk
Ministerråd var ei av prioriteringane å fremje nordisk rettslikskap
i samband med gjennomføringa av fellesskapsrettsakter, mellom anna
rettsakter omfatta av EØS-avtalen, i nasjonal rett.
Det nordiske politisamarbeidet er under utvikling
og vert til ein viss grad påverka av prosessar og initiativ i EU
og er i aukande grad prega av at dei baltiske landa og andre land
som grenser til Austersjøen, vert trekte med i det tette operative
samarbeidet som er etablert mellom dei nordiske landa.
Noreg har sidan juni 2009 hatt formannskapen
i det nordiske redningstenestesamarbeidet NORD-RED. NORDRED byggjer
på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg
frå 1989 om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller
avgrense skader på menneske, eigedom eller miljøet ved ulukker.
Noreg vil i formannskapsperioden sin følgje opp avgjerda frå ministermøtet
i april 2009 om at det skal vurderast alternativ for vidareutvikling
av NORDRED-arbeidet, mellom anna spørsmålet om dette arbeidet kan
utvidast til å omfatte samfunnstryggleik og beredskap i vidare forstand.
Regjeringane og sametinga vil vidareføre arbeidet
med sikte på å etablere ein nordisk samekonvensjon. Arbeidet vert
organisert gjennom det nordiske samarbeidet om samiske saker. Drøftingane
om organiseringa av eit eventuelt forhandlingsopplegg er framleis
i gang. Konvensjonsutkastet er utarbeidd av ei nordisk ekspertgruppe
på bakgrunn av dei internasjonale instrumenta dei tre landa er bundne
av, og tek utgangspunkt i at samane er urfolk i Finland, Sverige
og Noreg.
Statsministrane har det overordna ansvar for
det nordiske regjeringssamarbeidet og har regelmessige møter. Under
Nordisk Råds sesjon har statsministrane også møter med Nordisk Råds presidium
og med representantar for de sjølvstyrte områda.
Samarbeidsministrane møtes fire gonger årlig
i 2009 under det danske formannskapet. Fornyings- og administrasjons-
og kyrkjeminister Rigmor Aaserud har vært nordisk samarbeidsminister
sidan oktober 2009.
Samarbeidsministrane koordinerer det nordiske regjeringssamarbeidet.
Et viktig ansvarsområde er ministerrådsbudsjettet og økonomistyring. Nordisk
ministerråds budsjett for 2010 er fastsett til 899 mill. danske
kroner. Den norske andelen av budsjettet i 2009 er 28,1 pst., og
vert bevilga over Utanriksdepartementets budsjett.